Autotune
Foto: Susanne Flender / NRK

Slik forandra autotune musikken for alltid

Verktøyet har vore eit stort tabu i over 20 år. I dag gjennomsyrar det nesten all popmusikk.

Du har sannsynlegvis høyrt han fleire gongar berre i dag.

På radioen, TV-en, Youtube, Spotify eller på konsert. Av og til er lyden heilt tydeleg, men mest truleg har du ikkje lagt merke til han. På same måte som at du ikkje tenkjer over fuglane som kvitrar utanfor vindauget, eller den lågmælte duren frå kjøleskapet.

Men det fanst ei tid, for ikkje så veldig lenge sidan, då denne lyden ikkje eksisterte. Denne historia begynner der den tida slutta.

Autotune bord 1

Eg hugsar det som om det var i går.

Det var då dei framleis viste reklamar for CD-ar på TV. Eg var ni år gammal då det plutseleg dukka ei fortryllande kvinne opp på skjermen i stova. Ansiktet hennar hadde ein voksliknande tekstur. Det gløda som ei lampe, med lange augevipper.

Men det som trefte meg mest, var den metalliske stemma hennar. Det var som om ho var frå ei anna verd.

«Do you believe in life after love?»

Chers superhit «Believe» frå 1998 erobra hitlistene over heile verda. Songen segla til topps i 23 ulike land, deriblant Noreg.

Produsentane ville først ikkje innrømme kva dei hadde gjort med stemma hennar. Dei lagde difor ei dekkhistorie, der dei forklarte roboteffekten med at dei hadde brukt ein slags vocoder-pedal som smelta to stemmer om til ein lyd.

Men sanninga kom likevel raskt fram. Det viste seg at songen var gjennomsyra av eit nytt digitalt verktøy – som automatisk stemmer alle sure tonar:

Autotune.

Cher

ROBOT ELLER MENNESKE?: Chers «Believe» vart den første store autotune-hitten i verda. Då han kom ut, var det mange som stussa på kva som hadde skjedd med stemma hennar.

Foto: ETHAN MILLER / AFP

Den trønderske produsentduoen Seeb hugsar godt då verktøyet gjorde sitt brasande inntog i musikkverda på slutten av 90-talet.

– Då det kom, var det ingen som hadde sett for seg at det skulle kome. Ingen hadde etterlyst det heller, eigentleg. Det berre kom, og tok over alt, seier Espen Berg i Seeb.

Han og makkeren Simen Eriksrud var nokre av dei første til å ta i bruk autotune i Noreg. Lenge før dei fleste skulle tru. Men på den tida var det nærmast skamfullt, og ikkje noko ein snakka høgt om, i alle fall ikkje offentleg.

I motsetnad til Cher, brukte dei også verktøyet slik oppfinnaren sjølv hadde tenkt det skulle brukast.

På den subtile måten.

Oljeingeniøren bak autotune

Om du jobba i oljebransjen på 80-talet, er nok Andy Hildebrand eit kjent namn. Han utvikla nemleg ein ny seismisk metode for å finne olje, som gjekk ut på å senke dynamitt til havbotnen, og deretter analysere lydbølgene frå eksplosjonane. Lyden røpte plasseringa til det svarte gullet, utan at ein trong å bore for å leite.

Metoden vart ein stor suksess, og sparte oljeselskapet Exxon for utgifter på 500 millionar dollar. Andy skjønte at teknologien han sat på var verdt ei gullgruve. Kanskje han også gjekk an å bruke på andre område?

På telefon frå heimen sin i Puerto Rico mimrar han tilbake til då han fekk ideen som skulle forandre musikkverda for alltid.

– Eg åt lunsj med businesspartnaren min og kona hans i 1996, og snakka om kva eg skulle gjere vidare. Kona til partnaren min song i eit kyrkjekor, og lurte difor på om eg kunne lage ein boks som gjorde at ho song reint.

Andy og dei andre rundt bordet rista på hovudet over forslaget. Men så begynte det matematiske geniet å gruble. For dette var jo faktisk noko han hadde jobba med tidlegare i oljebransjen: Å analysere og redigere lydbølgjer.

Eit år seinare var autotune ein realitet.

– Produsentane kasta seg over meg. Eg såg aldri for meg at det skulle bli så populært, og skjønte ikkje heilt kor mykje dette hadde å seie for studioa. Før måtte songarane synge mange gongar i håp om å få eitt god opptak. No kunne dei kome inn, synge ein gong, og dra igjen, seier Andy.

Georganna og Andy Hildebrand

SKAPAREN: Dr. Andy (73) har vore pensjonert i fleire år. I dag nyt han livets glade dagar saman med kona Georganna på Puerto Rico. På fritida likar Andy å drive med trearbeid og spele fløyte. Han har hatt eit varmt forhold til musikken gjennom heile livet.

