Hopp til innhold

– Komikarar går ut på dato

Komikar Odd-Magnus Williamson følte at karrieren var på hell og ei eksistensiell krise var på veg. Så skreiv han manuset til filmen «Ingenting å le av».

Fra filmen "Ingenting å le av" med manusforfatter og skuespiller Odd Magnus Williamson (bildet). Kinopremiere september 2021.

Odd-Magnus Williamson speler hovudrolla som komikar i filmen «Ingenting å le av».

Foto: SF Studios

Som 35-åring kjende komikar Odd-Magnus Williamson på noko truleg mange komikarar gjer. Han byrja å gå litt på tomgang.

Williamson fekk sitt store gjennombrot i TV 2-suksessen «Torsdag kveld fra Nydalen». Han har hatt rolle i storfilmar som «Kon-Tiki» og i 2015 leda han programmet «En helt vanlig dag» på TVNorge saman med Henrik Thodesen.

Same år fekk han beskjeden frå TVNorge om at han ikkje fekk fornya kontrakt som komikar.

– Det var mitt mareritt. At karrieren som komikar skulle begynne å dale. Eg hadde vore komikar i mange år, men så byrja det å gleppe litt. Eg hadde ikkje lenger så hyppig frekvens på det eg sjølve syntest var bra. Det fortel Odd-Magnus Williamson til NRK.

I 2015 skreiv Williamson manuset til filmen «Ingenting å le av» som nett hadde kinopremiere. Williamson spelar også hovudrolla.

Filmen handlar om ein svært suksessrik standupkomikar som sakte, men sikkert ser at karrieren går nedover. Han går frå å vere stjerna på showet til å varme opp. Han blir dumpa av kjærasten og får kreft.

Filmen fekk terningkast fem av NRK sin filmmeldar.

Odd Magnus Williamson og Sara Khorami under innspilling av filmen Ingenting å le av.

Skodespelarane Odd-Magnus Williamson og Sara Khorami under filminnspelinga av «Ingenting å le av» på Chat Noir i Oslo.

Foto: Marianne Rustad Carlsen / NRK

Han seier at komikarar er som ballettdansarar, dei går ut på dato.

– I midten av 30-åra har ein kanskje fått nokre barn og møtt kjærleiken. Å vere oppdatert på populærkultur og kva som skjer i samtida er ikkje lenger prioritet nummer ein. Og då fell du av komikken også.

Høyr Odd-Magnus Williamson i Drivkraft her:

– I eit litt sånn strevande og patetisk forsøk på å henge med i samtida, gjentek ein ting ein veit funkar i staden for å fornye seg. Sakte, men sikkert byrjar ein å miste grepet.

– Nå er ein på topp som komikar, sånn aldersmessig?

– 27-28-årsalderen er magisk. Omtrent som Herman Flesvig er nå. I den alderen har ein erfaringa som skal til for å klare å sjå arbeidet utanfrå. Ein har kunnskapen, er uredd og har ingenting å tape. Ein kan berre gønne på å ta store sjansar. Etter kvart vil frykta for å ta sjansar kome meir og meir.

Kompisen bad han om å halde kjeft

Då kontrakten med TVNorge blei avslutta tenkte Williamson at karrieren som komikar var over. 35-åringen, som hadde satsa alt på eit lodd i livet, følte ikkje han hadde noko å falle tilbake på. Ikkje ein gong studiekompetanse hadde han. Det blei starten på ei lita midtlivskrise.

Komikaren, som vanlegvis unner kollegaer og konkurrentar suksess, byrja å bli misunneleg.

– Eg beundrar verkeleg alle dei rundt meg i komikarbransjen og skodespelarbransjen som får det til. Men då byrja eg å kjenne på at eg misunna folk. Og eg skamma meg over det.

Det som måtte til for å få tankegangen hans til å snu var ein real reprimande frå ein kompis. Det sette han også på ein ide.

– Det som skjedde var at eg gjekk rundt og gnåla og sutra så mykje om dette her, at ein kompis bad meg om å halde kjeft. Han sa at det kunne vore mykje verre. Eg kunne blitt dumpa av dama og fått kreft. Då han sa det tenkte eg at det er jo ein jævla god filmide.

Dermed sette Odd-Magnus Williamson seg ned å skreiv manuset til som nå har blitt filmen «Ingenting å le av».

– Og utan at eg forstod det då, men som eg forstår nå, så skreiv eg meg ut av krisa. Eg sat og skreiv og gråt veldig mykje. Det var rett og slett ei slags tilarbeiding av sorga og midtlivskrisa. Dersom eg ikkje hadde behandla den, så kunne det blitt ei stor greie.

Vidare anbefalt lesing:

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters