Slik gjør du
Lammepølser
Grovhakk ramsløken. Del opp kjøtet i passe store betar til kverna. Tilset ramsløksalt og pepar og bland alt godt saman med hendene.
Køyr blandinga i ei kjøtkvern. Kjøtet skal malast litt grovt. Monter pølsehornet på kjøkenmaskinen og tre tarmen innpå. Pass på å knyte ein knute i enden av tarmen. Fyll kjøtblandinga i tarmen til ei lang pølse. Bruk hyssing og lag knutar for å få fleire mindre pølser. Du kan sjå korleis du gjer det i videoen lengre nede på sida.
Steik lammepølsene i smør til dei er gjennomsteikte og server med ein god potetpuré eller rotmos, grønkål og litt tyttebærsyltetøy.
Ramsløksalt
Vask og tørk ramsløken. Grovhakk og køyr saman med saltet i ein hurtigmiksar til ein fin masse.
Smør massen utover eit steikebrett. Tørk saltet i omnen på 65 – 70 grader i ca. 12 timar. Rør litt i saltet av og til.
Tips
Ramsløk har sesong frå mars til juni. Han veks i fuktige skogar heilt nord til Trondheim og litt flekkvis lengre nord. Om du ikkje finn ramsløk, kan du i staden bruke seierslauk som smaker nesten heilt likt og er like godt.
Slik lager du pølsene.