Foto: privat

Eit viktig poeng for Andy var at den gjengse lyttar ikkje skulle høyre at autotune var i bruk. Han laga difor fleire innstillingar for å kamuflere effekten. Dei to viktigaste er «tracking» og «retune speed».

«Tracking» regulerer kor mykje programmet skal stemme.

«Retune speed» regulerer kor lang tid verktøyet skal bruke på å stemme ein sur tone. Frå 0 til 400 millisekund. På rolege songar er det spesielt viktig at korrigeringa ikkje skjer for raskt, då ei naturleg stemme har ein glidande overgang frå tone til tone.

Det var eigentleg berre for moro skuld at Andy også la inn verdien «0». Altså at tonen blir stemt i nøyaktig same augeblikk som han blir sungen. Då vil lyttaren oppleve at stemma hoppar opp og ned som i ei trapp.

I videoen under kan de høyre ei kort strofe med retune speed på fire ulike nivå. 400, 74, 15 og 0.

AUTOTUNE: Det øvste hjulet til venstre regulerer retune speeden. Rundingen i midten viser kor mykje autotune slår ut på kvar tone.

Oppfinnaren vart mildt sagt overraska då han høyrde Chers «Believe» for første gong. «Gjorde ho verkeleg det?» var hans første reaksjon.

Jepp. Det var akkurat det ho gjorde. Produsentane hennar sette retune speeden på «0». Og Cher elska det. Då plateselskapet foreslo å fjerne den rare effekten, kom det ikkje på tale. Resten er historie.

Autotune vart omdøypt til «Cher-effekten» på folkemunne. Den ekstreme måten, med «0» i retune speed, vart dermed kjenneteiknet. Mange såg på effekten som ein morosam gimmick. Få var derimot klar over at dette berre var toppen av isfjellet.

Sanninga er at du sannsynlegvis har høyrt fleire tusen songar med autotune – utan å vite om det.

Den stemte lyden av Noreg

Produsentar over heile verda lasta ned autotune på datamaskinene sine med ein gong det kom på marknaden. Simen og Espen i Seeb var inkje unntak. Dei var allereie i full gang med å teste ut autotune på eigne prosjekt – før Cher erobra hitlistene med «Believe».

– Dei første eg brukte autotune på var Inifinity. Hugsar du den dansegruppa? spør Espen.

Simen set på songen «Happy» frå albumet «www.Happy-People.net» på full guffe i studio. Det er som å få ein knyttneve frå oppveksten midt i fleisen. Det er klart eg hugsar dette. Denne songen er sjølve lyden av barnediskoen (og sikkert også vaksendiskoen) på slutten av 90-talet.

Men er det verkeleg autotune her?

– Dette er faktisk den einaste låten på albumet som ikkje har autotune. Men så fekk eg harddisk, og lasta det ned. Då kravde det veldig mykje datakraft. Med Windows 98, og heilt andre føresetnader. SKRU AV DEN SONGEN!

Espen ser strengt bort på Simen, som gliser, ventar eit par sekund, før han delvis lyder ordren frå kompanjongen og skrur ned volumet på den autotune-lause songen.

– Eg brukte sjølvsagt pseudonym på dette albumet. Då var eg så kul at eg ikkje ville ha namnet mitt på ting eg ikkje kunne stå inne for, forklarar Espen.

Seeb

SEEB: Espen Berg og Simen Eriksrud er nokre av dei største EDM-produsentane i verda. Duoen har jobba med store band som Coldplay, Bastille og OneRepublic. Dei er mest kjend for remiksen av Mike Posner-låten «I took a pill in Ibiza», som er spelt over 1,2 milliardar gongar på Spotify.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

I dag har Simen og Espen blitt så vande med å høyre hundre prosent reine tonar, at dei rett og slett blir fysisk uvel av å høyre popmusikk utan autotune.

– Det er så surt! Det er heilt forferdeleg, seier Simen.

Og berre så det er sagt. Dette gjeld også langt større band og artistar enn norske Infinity. Songen som har plaga Simen mest i det siste, er ein av favorittane til den 12 år gamle dottera hans.

– Ho høyrer på den «Halo»-låten til Beyoncé. Og der er det heller ikkje autotune på. Eg orkar ikkje å høyre på det, altså. Eg klarer det ikkje, seier han fortvila.

Autotune bord 2

Både Beyoncé og ektemannen hennar Jay-Z klarte lenge (kanskje for lenge, ifølge Simen) å halde seg vekke frå autotune. Jay-Z var på eit tidspunkt nærmast ein aktivist mot stemmeverktøyet. Men no har dei begge krope til det store autotune-korset.

Simen og Espen har på si side har vore trufaste brukarar av ulike hjelpemiddel for å stemme vokal i over 20 år. Etter Infinity stod bandet Briskeby for tur, og debutalbumet «Jeans for Onassis» i 2000.

