Hopp til innhold

Nye rekordar: K-popgruppa BTS har laga verdas mest populære låt

BTS har laga det som truleg er verdas mest populære låt akkurat no. I løpet av 24 timar blei singelen «Dynamite» den raskast seljande på iTunes og mest strøyma låten på YouTube.

Fredag gav K-popgruppa BTS ut singelen «Dynamite». Dette er den første låten deira med berre engelsk tekst.

Det sette fart på fansen, BTS Army. I løpet av åtte timar sende dei låten til topps i 100 regionar på iTunes. Ingen andre låtar har brukt så kort tid på å bli nummer ein.

Men BTS nøgde seg ikkje med det. Laurdag hadde dei sett ein ny rekord. Då var musikkvideoen vist over 100 millionar gongar på YouTube:

– Vi kan stadfeste at BTS med «Dynamite» har sett ny visingsrekord. Dei passerte 100 millionar-grensa med 101,1 millionar visningar dei første 24 timane, stadfestar ein talsperson for YouTube overfor Variety.

Tok tilbake trona

BTS sette rekord på YouTube også i august 2018. Då blei videoen til «Idol» sett av nesten 46 millionar gongar det første døgnet.

Den rekorden stod heilt til Ariana Grande-fansen november same år mobiliserte, og såg videoen til «Thank U, Next» over 55 millionar gongar på 24 timar.

Før Dynamite kom på fredag, var det eit anna K-popband, Blackpink, som hadde YouTube-rekorden. «How You Like That» blei sett 86,3 millionar gongar då videoen kom 26. juni.

Blackpink under Coachella-festivalen i USA i 2019

K-popgruppa Blackpink hadde den gamle rekorden på YouTube. Her opptrer dei under Coachella-festivalen i USA i fjor.

Foto: Rich Fury / AFP

Dei gode strøyme- og salstala til BTS gjer at gruppa er ei av dei aller største i verda akkurat no. I løpet av denne veka kjem dei truleg til å gå til topps på hitlistene i fleire land.

Foreløpige tal frå Official Chart viser førsteplassen i Storbritannia absolutt er innan rekkevidd for BTS når den offisielle lista blir presentert på fredag.

Globalt fenomen

K-pop er ein av dei største sjangrane på verdsbasis akkurat no. Ifølge lytterapporten til IFPI frå i fjor var dette den sjuande største sjangeren i verda. På plassane bak følger metal, R & B og klassisk musikk, skriv Billboard.

Men sjølv om koreansk popmusikk erobrar hitlistene i land etter land, har norske lyttarar vore meir tilbakehaldne.

PSY toppa norske hitlister med «Gangnam Style» i 2012, men etter det har det vore skrint med koreanske listetoppar her til lands.

PSY framfører Gangnam Style

Den koreanske artisten PSY hadde stor suksess i 2012. «Gangnam Style» gjekk til topps på både norske og internasjonale hitlister.

Foto: TIM WIMBORNE / Reuters

Musikkvitar Audun Molde meiner det skuldast at Noreg framleis er opptekne av britisk og amerikansk musikk. Men han trur vi kjem til å sjå koreanske grupper på norske scener i løpet av få år.

– Eg trur det er spørsmål om tid før dei erobrar Telenor Arena og Oslo Spektrum, sa han til NRK i mai.

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters