Hopp til innhold

CBC: Ticketmaster avslørt med skjulte opptak

Verdas største billettbyrå blir skulda for å legge til rette for vidaresal av overprisa billettar. Ved at billettane blir seld på ei nettside eigd av Ticketmaster, får selskapet betalt fleire gongar for same billett.

Springsteen & The E Street Band

Bruce Springsteen har spelt fleire utselde konsertar i Noreg. Då han spelte i Frognerparken i 2016, kosta enkelte vidaresende billettar over 7000 kroner på nettet.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Dei siste åra har det kome aktørar som tilbyr vidaresal av billettar til konsertar, teater og idrettsarrangement. Nyleg gjekk britiske konkurransestyresmakter til sak mot eitt av desse selskapa.

Det største billettselskapet i verda, Ticketmaster, har også vore kritiske til desse aktørane, og ønsker eit forbod. Men no blir dei skulda for å sjølve skumme fløyten i fleire omgangar.

Den CBC og Toronto Star har brukt skjulte opptak for å avdekke at billettbyrået legg til rette for organisert vidaresal av billettar med god forteneste.

Journalistane gav seg ut for å vere billettspekulantar under ei messe i Las Vegas. Dei fekk tilbod om å vere med i tenesta Trade Desk, som er eigd av Ticketmaster.

Dette er ei lukka teneste der du må søke om å få tilgang. Selskapet er ikkje omtalt på heimesidene til Ticketmaster eller i selskapsrapportar.

Rapporterer ikkje brot på brukarvilkåra

Trade Desk lar folk laste opp billettar dei kjøpt hos Ticketmaster med tanke på vidaresal. Ifølgje CBC News får Ticketmaster provisjon på vidaresalet, slik at dei tener pengar på den same billetten i fleire omgangar.

Ifølgje brukarhandboka til nettsida blir brukarane beløna om dei sel billettar for over 500.000 og 1.000.000 dollar.

  • Toronto Star har laga denne videoen om saka:

Ein representant for selskapet fortalde journalistane at dei ikkje slår ned på registrerte brukarar som tek i bruk robotar for å kjøpe billettar eller falske kontoar for å kjøpe fleire billettar enn det brukarvilkåra til Ticketmaster tillèt.

– Eg har spekulantar som har 200 kontoar. Det er ikkje noko vi undersøker eller rapporterer vidare, sa han til journalistane.

Ticketmaster har tidlegare saksøkt selskap som har brukt robotar for å skaffe seg mange billettar for vidaresal. Det har også ført til motkrav med påstandar om at billettselskapet sjølv legg til rette for det.

Tilbod og etterspurnad

CBC og Toronto Star har bede Ticketmaster, om kommentarar til påstandane om at dotterselskapet legg til rette for spekulantar.

I ein e-post til CBC News skriv kommunikasjonssjef Catherine Martin blant anna at det vil alltid er ein marknad for vidaresal så lenge etterspurnaden er større enn tilbodet.

– Vi meiner det er vår jobb å tilby ein marknadsplass som på ein sikker og ærleg måte gjer det mogleg for fans å kjøpe og selje billettar både for førstegongs- og andregongssal.

Torsdag sende Ticketmaster ut ei pressemelding der dei avviste påstandane som kom fram hos CBC og Toronto Star. Dei skriv at Trade Desk er retta mot profesjonelle som vil selje billettar vidare, men at brukarvilkåra til Ticketmaster gjeld også her.

– Selskapet har allereie starta ei intern gransking av kontoane til profesjonelle vidareseljarar og praksisen til våre tilsette for å sikre at linja vår blir følgd på alle plan. Vi kjem difor til å setje inn tiltak for å hindre at denne typen uønskt aktivitet kan skje, skriv dei i pressemeldinga.

Ifølgje norsk lov er det ikkje lov å selje ein billett for meir enn det han kosta i utgangspunktet. Og det er noko Ticketmaster Norge rettar seg etter, skriv marknadsdirektør Marisanna Danielsson i ein e-post til NRK.

– Ticketmaster Noreg har ingen kommentarar, bortsett frå at Ticketmaster Noreg følger 100 prosent til norsk lov som forbyr vidaresal av billettar til høgare enn pålydande pris.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.