Hopp til innhold

Stort engasjement skapte stemmekaos i Melodi Grand Prix

Det store engasjementet med emojiar undervegs i MGP-sendinga laurdag, skapte ein kjedereaksjon som gjorde at fleire system gjekk ned og skapte problem for stemmegjevinga. Det viser dei førebelse undersøkingane til NRK.

Både artistar og publikum reagerte kraftig då stemmesystemet til NRK gjekk ned under finalen av Melodi Grand Prix laurdag. Etter sendinga sa NRK at det var 38 millionar emojiar som tok knekken på systema.

– Det var eit stort engasjement tidleg i programmet med mange emojiar. Det er der det startar, og så skapar det ein kjedereaksjon som vi jobbar med å undersøke årsaka til, seier avdelingsleiar i teknologiavdelinga i NRK, Inge Thorud.

Dei tok ned emojiane for å ha systemet klart til avstemminga, men rakk ikkje å gjere det tidsnok. Difor måtte dei gå til plan B, som var ein folkejury med 30 personar som valde kva fire artistar som skulle gå vidare til neste runde.

– Denne backupjuryen er eit representativt utval. Det har ikkje vore musikkekspertar med. Vi er ganske sikre på at det var dei fire rette som gjekk vidare til sølvfinalen, seier fungerande programdirektør Charlo Halvorsen.

Gjennomførte stresstestar

Thorud seier dei ikkje undervurderte engasjementet som ville kome under finalen. Alle systema blei oppgradert for å ta i mot det dei visste ville kome.

– Vi skalerte opp alt av system sidan vi hadde problem i den første delfinalen. At systemet likevel gjekk ned, overraska oss. Og vi undersøker no saka for å sikre oss at det ikkje skal skje igjen.

Han seier feilen dei fann i den første delfinalen, ikkje er den same som skjedde no. Systema har også vore nøye testa før dei blei tekne i bruk.

– Vi har køyrt stresstestar av systema. Det er ingenting der som har gitt oss signal om at dette skulle skje.

Foto: Iram Ansari, p åbildet Charlo Halvorsen og Inge Thorud.

Fungerande programdirektør Charlo Halvorsen og avdelingsleiar Inge Thorud i teknologiavdelinga i NRK forklarer pressa kva som gjekk gale då stemmesystemet braut saman under finalen av Melodi Grand Prix.

Foto: Iram Ansari / NRK

Systemet har det siste året blant anna vore prøvd ut under fjorårets MGP-finale og under Stjernekamp, då saman med SMS-avstemming.

– Vi var derfor sikre på at dette var noko vi kunne bruke på MGP finalen, det er ikkje eit system som vi har testa for første gong no, seier Thorud.

Det var også mogleg å stemme frå utlandet, dersom ein hadde registrert seg som NRK-brukarar.

– Vi ser at nesten alle stemmene kjem frå brukarar i Noreg. Det neste landet på lista er Sverige, og dei står for rundt ein prosent av stemmene, seier Thorud.

Evaluering

No skal NRK evaluere prosessen, og finne ut kva som kan vere dei bakanforliggande årsakene til at systema svikta. Men dei er sikre på at avstemminga laurdag gjekk rett føre seg.

– Det viktigaste for oss no er å få svar på dei viktigaste spørsmålet om vi kan stå inne for at stemmegivinga har gått som normalt, at resultatet er rett. og det er vi trygge på at det er, seier Thorud.

Han seier også at tala viser at det nye stemmesystemet har skapt større engasjement på avstemminga i år enn i fjor.

Finalen Melodi grand prix - Ulrikke Brandstorp

Etter at dei har gått gjennom stemmetala i finalen, og samanlikna det med dei stemmene folkejuryen på 30 personar gav i den første runden, er NRK sikre på at Ulrikke Brandstorp var den rette vinnaren av årets Melodi Grand Prix.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Charlo Halvorsen seier han ser klare fordelar ved å bruke avstemming på nett.

– Ved å bruke emojiar får vi eit uttrykk for kjensler som kan vise kor stort engasjementet er. Nettstemming er også gratis, som er ein bra ting. Og at vi bruker ny teknologi for å gi betre sjåaropplevingar er eg glad for.

Han er difor sikker på at NRK kjem til å bruke denne måten å stemme på også i framtida når publikum skal stemme under direktesendingar.

Kulturstrøm

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP
  • Nye rekordar for Swift

    Aldri før har eit album blitt strøyma så mykje på ei veke som Taylor Swifts «The Tortured Poets Department». Utgjevinga gjekk rett til topps på Billboard-lista.

    Musikkmagasinet sjølv omtaler det som «ein historisk debut på nummer 1».

    Albumet med 16 låtar blei gitt ut 19. april. To timar seinare overraska Swift fansen ved å sleppe 15 låtar til, og kunngjorde at det var eit dobbeltalbum.

    I veka fram til og med 25. april blei det selt 2,61 millionar såkalla albumekvivalentar. Av dette var 1,91 millionar tradisjonelt albumsal, inkludert digitale nedlastingar, CD-ar, kassettar og heile 859.000 vinylplater.

    Dette er det høgaste talet vinylkopiar av eit album som er selt på ei veke i moderne tid, opplyste Billboard.

    (NTB)

    Taylor Swift