Lyden av James Bond

Slik forandra ein låt på 1 minutt og 47 sekund filmhistoria for alltid.

Etter fleire utsettingar skal dagen endeleg kome. Den 1. oktober 2021 har filmen «No Time to Die» premiere i Noreg.

I dette høvet har vi besøkt Noregs største samlar av Bond-musikk, snakka med a-ha om då Bonds gudfar kalla dei for nazistar og prøvd å finne svar på det store spørsmålet:

Kvifor høyrest Bond alltid ut som Bond?

James Bond

Gjennom 60 år har dei britiske filmane om Agent 007 vore kjent for sine raske bilar, rista drinkar, rufsete skurkar og rålekre kvinner.

Likevel står musikken fram som noko av det mest ikoniske med heile serien. Verdas største artistar har stått i kø for å lydleggje filmane: Paul McCartney, Louis Armstrong, Nancy Sinatra, Tina Turner, Madonna, Adele og Billie Eilish, for å nemne nokre.

Så må vi sjølvsagt ikkje gløyme våre eigne godgutar i a-ha, som i 1987 laga tittelsongen til filmen «The Living Daylights». Gitarist og låtskrivar Paul Waaktaar-Savoy mimrar tilbake til då dei fekk det ærefulle oppdraget.

– Vi var med i ein hemmeleg konkurranse, der fem-seks band vart spurt om å sende inn bidrag. Det gjekk rykte om at Queen også var med, men så syntest produsentane at vår song var kulast. Det var veldig gjævt, vi var superfan av dei gamle klassikarane, seier Waaktaar-Savoy.

A-ha

BOND-MUSIKANTANE: Frå venstre: Morten Harket (vokal), Magne Furuholmen (tangentar) og Paul Waaktaar-Savoy (gitar).

Foto: Michael Ochs Archives / Getty Images

På dette tidspunktet var alt berre fryd og gammen for a-ha. To år tidlegare hadde dei erobra verda med monsterhiten «Take on Me». Kva kunne gå gale når dei no skulle lage musikk for ein av verdas største filmseriar?

Ganske mykje, skulle det vise seg.

Lyden av Bond

Det er ikkje berre, berre å lage musikk for James Bond. Produksjonsselskapet EON er nemleg svært opptatt av at filmane skal ha sin heilt eigen lyd, som du med ein gong skal kunne kjenne igjen som Agent 007.

For å skjøne korleis denne lyden vart til, må vi tilbake til 1962 og innspelinga av den aller første Bond-filmen på Jamaica.

Skodespelarane Sean Connery og Ursula Andress vandra langs palmar på ei solfylt strand. Filmscena bar preg av tropisk romantikk, samtidig som ei dirrande spenning låg i lufta. For var det ikkje ein mystisk motorbåt som nærma seg?

Dr. No

DR. NO: Sveitsiske Ursula Andress var ikkje så stødig i engelsk i 1962. Stemma hennar vart difor dubba av ein annan skodespelar etter innspeling.

Foto: Michael Ochs Archives / Getty Images

I skuggane stod komponist Monty Norman og såg på filminnspelinga. Han hadde blitt invitert med av produksjonsselskapet for å skrive musikk for filmen. Norman let seg inspirere til å skrive fleire songar på Jamaica, men sleit med å lage ein god opningslåt. Han foreslo difor å bruke ein gammal song han hadde liggande.

Produsentane var først skeptiske; songen var altfor roleg til å passe inn i ein spionfilm. Men premieren begynte å nærme seg, så dei fekk bruke det dei hadde.

For å auke spenningsnivået hyrte dei inn eit av dei heitaste namna i britisk rock'n'roll på 1960-talet for å produsere låten: John Barry.

John Barry

JOHN BARRY (1933 - 2011)

Foto: Evening Standard / Getty Images

Han hadde lang erfaring både som musikar og produsent, og tok utfordringa på strak arm. Resultatet vart ein av dei mest kjente filmlåtane i historia.

«James Bond Theme» varer berre 1 minutt og 47 sekund, men har likevel nok ingrediensar til å fargelegge eit heilt filmunivers.

Spionakkorden

Etter suksessen med James Bond vart John Barry ein av dei største filmmusikk-komponistane i verdshistoria. Han vann fem Oscar-statuettar, og fekk produsere og komponere musikk til heile elleve Bond-filmar.

Alle filmane lar seg inspirere av «James Bond Theme» frå 1962 på ein eller annan måte. Ifølge komponist og musikkprofessor Wolfgang Plagge kan vi finne fleire ulike leiemotiv i låten.

Kva er eit leiemotiv, spør du?

– Eit genialt grep som vart brukt av den tyske komponisten Richard Wagner. Han lagde ulike korte kjenningsmelodiar i operaene sine, knytt til spesifikke ting, stadar eller personar, forklarar Plagge.

Plagge (Foto: Kari N. Tvile / NRK)

(Eit klassisk døme på eit slikt leiemotiv finn vi i filmen «Haisommer» frå 1975. Kvar gong haien er i ferd med å nærme seg, kan vi høyre tonane F og F# etter kvarandre på ein cello. Først sakte, så raskare og raskare før haien til slutt forsyner seg med ein bit menneskekjøt.)

Det første leiemotivet vi finn i «James Bond Theme» er det kromatiske strykemotivet.

Her høyrer vi tre ulike tonar i e-moll: H – C – C# – C. Vi anar at det er fare på ferde når vi høyrer desse tonane, men kvifor får vi slike urolege kjensler?

Svar: Den tredje tonen C# høyrer eigentleg ikkje heime i tonearten e-moll. Den riktige tonen hadde vore D, men fordi Bond er ein mystisk type, får vi eit trappetrinn som er litt lågare enn kva vi forventar. Denne tonen blir kalla kromatisk.

– Sjølv om det er roleg musikk, skapar han utryggleik. Det er stille, men alle held pusten og ventar på stormen, forklarar Plagge.

Og stormen – han kjem alltid, i alle fall når du ber etternamnet Bond. Det tar oss med vidare til det neste leiemotivet: det doriske messingmotivet.

– Her får vi ekte britisk storbandjazz frå 1960-talet med horn og trompetar, forklarar Plagge.

Komponist Barry har sjølv sagt at dette motivet først og fremst har ein praktisk funksjon. Det må vere bråkete nok til å overdøyve biljakter og slåstkampar med høgt støynivå. Då nyttar det ikkje med rolege strykeinstrument.

Motivet følgjer ein dorisk skala – ein gammal «mollaktig» kyrkjetoneart. Moll blir ofte brukt i lågmælt og trist musikk, men i ein dorisk skala er ein av tonane litt høgare enn kva vi forventar. Dette skapar ei spenning: er det glad eller trist musikk vi høyrer?

Det siste leiemotivet består av berre ein akkord. Han har blitt så nært knytt til agent 007 at han på folkemunne blir kalla «spionakkorden».

Em(maj9) er det eigentlege namnet på den aller siste akkorden i «James Bond Theme». Dette er ein ufullstendig akkord som skapar disharmoniske kjensler hos lyttaren.

– Når vi høyrer denne akkorden, forventar vi ein skurk. Heilt frå stumfilmane på 1920-talet har liknande akkordar blitt spelt når skurken dukkar opp, forklarar Plagge.

James Bond

SKURK: Jaws er skurken over alle skurkar i Bond-universet, spelt av den 2 meter og 17 cm høge skodespelaren Richard Kiel. Her er han saman med Roger Moore som James Bond i filmen «The Spy Who Loved Me».

Foto: Courtesy Everett Collection / Everett Collection

Desse tre leiemotiva utgjer kjernen i Bond-musikken – både i songane og lydspora på filmane. Dei sju første filmane lener seg tungt på desse ingrediensane. Men sjølv om det finst «reglar», betyr ikkje det at filmmusikken er framand for utvikling.

Rocke-Bond

I 1973 skulle skodespelaren Roger Moore ta over den svarte agentdressen i filmen «Live and let die». Produksjonsselskapet såg dermed ei moglegheit for å fornye musikken, og spurde ingen ringare enn sjølvaste Paul McCartney og Wings om å skrive låten.

Ut med britisk storbandjazz – inn med rockeband.

