Det fanst ei tid då familien samla seg rundt tv-en i helgane. Anten for å sjå laurdagsunderhaldninga – eller, om fredagane, for å sjå Detektimen.
Dette var tida før taco vart den nasjonale fredagsretten eller pizzasteinen låg klar i omnen og alle sat med kvar sin skjerm. Ein komplett fredagskveld i ein norsk heim hadde to sentrale ingrediensar: Langpannepizza og Detektimen på TV.
Så lat det ikkje vera fnugg av tvil: Riksteatret veit godt kven dei frir til når det set opp «Detektimen – en kriminalmusikal».
Han er så nær som ein varsla suksess.
MORD PÅ KIEL-FERJA: Kaptein Ragnhild Borg (Marit Adeleide Andreassen) må handtera både avdanka etterforskarar og mystiske mord på skuddårsseglasen mellom Oslo og Kiel.
Foto: Erik BergDet folk vil ha
Høyr berre: Den tidlegare inspektøren Stephan Reckyll (Øystein Røger) har vore hos sin gode venn Horst Tappert (sjølvaste Derrick, ja) på Hamarøy og fiska. No skal han ta Kiel-ferga heim til Tyskland. Ikkje før har han gått om bord på skipet, så døyr den store nattklubbstjerna på båten, Nora der Liebe (Silje Lundblad). Det er snakk om eit mord, og Reckyll tar saka.
Alt ligg til rette for nok ein suksess for musikal-trioen Mads Bones, Kyrre Havdal og Olve Løseth.
Dei kan sjå tilbake på suksessar som «Slaget på Testiklestad», «Robin Hood – Rai rai i Sherwoodskogen», «Tordenskiold – alle tiders trønder» og «Juleevangeliet – The Smash Hit Musical». Trioen veit kva folk vil ha.
Så nå har dei laga ei framsyning som i utgangspunktet er folkeleg som få: Ein Derrick-kopi av ein etterforskar, ein hemmeleg nattklubb full av løyndomar og vignettmelodiar frå kjende detektimar oppgjennom (Derrick og Poirot, til dømes) – på ei namngjeten ferje.
Legg til artige ordspel, solid populærmusikk-handverk, dryge modulasjonar og solide hovudroller i Marit Adeleide Andreassen og Øystein Røger, og det meste er i boks.
Men likevel haltar det litt.
BESETNINGA: Ikkje kvardagskost med mord på Kiel-ferga. Nokre av dei om bord, frå venstre: Silje Lundblad, Daniel Mauricio, Patrick Hilmar Ingvaldsen (bak), Olve Løseth (framfor), Marit Adeleide Andreassen og Nora Frølich
Foto: Erik BergSprik i starten
For det er noko med heilskapen i ensemblet, eit litt ujamt utøvar-nivå som gjev kjensla at det ikkje har rista seg heilt i hop til urpremieren. Nokre av bifigurane verkar vera underutvikla, dei er meir interessante i teaterprogrammet enn dei er på scena. Andre har kan hende litt for mykje bagasje, her er mange detaljar å henga seg opp i.
Det er i det heile mykje informasjon om dei ulike som må fram i første delen for at eg, publikum og etterforskar skal kunne danna oss eit inntrykk av motiv for ugjerninga hos dei ulike på båten. Trass gode songnummer sprikar musikalen i starten.
Det er først rett før pause han verkeleg skyt fart – då er alt ein treng av informasjon lagt fram, og det melodisk fengande nummeret «Hvem har gjort det?» sender publikum syngande ut i foajeen medan dei diskuterer kven mordaren kan vera.
Og når kapteinen (Andreassen) får falda seg ut i ei kledeleg opp-tempo-låt i andre del, byrjar det verkeleg svinga.
MYSTERIET: Kiel-ferga si store nattklubbstjerne Nora der Liebe vert myrda. Kven har gjort det?
Foto: Erik BergLuksus og løyndom
Det sagt: Regissør og manusforfattar Mads Bones hentar etter pausen fram eit grep teateret kan gjera så godt: Hopp i tid og rom.
Når alle dei mistenkte er samla og etterforskaren tek dei for seg, ein for ein, kan teateret spola tida tilbake og spela ut dei ulike scenene. Eit blikk inn der ingen eigentleg veit kva som hende – mykje meir morosamt og effektfullt enn når ein ser det som tilbakeblikk på ein skjerm.
Bones nyttar grepet for alt det er verdt, og det fungerer.
«Detektimen – en kriminalmusikal» er som ein detektime, best når det tettar seg til. Løysinga på mordgåta er fiffig på ekte detektime-vis.
Kan hende skulle Riksteatret berre vore reisande i krim? Etter barneteater-detektiv-suksessen «Operasjon Teater», sjøset dei no Kiel-ferga til lands og lar vaksne over heile landet få mimra 80-talet i ein scenografi som spikrar kjensla av luksus og løyndom.
Sjølv om starten kan hende er på gyngande grunn, er det mykje å gle seg over i denne kriminelt folkelege musikalen.
Hei!
Eg melder teater, scenekunst og dans for NRK som frilans. Les også meldingane mine av «Nei og atter nei» på Riksteatret, «Kokosbananas og moromaskinen» på Teater Ibsen, eller «Et glass til» på Christiania Teater.
Taeterkritiker Karen Frøsland Nystøyl forteller om forestillingen «Detektimen - en kriminal musikal» på Riksteateret som er på Norges-turne denne høsten.
Reklamevideo for forestillingen. Video: Riksteateret