Hopp til innhold

Spelte sine to einaste konsertar i sommar på Moldejazz

MOLDE (NRK): Koronanedstenginga gjorde at Ane Brun måtte finne norske musikarar då ho vart booka til jazzfestivalen.

Ane Brun og Marte Eberson under Moldejazz 2020

Ane Brun og Marte Eberson under lydprøve på Moldejazz 2020.

Foto: Torstein Vegheim / NRK

– Eg synest det er fint å kunne komme på 60-årsjubileet, som ikkje eigentleg skulle skje. Det er kjempefint at det vart noko av, og eg synest det er godt at me fekk oppleve festivalen akkurat i år, sa Ane Brun under Moldejazz.

Då ho spelte sine to einaste konsertar i sommar, så skjedde det i heimtraktene, på nettopp Moldejazz. Konsertane vart den strøyma på nett, og ifølge festivalleiinga var det stor interesse for konserten til Ane Brun både i inn- og utland.

Det er kanskje ikkje så rart, for etter at Ane Brun si coverlåt vart brukt i suksess-serien Normal people har «Make You Feel My Love», som er skrive av Bob Dylan, fått over 12 millionar avspelingar på Spotify.

– Eg merkar eg har fått veldig mange nye lyttarar i verda, og det har vore spesielt morosamt fordi eg leste boka i vinter, og likte den veldig godt. To veker etterpå vart eg kontakta og dei ville bruke låten. Eg sa «Je! Eg skal få vere med!», så det var kult, seier Ane Brun.

– Frå «moldensar» til engelsk

Ane Brun spelte ikkje coverlåta frå Normal people på Moldejazz, men tenkte likevel på å tilpasse seg eit internasjonalt publikum.

– Eg har tenkt at eg må kanskje gjere den andre konserten på engelsk, fordi eg veit det er ein del folk i verda som skal sjå det. Det kan vere eg må svitsje frå moldensar til engelsk, i kveld, sa ho før konserten.

Ane Brun under lydprøve på Moldejazz 2020

Ane Brun under lydprøve på Moldejazz 2020.

Foto: Torstein Vegheim / NRK

Når det gjeld koronatida, så meiner Ane Brun at ho har vore heldig. Denne våren hadde ho ei heilt ferdig plate, og planen var at ho uansett berre skulle sleppe musikk, og ikkje spele så mykje.

– Våren har gått bra, men det er hausten som heng i ein tynn tråd. Då har eg ein europa-turné med 40 konsertar som me får sjå kva som skjer med, seier Ane Brun.

Måtte finne norske musikarar

Denne våren har Ane Brun vore i Noreg, og ikkje i Sverige, der ho har budd i over 20 år. Konserten i Molde gjorde ho som ein duo, saman med Marte Eberson på piano.

Samarbeidet med Eberson skjedde etter Brun fekk førespurnad om å spele på Moldejazz.

– Eg var i Noreg og hadde ikkje tilgang til mine svenske musikarar som eg brukar å spele med. Det var heller ikkje aktuelt å ta dei over til Noreg, på grunn av karantene og slikt, så då måtte eg finne nokon i Noreg, seier Brun.

Ho spurte ein norsk trommeslagar om tips til musikarar, og då fekk Brun tips om Marte Eberson.

– Eg gjorde litt research, så spurte eg ho, så møttest me. Og då har alt føltest veldig bra, seier Ane Brun.

– Ho er ein fantastisk musikar. Det er fint å spele med ho, seier ho.

Sjå Ane Brun spele «Don't run and hide» saman med Marte Eberson frå Moldejazz.

Fra konsert på Molde Jazzfestival 2020.

Få også med deg heile konserten med Ane Brun i NRK TV.

Ane Brun framførte i 2016 «Sonnet 138» i samband med 400-årsmarkeringa av Shakespeares død. Videoen er filma i Vigelandsparken.

I forbindelse med 400-årsmarkeringen av Shakespeares død har BBC i samarbeid med Eurovisjonen tatt initiativet til å invitere kjenter artister i europeiske land til å lage nye sanger og videoer til tekster av Shakespeare. NRK inviterte Ane Brun til å lage Norges bidrag og videoen er filmet i Vigelandsparken.

Kulturstrøm

  • «NCIS»-skuespiller David McCallum er død

    Skuespiller David McCallum, best kjent fra TV-seriene «NCIS» og «The Man From U.N.C.L.E.», er død. Han ble 90 år gammel.

    McCallum døde i New York mandag av naturlige årsaker. Han hadde familien ved sin side, skriver CBS i en uttalelse.

    – David var en begavet skuespiller og forfatter, og var verdsatt av mange verden rundt. Han levde et utrolig liv, og ettermælet hans vil leve for alltid gjennom familien og de utallige timene med film og TV som aldri blir borte, heter det i uttalelsen. (NTB)

Flere kulturnyheter