«Men dette høyrest vel ikkje ut som Bond?» sa folk. Jau då, det gjer det. Sjølv Paul McCartney må følgje reglar. I denne songen må du berre høyre ekstra godt etter.

Det er pakka godt inn – men inne i dette refrenget ligg dei fire tonane frå det kromatiske strykemotivet frå «James Bond Theme».

Sir Paul tenkte nok at han var smart, som skreiv songen med lysare akkordar i dur, og ikkje i moll. Men ein eller annan plass, langt inne i hjernen sine mørke krokar, vil vi instinktivt kjenne igjen musikken som James Bond.

Wings bana veg for at fleire band kunne få prøve seg på Bond, rett nok med litt vennleg rettleiing frå Bonds musikalske gudfar.

Då a-ha skulle lage låten til «The Living Daylights» i 1987, stod det i kontrakten at komponist John Barry måtte verre med. Ein ganske uvanleg situasjon for Paul Waaktaar-Savoy, som var van med å skrive det meste av musikken aleine.

– Det vart litt krangling med Barry, det vart det, erkjenner Paul.

John Barry tok litt hardare i. Då han vart spurt om korleis samarbeidet gjekk, samanlikna han gutane i a-ha med Hitlerjugend.

Krangelen om akkorden

Paul Waaktaar-Savoy fekk ingen føringar då han skulle skrive det første utkastet til opningslåten.

– Alt vi fekk var tittelen på filmen. Med ein gong eg høyrde «The Living Daylights», fekk eg melodien til refrenget i hovudet, seier Waaktaar-Savoy.

Då a-ha var godt i gang med innspelinga i studio, kom Barry på besøk. Men samarbeidet vart ikkje heilt som dei norske karane hadde sett for seg.

– Han berre sette seg ned og fortalde røvarhistorier, som ikkje akkurat har halde stilen etter #metoo. Vi sat og høyrde på i timevis, og fekk ikkje gjort så mykje dei dagane.

John Barry og a-ha

JOHN BARRY & A-HA: På bildet er også tre skodespelarar frå filmen «The Living Daylights»: Karen Seeberg, Femi Gardiner og Patricia Keefer.

Foto: Michael Putland / Getty Images

Barrys avslappa haldning til innspelinga kan moglegvis ha ein samanheng med at songen allereie inneheldt fleire element frå Bond-universet. Ifølge Wolfgang Plagge er spesielt slutten av songen som snytt ut av nasen på Agent 007.

I dette tilfellet er det riktig nok ikkje snakk om eit leiemotiv frå «James Bond Theme», men frå den nest mest ikoniske Bond-låten.

– Her høyrer vi ei vidareutvikling av det famøse «doble tersemotivet» frå tittelsongen i filmen «Goldfinger», forklarar Plagge.

Ein ters er intervallet mellom to nærliggande tonar som passar saman i ein harmoni. Om ein skal synge tostemt, vil ofte den eine stemma legge seg ein ters over den andre.

I starten av «Goldfinger» høyrer vi messingblåsarar spele fleire slike doble tersar etter kvarandre, der den første er litt høgare enn den andre.

Mot slutten av «The Living Daylights» høyrer vi tersane brukt på same måte, berre med gitar.

John Barry gjorde ingen store endringar med a-has «The Living Daylights». Han lagde ein liten synthesizer-intro, gjorde dei to første strofene på verset meir «catchy» og la på strykarar og messingblåsarar.

– Eg syntest Barry var dyktig, og at han fekk låten til å høyrest meir ut som Bond, seier Waaktaar-Savoy.

Men ein ting sat likevel den norske låtskrivaren mykje mindre pris på.

Barry hadde endra ein akkord i songen. 34 år seinare er ikkje Waaktaar-Savoy hundre prosent sikker på kva slags akkord det var, men det kan ha vore snakk om ein Am som vart endra til ein Gm.

– Om det var noko som var viktig for meg på den tida, kunne eg bli litt intens. Eg var nok litt vanskeleg, mimrar Waaktaar-Savoy.

