Hopp til innhold

– Potetene er jo der for å smake godt, ikkje for at du skal sette dei på peishylla

30.000 tonn med norske poteter når aldri butikkhyllene fordi dei er for «stygge». Samtidig opnar no styresmaktene for import.

Merkelig potet

RAR ELLER GOD? Denne poteta er eit døme på eit potet som normalt ikkje ville blitt seld i ein matbutikk.

Foto: Frida Iren Meyer

Nærare 10 prosent av alle matpoteter som blir dyrka i Noreg kvart år går til svinn eller forsvinn frå auga på forbrukarane. Det kjem fram i rapport frå Landbruksdirektoratet.

Poteter som ikkje har rett mål og utsjånad kan fort hamne på ei spritflaske, bokstaveleg talt.

– Dei blir sortert ut fordi dei har litt feil form eller feil storleik. Det tykkjer eg er litt for enkelt. Det er veldig mange som ikkje bryr seg om poteta skal vere akkurat så og så mange millimeter stor.

Illustrasjonsbilder fra Oslo

POTETKRISE? Det er skralt med norske poteter i butikkane i Noreg for tida. Årsaka er blant anna ekstremvêret «Hans» som særleg råka Innlandet hardt i fjor.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Nær tomt for poteter

Det seier Ingrid Kleiva Møller i organisasjonen Fremtiden i våre hender. Dei siste åra har ho jobba mykje med matsvinn – og ho likar ikkje det ho ser.

– Potetene er jo der trass alt for å smake godt, ikkje for at du skal setje dei på peishylla, kjem det frå mateksperten.

Det er for tida svært få norske poteter å finne i butikkhyllene. Landbruksdirektoratet kjem difor til å fjerne tollen på importerte poteter.

Ingrid Kleiva Møller har rød genser og rødbrunt hår. Hun står foran en elv med et blomstrende tre i forgrunn.

Ingrid Møller Kleiva er fagansvarleg for mat i Fremtiden i våre hender.

Foto: Knut Neerland

Men Fremtiden i våre hender meiner at vi kunne klart oss mykje lenger med norske poteter om berre matkjedene tok inn også dei knollane som ikkje såg heilt perfekte ut.

– Eg meiner at daglegvarekjedene må senke krava til korleis grønsaker skal sjå ut. Det er ikkje noko poeng i at dei skal sjå heilt identiske ut, meiner Møller.

Påverka av vêret

NRK har spurt dei tre matvaregigantane Rema, Norgesgruppen og Coop om kva dei tenker om dette.

Førebels er det berre Coop som har svart. Knut Lutnæs er seniorrådgjevar i Coop Noreg og forsikrar at dei berre importerer poteter om dei må.

Knut Lutnæs Coop Norge

Knut Lutnæs jobbar i Coop Noreg.

Foto: Espen Solli

– Fjorårets potetavling blei kraftig påverka av stormen «Hans» og gjorde både at volumet blei mindre enn vanleg og lagringskvaliteten blei dårlegare, seier Lutnæs.

– Kva meiner de i Coop vil vere den beste løysinga for å unngå «potet-svinn»?

– Kvalitetsarbeid i alle ledd er avgjerande. I tillegg tilbyr vi småløk, små og store gulrøter og anna under lavprismerket Xtra.

Han seier også at dei tilbyr norske småpoteter som eit alternativ til importerte variantar.

Vil ha matkastelov

Ingrid Kleiva Møller i Fremtiden i våre hender meiner bestemt at butikkane må sleppe til både krokete gulrøter og poteter som ikkje er heilt på mål.

– Så meiner vi at vi treng ei effektiv matkastelov faktisk forpliktar matbransjen til å endre reglane. Slik kan det bli mindre av denne typen matsvinn, seier ho.

Les også Potetfestival - åtte heilt ulike retter med potet

«Blank» potetsalat

AKTUELT NÅ