Hopp til innhold

Lekker snadder med jule­restane

Julemiddagen er over. Kjøleskapet er stappa med herleg restemat. Men for mykje av det gode kan gjere deg nesten lamma. Sjå og lêr korleis du kan lage frukost, lunsj og ny herleg festmat med restane.

Julekjøtt i tacolefser, i gryterett og i salat. Lekker og fargerik julemat av restene etter julemiddagen.

Du kan lage så uendeleg mykje godt. Vi byr på våre favorittoppskrifter med julerestar.

Legg det møre kjøttet i tacolefser. Ha på restane frå julemiddagen – eller dressingar, salat og anna godt.

Lag ein fargerik og frekk salat av ribbekjøttet. Saman med dressing, chili, sesamfrø grønsakene du har til overs, får du denne.

Eller ein snadder sandwich.

Denne bør du verkeleg sjekke ut. Klementinsalsa, ribbetaco og potetlomper. Jada.

Ein tostada er i prinsippet ein fritert tortilla. Dette er julerestar i heilt ny drakt.

Med kvit pizzasaus av crème fraîche trivst pinnekjøttet godt på pizzaen.

Denne er kanskje den enklaste og beste. Bruk kjøttrestane i denne gryteretten.

For deg som har kalkun. Lunsj i ein fei – kalkunrestar og kål. Nydeleg julewok.

Prøvd kålrabivaffel før? Nei, tenkte det. Coleslawen her er også ganske frekk.

Pinnekjøttpostei à la Kjartan Skjelde. Herleg som tilbehøyr til julefrukosten eller som pålegg i heile romjula.

Vi har massevis av gode retter som både nedkjempar matsvinn og lagar ny matfest av restane.