Rekke med James Bond skikkelser

Like før innlevering endra a-ha-gitaristen difor akkorden tilbake til slik han var opphavleg. Då Barry fekk vite om dette, var det for seint å gjere noko meir med låten.

– Det gjorde at han begynte å seie vanvitige ting om oss, forklarar Waaktaar-Savoy.

Vi er ikkje heilt sikre på kvifor Barry nytta ordet «Hitlerjugend» for å skildre dei norske gutane. Men når det kjem frå ein britisk mann som opplevde krigen, er det neppe ein positiv karakteristikk.

Det vart ikkje betre stemning av at bandet prioriterte å spele konsert i Japan i staden for å kome på verdspremieren i London, med Prins Charles og Lady Diana i salen. For Barry kunne dei like godt ha pissa på det britiske flagget.

Moglegvis kan det vere ei lita trøyst for Barry at det kom ein annan norsk gut til London for å sjå «The Living Daylights» på kino i 1987.

Den kvelden pregar han framleis den dag i dag.

Når Barry tar over livet

Musikaren Andreas Tylden var berre elleve år gammal då han var på ferietur med familien i England.

– Far sa at «i dag skal vi på strykejernmuseum!» men det var sjølvsagt berre tull. Vi skulle sjå «The Living Daylights».

Unge Tylden kunne lite engelsk, og forstod ikkje så mykje av kva som gjekk føre seg på kinolerretet. Men ein ting forstod han veldig godt: musikken.

– Eg vart heilt trollbunden. Lyden var så bombastisk og tiltalande. Han beit seg fast i meg, og snakka rett inn i hjartet mitt. I dag er John Barrys musikalske univers ein like stor del av livet mitt som familien min.

Tylden brukar store ord her, men når ein besøker han i Gamlebyen i Oslo, er det lett å tru at han snakkar sant. Her har han nemleg Noregs største samling av Bond-musikk.

Andreas Tylden

SAMLAREN: Andreas Tylden har over 300 Bond-plater i samlinga. Han ventar framleis på musikken frå «No Time to Die».

Foto: Javier Auris / NRK

I dag er Andreas Tylden 43 år. Han har vore vokalist, spelt bass og gitar i ei rekke band, og jobba med musikk store delar av livet. Barndomshelten får han berre større og større respekt for.

– Barry er ein av våre verkeleg store komponistar. Han miksa klassisk med pop, rock'n'roll, storband og jazz. På 1960-talet hadde ingen gjort dette før.

«The Living Daylights» vart den siste Bond-filmen i rekka til John Barry. Sidan har nokre av verdas største komponistar og artistar gjort sitt beste for å heidre det musikalske universet hans. Men har dei gjort ein god nok jobb?

– For å vere heilt ærleg så har eg blitt skuffa av musikken i Bond heilt sidan «Licence to Kill», seier Tylden.

(«Licence to Kill» kom ut i 1989.)

– Eg saknar nok litt «edge» i dei nye bondlåtane, litt meir fart, action og dramatikk. Men eg må nok berre innsjå at eg begynner å bli ein gubbe.

Fem godbitar frå Tyldens Bond-samling:

Dr. No

DR. NO / 1962 (japansk utgåve)

Goldfinger

GOLDFINGER / 1964

Live and let die

LIVE AND LET DIE / 1973 (fransk utgåve)

The Living Daylights

THE LIVING DAYLIGHTS / 1987 (spansk utgåve)

Skyfall

SKYFALL / 2012

I oktober 2021 skal lyden av Bond nok ein gong flaume gjennom kinosalar over heile verda. Denne gongen er han laga av to av dei største musikarane frå det 21. hundreåret: Artist Billie Eilish og filmkomponist Hans Zimmer (kjent for filmar som «Gladiatoren», «The Dark Knight» og «Inception»).

Då skal tusenvis av 11-åringar høyre spionakkorden, det kromatiske strykemotivet, og det doriske messingmotivet for første gong, og nokre av dei kjem nok til å tenkje at dette er verdas beste musikk.

Hei!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel! Tidlegare i år har eg mellom anna skrive om Ernest Hemingway og den raskaste tekstaren i NRKs historie

Vil du lese meir om musikk? Då vil eg anbefale desse sakene: