Hopp til innhold

Sju oppskrifter med ramsløk

Han veks vilt i lauvskog, og er blant dei første vekstane vi kan hauste frå naturen om våren. Ramsløk set ein ekstra spiss på mange rettar. Her får du sju ulike oppskrifter med ramsløk.

Ramsløk

Ramsløkblada må vaskast godt før du bruker dei i matlaging.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

1. Kryddersmør

Der du elles ville brukt kvitløksmør er ramsløksmør perfekt.

2. Eggerøre

Plar du ha grasløk i eggerøra? Då er det lett å skjønne at ramsløk passar like godt.

3. Pesto

Vanleg pesto blir laga med basilikum og kvitløk. Med ramsløk har du dei grøne blada og kvitløksmaken i same plante.

4. Suppe

Blomkålsuppe med vårleg grønfarge og smak. Her får du òg oppskrifta på ramsløkolje som eit ekstra tips.

5. Sommarrullar

Mjuke vårrullar kallast sommarrullar. Her blir ramsløk brukt saman med kongekrabbe eller reker.

6. Ramsløk, brennesle og spinat

I oppskrifta med steikt makrell gir ramsløken ekstra smak til potetene, medan brennesle og spinat blir køyrde til ein puré med solsikkefrø og olje.

7. Pølser

Ramsløk i pølsene gir ein ekstra smak. Dessutan er ramsløksalt ein del av denne oppskrifta.