Hopp til innhold

Her er det fyrste klippet frå den norske nyinnspelinga av «Tre nøtter til Askepott»

I dag kjem traileren for den nye versjonen av «Tre nøtter til Askepott». Regissøren håper filmen skal overraske.

Astrid S i rollen som Askepott. Her fra innspilling på Maihaugen i Lillehammer.

ASKEPOTT: Astrid Smeplass spelar hovudrolla i filmen.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Kvar julaftan benker fleire hundre tusen nordmenn seg framfor tv-en for å sjå den snart 50 år gamle filmen «Tre nøtter til Askepott».

Snart får vi sjå den i ny drakt.

Og i dag kjem traileren til den nye filmen «Tre nøtter til Askepott», som er ein ny versjon av den austtyske-tsjekkoslovakiske filmen frå 1973.

– Det er stort for oss å endeleg få kunne vise levande bilde frå filmen som vi har jobba med så lenge. Eg er så stolt av det vi har laga, seier regissør Cecilie Mosli.

Askepott trailer

Askepott trailer

Laga i Noreg

Heile filmen har blitt spelt inn i Noreg. Sjølv om store delar av innspelinga etter planen skulle gå føre seg i utlandet, blei den på grunn av pandemien, flytta hit til lands.

Sjølv om vêret har vore ustabilt og til tider veldig kaldt, er ho glad for at heile filmen var spelt inn i Noreg.

– Det var eit lykketreff, da har vi fått filma vakker norsk natur. Det har vore enormt hyggeleg.

Regissør Cecilie Mosli under innspillingen av Askepott på Maihaugen i Lillehammer.

SPENT: Regissør Cecilie Mosli gleder seg til å vise fram filmen til publikum.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Skal overraske

Sjølv om filmskaparane har prøvd å hylle originalen, har dei også tatt grep for å gjere filmen meir moderne.

Mellom anna var det viktig for regissøren å gjere Askepott meir feministisk.

– Eg vil at mine døtrer skal sjå denne filmen, og sjå ei jente som er tøff, og tør å stå opp for seg sjølv. Det same gjeld for prinsen. Det handlar om å gi unge menneske mot til å vere seg sjølv.

Cengiz Al blir prinsen i nyinnspillingen av «Tre nøtter til Askepott».

MODERNE: Filmskaparane har tatt fleire grep for å gjere filmen meir moderne

Foto: Nordisk Film

Moderniseringa kjem fram mellom anna i rollelista, kor filmskaparane har prøvd å finne skodespelarar som representerer store delar av Noreg.

Dei har også endra på stemora og ste-søstrene. Folka bak filmen har gjort dei meir til mobbarar, som dei trur fleire kan relatere seg til.

Regissøren er klar over fallhøgda til filmen, men filmskaparen understrekar at det er heilt vanleg å lage nye versjonar av gamle filmar, eller nye versjonar av gamle eventyr.

– Eg håpar folk ser på filmen som eit supplement, og ser både den gamle versjonen og denne versjonen. Eg veit at folk kjem til å ha meiningar om den nye filmen, og det får vi berre stå i.

Regissøren ynskjer at filmen skal overraske, samstundes som den skal vere ein hyllest til originalen.

Askepott sitter på en hvit hest, mens prinsen tar på henne skoen hun har mistet. Askepott har på seg brudekjole, en tiara og en halskjede.

HYLLES: ein nye versjonen skal vere ein hyllest til originalen

Foto: DEFA-studio für Spielfilme

Gir meining å lage ny versjon

«Tre nøtter til Askepott» frå 2021 er ikkje den einaste av sitt slag. Det har vert laga mange nye versjonar av gamle historier, mellom anna «Reisen til julestjerna» frå 2012. Filmkritikar i NRK, Birger Vestmo, meiner det er rom for ein ny versjon.

– Den gamle filmen er så avgjort eit produkt av si tid, med rom for både fornying og forbetringar.

Sjølv om publikumspotensialet er stort, trur Vestmo likevel at folk kjem til å sjå den nye filmen med betenkelegheiter. Mange nordmenn har eit sterkt forhold til originalen.

– For å lykkast må nyinnspelinga truleg innfri publikums forventningar til scener og stemningar som på ein måte «må» med, som bogeskyting i skogen, ein skikkeleg slem stemor og eit storslege slottsball. Samstundes må historia blir tilført nokon nye element og perspektiv for å gjere filmen frisk og relevant for eit moderne publikum.

Den nye «Tre nøtter til Askepott» har kinopremiere 12. november.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters