Hopp til innhold

Krigsdrama og kunstkupp i den norske kinohausten

Den norske filmhausten kan by på både Olsenbanden og «Folk og røvere i Kardemomme by». I tillegg blir det premiere for den utsette «Kampen om Narvik».

Olsenbanden på Kampen

TAIMA OG TILRETTELAGT: Olsenbanden er klar for nye kupp denne hausten.

Foto: Nordisk film Distribusjon

Etter ein vår med ein dramatisk nedgang i kinobesøket samanlikna med åra før pandemien, er det knytt stor spenning til korleis besøket til norske kinoar blir denne hausten.

Til saman 18 norske filmar får kinopremiere denne hausten.

Ein av grunnane til det dårlege vårbesøket var mangelen på storfilmar. Men allereie 2. september er det premiere på «Olsenbanden – sist skrik». Anders Baasmo, John Carew og Elias Holmen Sørensen spelar Egon, Benny og Kjell, som skal stele «Skrik» frå det nye Munch-museet.

For Anders Baasmo var det ei ære å skulle ta over rolla som Egon Olsen i spelefilmserien.

– Eg har alltid vore oppteken av bransjehistoria, og skodespelarkollegaer som har gått føre oss i generasjonar, så det er både ærefullt og artig å få vere med på eit slikt prosjekt, sa han då det blei avslørt kven som skulle spele i filmen.

Egon Olsen på veg ut av Oslo kretsfengsel

Egon Olsen, spelt av Anders Baasmo, er nok ein gong på veg ut av fengselet med nye planar om å bli rik.

Foto: Nordisk film Distribusjon

Krigsdrama

Det har vore fleire norske filmar dei siste åra som har fortalt historier frå andre verdskrigen. Men filmane har fått kritikk for å fortelje på nytt kjente helteforteljingar frå krigen.

Denne hausten skal to filmar vise sider frå krigen som ikkje har vore like mykje framme i lyset.

Ine Marie Wilmann i Krigsseileren

Ine Marie Wilmann spelar i det nye krigsdramaet «Krigsseileren».

Foto: Stian Servoss / Mer film

23. september er det premiere på «Krigsseileren». Kristoffer Joner, Ine Marie Wilmann og Pål Sverre Hagen spelar dei leiande rollene. Filmen handlar om skjebnen til dei norske krigsseglarane og familiane deira.

Wilmann meiner dette er ei historie som er ukjent for mange.

– Han seier noko om ei forteljing som ofte går under radaren, forteljinga om dei som er heime. Rolla mi er eit symbol på alle dei som kjempar krigen heime, og som tek ansvaret med å halde oppe kvardagen og bygge framtida, seier ho til NTB.

Filmen er den dyraste norske filmen gjennom tidene, og blir vist på filmfestivalen i Toronto i september.

Les også Redaktør ber filmskapere snu og vise krigsfilm likevel

Sjefsredaktør i avisa Fremover, Christian Senning Andersen.

1. juledag er det endeleg premiere for «Kampen om Narvik». Filmen har vore utsett fleire gongar. Først to gongar på grunn av pandemien og ein tredje gong på grunn av Russlands invasjon av Ukraina.

Regissør Erik Skjoldbjærg er glad for at filmen hans endeleg kan bli vist for eit publikum.

– No skal det endeleg skje. Og vi ser sikre på at dette er ein god film som vi kan stå inne for. Og at filmen har eit tema som ikkje har gått ut på dato, seier han til NRK.

Kristine Hartgen i Kampen om Narvik

Kristine Hartgen spelar ei viktig rolle i filmen som kjem første juledag.

Foto: Eirik Linder Asperud / Nordisk Film

Kristine Hartgen spelar den kvinnelege hovudrolla i filmen. Ho brukte bestemora si som inspirasjon under innspelinga av filmen.

– Ho er 102 år no, så eg håper ho får sett filmen. Ho var gjennom intense opplevingar under krigen då ho var ung. Eg jobba aktivt med å hente ho inn og snakke med henne i hovudet mitt då eg spelte. Det var veldig verdifullt, fortel ho.

Kjente figurar til jul

Barne- og familiefilmane er også viktige for kinobesøket. 30. september kjem animasjonsfilmen «Helt super» om den 11 år gamle gameren Hedvig som plutseleg må ta over rolla som byens superhelt.

Hennika Eggum Huuse har gjeve stemma til Hedvig. Ho trur dette er ein film som kjem til å treffe barnepublikummet godt.

– Eg trur dei kjem til synest det er morosamt og spennande. Og så er det mange kjensler også i denne filmen.

Fra barnefilmen Helt Super

Gameren Hedvig blir superhelt i «Helt super».

Foto: Qvisten Animation/Nordisk Film

Faren til Hedvig, den ufrivillig pensjonerte superhelten Superløven, blir spelt av Tobias Santelmann. Han synest det var morosamt å vere med på ein barnefilm

– Det var veldig gøy å gjere noko som er i målgruppa til dottera mi. Det er veldig stas. Eg fekk vist henne litt av filmen, og det var veldig fint.

21. oktober kjem den animerte filmen «Titina» som fortel historia om Roald Amundsen og Umberto Nobile si ferd mot Nordpolen i luftskip. Fortalt gjennom auga til Nobiles hund Titina, som også var med på turen.

Stillbilde fra filmen Titina

Titina var Umberto Nobiles hund, og var med då Nobile og Roald Amundsen skulle erobre Nordpolen med luftskip.

Foto: Mikrofilm

Og 11. november blir det julestemning i norske kinoar. «Teddybjørnens jul» handlar om Mariann og teddybjørnen som er hovudgevinst på julemarknaden. Filmen er inspirert av Alf Prøysens «Teddybjørnens vise»

Jula 2016 var Thorbjørn Egners «Dyrene i Hakkebakkeskogen» ein publikumsvinnar på kino. 1. juledag kjem det ein slags oppfølgar. Denne gongen er det «Folk og røvere i Kardemomme by» som står for tur. Thorbjørn Harr, Aksel Hennie og Jeppe Beck Laursen er blant stemma vi får høyre i familiefilmen.

Kasper, Jesper og Jonathan i Kardemomme by

Folk og røvere i Kardemomme by kjem på kino i romjula.

Foto: Qvisten Animation

Kulturstrøm

  • Fausa og Antonsen til scenen sammen

    Atle Antonsen, Trond Fausa og Vidar Magnussen er blant skuespillerne som er klare for komedien «Peter Pan går til helvete» på Chateau Neuf i januar 2025.

    Ifølge en pressemelding blir oppsetningen den første norske versjonen av «Peter Pan Goes Wrong», som er spilt på Broadway og West End tidligere.

    Kim Haugen skal regissere og Bjarte Hjelmeland er produsent, og også Siw Anita Andersen, Nils-Ingar Aadne, Kristine Grændsen, Jan Martin Johnsen, Modou Bah og Tiril Heide-Steen står på rollelisten.

    Lena Kristin Ellingsen og Trond Fausa Aurvag på «Oppenheimer»-premiere i London i 2023.
    Foto: Vianney Le Caer / Invision / AP
  • Forfatteren Paul Auster er død

    Forfatteren Paul Auster er død, 77 år gammel, melder New York Times.

    Den svært produktive forfatteren ble beskrevet som en «litterær superstjerne». Han ble kjent på 1980-tallet med sin postmodernistiske gjenopplivingen av noir-romanen.

    Forfatteren var for nordmenn mest kjent for New York-trilogien, «Moon Palace» og «Brooklyns dårskap». Bøkene kom ut i henholdsvis 1985-1987, 1989 og 2005. Auster skrev også dikt, essays og filmmanus, blant annet.

    Han døde i sitt hjem i Brooklyn, etter komplikasjoner i forbindelse med lungekreft.

    Auster giftet seg i 1981 med norskættede Siri Hustvedt, som også er forfatter. Paret har vært på flere turer til Norge og har også deltatt på Aschehougs hagefest sammen.

     Paul Auster fotografert i 2011. Han har grått hår, gredd tilbake, mørk frakk og skjorte. Han ser bestemt, men vennlig inn i kameraet.
    Foto: BOB STRONG / Reuters
  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.