Hopp til innhold

Regjeringskvartalet blir mindre enn planlagt

Det nye regjeringskvartalet blir mindre enn tidlegare planlagt, og skal byggast ut i fleire trinn. – Vi vil ha eit ope, trygt og grønt regjeringskvartal, seier Erna Solberg.

Erna Solberg presenterer nye planer for et nedjustert regjeringskvartal

Fredag presenterte statsminister Erna Solberg korleis regjerings ser føre seg at eit nytt regjeringskvartal kan bli. Dei ønsker blant anna å redusere høgdene på dei planlagde bygga rundt Høgblokka.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Heilt sidan terroråtaka 22. juli 2011 har diskusjonen gått om korleis regjeringskvartalet skal sjå ut etter at det er bygd opp igjen.

Fredag la statsminister Erna Solberg fram korleis regjeringa ser føre seg at det nye kvartalet kan sjå ut.

– Vi vil bygge eit ope, trygt og grønt regjeringskvartal som er bra for byen og bra for dei som skal jobbe der, sa statsminister Erna Solberg (H) på eit pressemøte.

Regjeringa vil skalere ned planane for det nye regjeringskvartalet. i tillegg skal det byggast i fleire omgangar. Ein grunn til nedjusteringa er nye prognosar for kor mange tilsette det vil vere i departementa når kvartalet står ferdig.

– Vi meiner vi treng færre tilsette i departementa, og meiner difor vi kan bygge færre kvadratmeter enn det som først var planlagt, sa finansminister Siv Jensen (Frp).

Y-blokka blir riven

Dei nye planane fjernar 30 prosent av dei planlagde areala ved å redusere høgdene på bygga. Den vedtekne rivinga av Y-blokka står ved lag, sjølv om det har vore mange protestar mot dette tidlegare.

Blant dei som har vore kritisk er klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V). I dag vedgår han at blokka må rivast, men at dei ser på korleis dette skal skje.

– Med dei planane som ligg til grunn, må Y-blokka rivast. Men vi ser no på om dette kan bli gjort i to trinn. Vi veit ikkje om dette er mogleg, men vi undersøker det no.

Statsbygg arbeider no med å finne nye plasseringar av fasadekunsten til Pablo Picasso som i dag er ein del av blokka.

Forslaget "Adapt" fra Team Urbis

Prosjektgruppa Team Urbis vann arkitektkonkurransen om nytt regjeringskvartal med forslaget «Adapt».

Foto: Team Urbis

Sikkerheit og miljø var viktig

Planane er justert etter innspel frå blant andre Oslo kommune, men enkelte ting ligg fast. Alle departementa, utanom Forsvarsdepartementet, skal samlokaliserast i det nye regjeringskvartalet.

– Det gir den beste samhandlinga, og det beste for sikkerheita, sa kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H).

Regjeringa ønsker å gjere det enkelt å bevege seg gjennom regjeringskvartalet for gåande og syklande. Dei legg vekt på at kvartalet skal vere grønt. Men dei har førebels ikkje klart å imøtekome ønsket frå Oslo kommune å opne Akersgata for kollektivtrafikk.

Regjeringa legger fram planer for nytt regjeringskvartal.

Regjeringa stilte med klima- og miljøminister Ola Elvestuen (t.v.), finansminister Siv Jensen, statsminister Erna Solberg og kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland då dei presenterte dei nye planane for nytt regjeringskvartal.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Grunnen til nedskaleringa av regjeringskvartalet blir forklart med økonomi, miljø og byplanlegging. Nedskaleringa blir gjort ved at dei nye planlagde høghusa blir lågare enn først planlagt.

– Det nye regjeringskvartalet er eit miljøprosjekt. Vi skal bygge framtidsretta med høg standard og varige løysingar, seier Elvestuen.

– Ein siger for Venstre

Vedtaket om å nedjusterte regjeringskvartalet, var eitt av krava Venstre då dei gjekk inn i regjeringa. No har dei fått politisk gjennomslag i ei viktig sak for partiet, seier kommentator Andreas Slettholm i Aftenposten til NRK.

– Her har Venstre fått delvis gjennomslag for den eine av dei to tinga som var viktige for dei i eit nytt regjeringskvartal. Det blir ikkje så massivt som først planlagt. Når det gjeld Y-blokka, blir det ikkje plass til den med det utkastet som vann arkitektkonkurransen.

Og statsminister Erna Solberg gir Slettholm rett i at det nye forslaget frå regjeringa er eit resultat av at Venstre har fått ministerpostar.

– Vi såg på moglege løysingar for eit nedjustert regjeringskvartal også før Venstre kom inn i regjering. Men vi hadde kanskje ikkje gjort det i dette omfanget utan at dei hadde vore ein del av regjeringa.

Planar for første byggesteg og kostnadsramme blir presentert for Stortinget hausten 2019, slik at ein kan starte bygging i 2020. Rehabilitering av Høgblokka er det som står først på programmet. Statsministerens kontor og Justis- og beredskapsdepartementet er blant dei første som skal flytte tilbake i det nye regjeringskvartalet.

Innflyttinga skal etter planen skje i 2024.

Du kan sjå heile pressemøtet om nytt regjeringskvartal her:

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters