Hopp til innhold

Ane Brun: Avlyser i Paris

Ane Brun frå Molde har avlyst ein konsert som skulle vore i Paris i morgon. Bakgrunnen er terrorangrepa i byen.

Ane Brun på Norwegian Wood

Ane Brun ventar til 2016 med å halde konsert i Paris.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Det er rbnett som viser til Facebook-sida til Ane Brun, der ho seier seg lei for avlysinga.

Ane Brun

I respekt og etter oppmoding blir konserten i morgon avlyst.

Foto: Nora Brønseth / NRK

Ho utset likevel showet, og viser til at lokale styresmakter tilrår at offentlege arrangement før neste torsdag blir utsette eller avlyste. På grunn av dei tragiske hendingane, og av respekt for ein nasjon i sorg har ho følgt denne oppmodinga.

Men komponisten, låtskrivaren og songaren har planar om å vende tilbake til Paris neste år, og halde konsert då. No blir det med konsertar i tre andre franske byar.