Hopp til innhold

Fredsprisen til fattig-bank

Nobels fredspris for 2006 går til professor Muhammad Yunus fra Bangladesh og hans Grameen bank.

Mohammad Yunus
Foto: STR / AFP

- Eg kan ikkje tru det. Eg er veldig glad og takksam, seier en svært overraska fredsprisvinner Muhammad Yunus frå Bangladesh til NRK.

Kvinner over heile verda har hatt glede av ideen til professor Muhammad Yunus - også her i Norge.

"Dei fattiges bankmann" er han kalla. Det heile starta i hans eige hjemland Bangladesh for over tretti år siden.

Enkel idé

Bankmannen Muhammed Yunus byrja i 1974 som eit eksperiment gi smålån til dei mest fattige i Bangladesh, til alle dei kundane som dei store bankane ikkje ville ha.

Tankegangen var enkel. Med litt lånestøtte kunne sjølv ein fattig småbrukar skaffe seg eit overskot og bli inntektsgivande. I kampen mot fattigdommen har bankens enkle motto blitt ein oppsiktsvekkande suksess.

Jo mindre du har, dess viktigare kunde er du i banken til Muhammed Yunus: Grameen bank.

Eksempel på heldig mottakarar er kvinner som har fått lån til å kjøpe geiter eller ei ku. Eit tilskot som kan vere avgjerande for å skape overskot av ein liten jordflekk. Berre i Bangladesh er det nå over to millionar - og mest kvinner som har nydt godt av smålånsideen. Bortimot 140 land har slutta seg til nettverket på ulikt vis, småsummar er lånt ut til eit hav av ulike inntektsskapande tiltak.

- Eg kan ikkje tru det. Eg er veldig glad og takksam!

Muhammad Yunus / NRK

Fra Bangladesh til Lofoten

Av dei nyare påfunna til bankmannen er å skaffe kvinnene på landsbygda i Bangladesh mobil landsbytelefon. Eit tilsynelatande lite, men avgjerande tiltak for å drive forretning.

Muhammed Yunus har hatt samarbeid med og fått støtte av NORAD, men har også ekportert ideen sin hit til landet. Kvinner i Lofoten er blant dei som har hatt glede av det som vart kalla Nettverkskreditt i den norske versjonen.

Dagens prisvinnar Muhammed Yunus var i Bodø da han kom til Norge på gjesting i 1993. Den gongen kunne han blant anna glede seg over at Anne Jorunn Finstad hadde fått lånestøtte til eitt oppdrettsanlegg her i fjerne nord, nokså langt unna utgangspunktet, men basert på den ideen Muhammed Yunus fekk for tretti år sidan i Bangladesh.