Hopp til innhold

Britisk avis: Storbritannia vil be om å få Kevin Spacey utlevert

Britiske styresmakter vil be om å få den overgrepssikta skodespelaren Kevin Spacey utlevert dersom han ikkje kjem frivillig, ifølge The Guardian.

Kevin Spacey med munnbind på veg ut fra en rettsbygning i New York.

Kevin Spacey på veg ut av ei rettsbygning i New York same dag som han fekk melding om at han ville bli sikta for seksuelle overgrep i Storbritannia.

Foto: JEFFERSON SIEGEL / Reuters

Torsdag varsla den britiske påtalemakta at dei vil tiltale Kevin Spacey for fire tilfelle av seksuelle overgrep mot tre menn i Storbritannia. Ugjerningane skal ha skjedd mellom 2005 og 2013.

Men tiltalen trer ikkje i kraft før Spacey set beina sine på britisk jord igjen.

Difor jobbar britiske styresmakter med å få skodespelaren utlevert om han ikkje skulle komme frivillig. Det fortel ei kjelde som er tett på prosessen til avisa The Guardian.

Kan ta tid

Prosessen med å få ein person utlevert kan ta fleire månader. Først må britiske styresmakter sende over etterforskingsmaterialet dei har i saka, slik at det amerikanske justisdepartementet kan undersøke om det er skilleg grunn til mistanke.

Dersom det er det, får amerikansk politi ordre om å gripe Spacey, seier Nick Vamos, som tidlegare leia avdelinga for utleveringar hos den britiske påtalemakta.

– Det amerikanske justisdepartementet vil be US Marshal finne Spacey og stille han for ein føderal domstol. Han kan også overgi seg, og ikkje sette seg imot utlevering, seier han til avisa.

Les også House of Cards-motspiller snakker om «ny sjanse» for Kevin Spacey

Robin Wright

Spacey kan også ha meir å tene på å bli formelt utlevert, enn om han reiser tilbake til Storbritannia frivillig. Blant anna kan han berre siktast for forhold som er godkjent av den amerikanske domstolen, seier Vamos.

Mista roller

Kevin Spacey var ein prislønt og mykje brukt skodespelar og i Hollywood fram til 2017. Då fortalde skodespelaren Anthony Rapp at Spacey skal ha prøvd å presse han til sex under ein fest i 1986.

Rapp var på det tidspunktet 14 år, medan Spacey var 26 år. Spacey svarte at han ikkje hugsa hendinga, men beklaga dersom det hadde skjedd.

Anthony Rapp

Anthony Rapp seier han blei inspirert av metoo-bevegelsen då han fortalde om hendinga som skal ha skjedd i 1986.

Foto: Chris Pizzello / AP

Skuldingane førte til at Spacey Netflix sparka han frå serien «House of Cards», og at han blei klipt ut av scener i ferdig innspelte filmar.

I 2020 gjekk Rapp og ein anonym mann til sivilt søksmål mot Spacey. Skodespelaren var i ei høyring til denne rettssaka då han fekk meldinga om at den britiske påtalemakta ville sikte han, skriv The New York Times.

Fekk 20 varsel i London

Fleire menn har retta skuldingar mot Spacey etter at Rapp stod fram med si historie. Spacey har avvist alle skuldingar om overgrep. Fleire av sakene har anten blitt lagde bort eller trekte etter at dei kom til domstolane.

Les også Judi Dench kritiserer fjerning av Kevin Spacey

Dame Judi Dench i San Sebastian

Mellom 2004 og 2015 var Spacey kunstnarisk leiar ved teateret The Old Vic i London. Forholda han kan bli sikta for i Storbritannia, skal ha skjedd i denne perioden.

I 2017 sa teateret, ifølge BBC, at dei hadde motteke 20 varsel om upassande framferd frå Kevin Spacey. Teateret beklaga den gongen at dei ikkje hadde teke varsla meir alvorleg.

Kulturstrøm

  • Britney Spears inngår forlik med faren sin

    Popstjerna har inngått eit forlik med faren sin Jamie Spears, meir enn to år etter at ei rettsavgjerd avslutta verjeordninga som har gitt han kontroll over livet hennar. Det melder CNN.

    Sidan verjeordninga vart avslutta, har Britney Spears og faren vore i retten fleire gonger i samanheng med advokathonorar og skuldingar om upassande oppførsel under verjeordninga. Far hennar har heile tida motsett seg skuldingane.

    Vilkåra for forliket er ikkje offentleggjort, men advokatane til Spears stadfestar forliket til CNN.

    (FILES) US singer Britney Spears arrives for the premiere of Sony Pictures' "Once Upon a Time... ...
    Foto: AFP
  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.