Hopp til innhold

Uroa for spreiinga av atomvåpen

– Hiroshima bleiknar i samanlikning med kva atomvåpen kan utrette i dag. Det å ha atomvåpen er som å setje eit våpen mot ditt eige hovud. Det seier den britiske skodespelaren David Oyelowo, som er vert for fredspriskonserten måndag kveld.

David Oyelowo om å bruke de kanalane han har for å påvirke

Med den amerikanske soulsongaren John Legend i spissen, blir årets fredsprisvinnar, ICAN, heidra med ein konsert på Telenor arena. Legend spelte også på Nobelpriskonserten i 2006, då Muhammad Yunus og Grameen Bank fekk fredsprisen. I kveld skal Legend spele på eit piano som overlevde atombomba i Hiroshima.

– Det er ei ære å få spele på dette pianoet. Det har ei spesiell historie som det blir spesielt å få spele på.

Han seier at når han spelar i kveld, gjer han det til ære både dei som mista livet og dei som overlevde i bombeangrepet for over 70 år sidan.

Uroa over atomvåpen

På spørsmål om kva han synest om Martin Luther King jr. karatkeristikk av atomvåpen som både folkemordsvåpen og sjølvmordsvåpen, sa Legend at han syntes det var ei god beskriving.

– Atomvåpen kan utslette store mengder mennesker og byar i eit sveip. Og det at det er i hendene til både USA, våre allierte og motstandarar gjer det farleg for oss alle.

Kveldens vert er den britiske skodespelaren David Oyelowo, som spelte Martin Luther King jr. i filmen «Selma». John Legend laga filmmusikk til denne filmen, og vann også Oscar for beste originalsong. Oyelowo meiner det er viktig å bruke dei kanalane han har for å ta opp tema som han er oppteken av, som speiinga av atomvåpen.

– Når det gjeld atomvåpen, så er dei verre enn for 70 år sidan. Hiroshima bleiknar i samanlikning med kva dei kan utrette i dag. I dag kan det å ha atomvåpen samanliknast med å ha eit våpen mot ditt eige hovud. Dei er ikkje målretta, men rammar uskuldige.

Påverka av å bli far

John Legend og kona Chrissy Teigen blei foreldre i fjor, og annonserte nyleg at dei ventar sitt andre barn. Legend, som er kjent for å engasjere seg politisk, seier det å bli far har gjort han meir ettertenksom.

– Etter at eg blei far, har eg tenkt meir på dei utfordringane foreldre har, og dei ressursane foreldre har til å gjere trygge. Det er store skilnader på kva eg kan gi mine barn, og kva mange andre foreldre kan gi sine barn. Det gjer at eg har fått eit nytt perspektiv på engasjementet mitt. Eg tenker meir på korleis styresmakter og organsiasjonar kan kome saman for å gjere livet til barn betre.

John Legend om hva det å bli far har gjort med engasjementet

Viktig å vere eit forbilde

Svenske Zara Larsson fekk spørsmål om ho syntes det var vanskeleg å vere eit forbilde og ein som har innverknad på unge.

– Eg synest ikkje det er tyngande. Vi har så mange plattformar å få uttrykke oss. Sidan det er mange unge som følger meg på sosiale medium, er det enkelt for meg å dele mine meiningar.

Ho spelte også under fredspriskonserten for fem år sidan. Ho er glad for å vere tilbake.

– Det er stort å vere tilbake. Det er stort for meg å få stå på denne scenen. Forrige gang var det ein av mine første store opptredenar. Denne gongen er eg ikkje så nervøs, og eg gler meg til å spele. Vi skal lage show.

Meiner ICAN er ein verdig vinnar

Norske Sigrid skal også spele på konserten måndag kveld. Ho er glad for å få delta, spesielt sidan det er ICAN som er prismottakar.

– Å ha atomvåpen av tryggheitsgrunnar, er ein illusjon. Det er ingen logisk grunn til å ha dei. Eg håper difor fleire vil skrive under ein avtale slik at vi får slutt på dette.

Ho får støtte frå verten David Oyelowo, som er glad for at det er ein organsiasjon som blir leia av kvinner som får prisen i år.

– Vi fekk ei omvisning på Nobelinstituttet, og det er mange menn som ser ned på oss frå veggane her. Men det er fanstastisk at prisen i år går til ein organisasjon som blir leia av ei kvinne. Det har vore eit frustreande, oppmuntrande, inspirerande og ubehageleg år for kvinneleg makt. Men det å avslutte året med ein slik pris, kjennest heilt rett.

Konserten blir sendt direkte på NRK og Youtube frå klokka 19:45 måndag kveld. Konserten skal seinare sendast i opptak i fleire land.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober