Hopp til innhold

Skeptisk til ny filmatisering av svensk storverk

Regissør Erik Poppe frykta oppgåva med å lage ein ny filmversjon av «Utvandrerne». Samstundes er det svensk skepsis til om det trengs ein ny versjon – 50 år etter den førre.

Gustaf Skarsgård og Lisa Carlehed i «Utvandrerne»

Gustaf Skarsgård og Lisa Carlehed speler Karl Oskar og Kristina når Vilhelm Moberg sin firebindsroman om svenske emigranter får nytt liv på lerretet.

Foto: Agnete Brun / SF Studio

Då Erik Poppe blei spurd om å regissere «Utvandrerne», ein ny film basert på det litterære storverket av den svenske forfattaren Vilhelm Moberg, var reaksjonen heller lunken.

Firebindsverket om eit svensk følgje, som i 1849 utvandra frå Småland i Sverige til Minnesota, er ein av svenskane sine største litterære skattar.

Ikkje nok med det. Regissør Jan Troell si filmatisering av bøkene på 1970-talet står att som eit meisterverk i den europeiske filmhistoria. Liv Ullmann og Max von Sydow spelte hovudrollene i filmen som blei nominert til fem Oscar, blant anna for beste film og beste kvinnelege skodespelar.

«Utvandrerne» av Jan Troell

Skodespelarane Monica Zetterlund og Liv Ullmann i Jan Troell sin filmversjon frå 1971.

Foto: NTB

På toppen av det heile står ABBA-medlemmene Björn Ulvaeus og Benny Andersson bak den svenske musikalversjonen, med tittelen «Kristina från Duvemåla», som har gått sin sigersgang.

– Ein gjer ikkje det ustraffa

Ein ny film basert på bøkene hadde vore planlagd i fleire år då regi-førespurnaden kom Erik Poppe sin veg for eit par sidan.

– Min reaksjon var: «Er de sikre på at de skal gjere dette? Det trur i alle fall ikkje eg at eg skal gjere.»

Avgjersla om å takke ja til prestisjeprosjektet var ikkje ei lett avgjersle for Poppe. Og med rette.

– Den førre filmen er eit så omfattande og solid verk, og eit av dei store meisterverka i europeisk film. Eg funderte på om vi i det heile teke treng ein ny film. Ein ting er å hoppe etter Wirkola. Ein anna ting er å hoppe etter Troell. Ein gjer ikkje det ustraffa.

Erik Poppe - regissør av «Utvandrerne»

Erik Poppe var skeptisk til å regissere ein ny film basert på det svenske romanverket til Vilhelm Moberg.

Foto: Paradox

Poppe fekk høve til å tenke seg om ein gong til. Så kasta han seg over alle dei fire romanane til Vilhelm Moberg: «Utvandrarna», «Innvandrarna», «Nybyggarna» og «Sista brevet till Sverige».

Mykje av handlinga i bøkene krinsar rundt det unge ekteparet Karl Oskar og Kristina og borna deira, som drøymer om eit betre liv enn det dei har i Sverige. Poppe let seg fascinere av historia og måten Moberg skildrar håpet og draumane deira.

– Eg oppdaga når eg las dei at her ligg det eigentleg ei historie om verda i dag.

I Jan Troell sin filmadapsjon frå 1970-talet er det Karl Oskar som er hovudpersonen. Men Poppe skal ikkje lage ein remake av Troell sin film, han skal lage ei ny tolking av Moberg sitt verk.

Poppe vil heller fokusere på Kristina, som ein parallell til dagens innvandrarkvinner. Det er inga løyndom at Kristina slit med å bli integrert i USA. Og Poppe sette seg ned for å intervjue innvandrarkvinner for å forstå.

Regissør Erik Poppe og Lisa Carlehed på settet til «Utvandrerne»

Regissør Erik Poppe instruerer skodespelar Lisa Carlehed på settet til det som skal førestille Manhattan på 1850-talet under innspelinga av «Utvandrerne».

Foto: Agnete Brun / SF Studio

– Innvandrarmenn er ofte godt synlege, med minst to og tre jobbar. Kvinnene som kjem ser vi knapt. Dette er eit fantastisk høve til å løfte fram denne historia. Ikkje minst i Norden med den polariserte debatten. Enten er du for innvandring eller så er du imot. Men ofte veit ein ikkje nok om dei ein snakkar om, og her kan kunsten spele ei rolle, meiner Poppe.

Svensk skepsis

I Sverige har romanane og filmane med tida blitt vanskelege å skilje frå kvarandre og utgjer saman ei ikonisk forteljing. Sant eller usant, så har den blitt Sverige si store forteljing om kor svenskane kjem ifrå. Den lange reisa frå undertrykking og fattigdom til fridom og overflod i dag.

– Ikkje sjeldan refererer ein til «Utvandrerne» i flyktningdebatten, som ei påminning om at svenskar også ein gong i tida var tvungne til å forlate landet sitt av økonomiske og religiøse årsaker, fortel Malin Ullgren, litteraturredaktør i den svenske avisa Dagens Nyheter til NRK.

Den svenske regissøren Jan Troell sine filmar om «Utvandrerne» er nokre av dei mest eksporterte filmane til utlandet. Det var også gjennom dei at Troell kom til Hollywood. Ifølgje Ullgren er det stor skepsis blant svenske filmkritikarar til ein ny film.

– Kva skal Poppe gjere som Troell ikkje alt har gjort? Samstundes blir Poppe sett på som ein etablert og god regissør, så filmen hans vil sjølvsagt framleis ha sjansen til å overtyde skeptikarane, seier Ullgren.

Ho trur det vil bli mykje oppstyr viss han tek seg for store fridomar med romanane.

– Han kan sjølvsagt trekke frå, men ikkje legge noko til hendingsgangen.

Fekk påpakning

Arbeidet med ei nytolking av eit stort verk som dette har sine avgrensingar. Det har Poppe fått kjenne på undervegs i arbeidet med filmen.

– Ei av dei største utfordringane har vore å handtere dei aller mest «heilage» augneblikka eller elementa i historia til Moberg, seier Poppe.

Nokre ikoniske element har festa seg hos publikum gjennom både romanane og dei andre framstillingane av denne folkekjære historia.

Poppe fann først ikkje plass til fleire av desse elementa i filmen. Men då venta påpakning frå både produsentar og rettshavarar til Moberg sitt univers, og elementa måtte inn igjen i historia.

Lisa Carlehed og Gustaf Skarsgård spiller Kristina og Karl Oskar når Vilhelm Mobergs storroman "Utvandrerne" på ny får liv på lerretet. Regi Erik Poppe

Lisa Carlehed og Gustaf Skarsgård speler Kristina og Karl Oskar når Vilhelm Mobergs firebindsroman «Utvandrerne» på nytt får liv på lerretet.

Foto: John Christian Rosenlund / SF Studios

– Vi har slåss mellom ei fri tolking av Moberg si historie og dei absolutte krava til enkelte element vi ganske enkelt ikkje kunne stryke.

Etter 10 månader i klipperommet har Poppe nett avslutta klippeprosessen. Litt lydarbeid og småplukk er alt som står att før 2021-versjonen av «Utvandrerne» har verdspremieren første juledag.

Filmen blei førre veke plukka ut på kortlista til Sverige sitt Oscar-bidrag i klassen for beste internasjonale film.

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.