– Då vart autotune brukt heilt tida, men eg var nervøs for å bruke det. For bandmedlemane vart litt sure viss det var stemt veldig hardt, mimrar Espen.

Så du brukte det svakt, da?

– Nei ... det vart faktisk ganske mykje til slutt, svarar han og ler.

Albumet vart ein stor suksess, og bandet vant heile fire prisar under Spellemannprisen året etter. Med så mykje merksemd skulle ein kanskje tru at nokon også påpeika bruken av autotune på albumet.

Var det ingen som kommenterte det?

– Nei, nei, svarar Espen. På den tida der, om ein høyrde noko som helst teikn til korrigering, så var folk veldig negative. Det var noko uekte med det.

Briskeby

BRISKEBY: Gitarist Bjørn Bergene og vokalist Lise Karlsnes på Roskilde i 2001.

Foto: Jeanne Kornum / NTB Scanpix

Det tryggaste var å halde fram med å late som ingenting. Autotune vart mykje brukt i Noreg på 00-talet. Men alltid svært forsiktig, og for å rette opp sure tonar. Blant profilerte artistar retta verktøyet aldri merksemda mot seg sjølv.

I USA var stoda derimot noko heilt anna. Jennifer Lopez var ein av dei første i rekka til å eksperimentere med effekten etter Cher, med songen «If you had my love» frå 1999. Dette var langt ifrå hennar største hit, men den skarpe autotunen trefte i alle fall ein person midt i hjartet.

Guten Faheem Rasheed Najm var berre 14 år då han sat heime i stova og høyrde J-Los fortryllande robotstemme. Nokre få år seinare skulle han bli ein av dei største pionerane innan moderne hiphop.

Kampen mot autotune

Faheem ville lære alt som gjekk an å lære om autotune, og begynte difor å studere verktøyet inngåande. Han brukte halvtanna år på å utforske matematikken bak algoritmane og korleis verktøyet fungerte på dei ulike innstillingane.

I 2005 gav han ut sitt første album «Rappa Ternt Sanga» under artistnamnet T-Pain. Albumet var nyskapande og eksperimentelt. Men kva var dette? Ein rappar som også kunne synge – med hjelp av autotune? Dette måtte testast ut av fleire.

Lil’ Wayne, Future, Snoop Dogg, will.i.am, Chief Keef ...

Då Kanye West kom ut med albumet «808s & Heartbreak», var det ingen veg tilbake. Autotune og amerikansk hiphop var som mann og kone. Magasinet Rolling Stone kåra albumet til eit av dei 40 mest banebrytande albuma i historia.

Kanye West, T-Pain

T-PAIN & KANYE WEST: Desse to karane blir sett på som to av dei største autotune-pionerane i amerikanske hiphop. Her tar dei imot prisen «Beste samarbeid» for låten «Good Life» under BET Awards i Los Angeles, 2008.

Foto: Hector Mata / AP

Autotune skulle også infiltrere norsk hiphop, men her sat rapparane lenger på gjerdet. Eit lite unntak var trøndergruppa Bromstad Billionaires, og låten «Kakk opp remix» frå 2009.

I eit intervju på den gamle bloggen til Lars Vaular sa trønderane at dei håpte autotune skulle ta dei til neste nivå. Men mykje tydar på at dei kanskje var litt vel tidleg ute til festen.

I løpet av året begynte nemleg mange å bli svært redde for kva autotune var i ferd med å gjere med musikken. Var det verkeleg meininga at alle skulle høyrest ut som robotar? Kvar vart det av det ekte, naturlege og autentiske? Skapet måtte setjast på plass.

Ei heil rørsle vart sett i gang for å stoppe styggedomen. Ho fekk til og med sin eigen protestlåt, signert Jay-Z, med namnet «D.O.A.» (Death of Auto-tune). I låten går rapparen kraftig til angrep på kollegaene sine.

«This is anti auto-tune, death of the ring-tone (…) Y'all niggas singing too much. Get back to rap you t-paining too much»

På Grammy-utdelinga same året gjekk indiebandet Death Cab for Cutie med turkise sløyfer på dressjakkene sine.

– Kvifor? spurde ein journalist frå MTV.

– For å auke merksemda rundt autotune-misbruk, svara vokalisten Ben Gibbard.

Christina Aguilera viste sin motstand med å ha på seg ei t-skjorte med påskrifta «Auto tune is for pussies». Som om ikkje det var nok, så vart Andys oppfinning kåra til ei av dei 50 verste i historia av Time Magazine. På liste med crocs, plastikkposar og elektronisk søppelpost.

Autotune bord 3

Andy Hildebrand fekk sjølv mange hatfulle meldingar og drapstruslar på grunn av oppfinninga si. Ein dag kom ein produsent mot han med eit herja uttrykk i ansiktet.

– Han sa at eg hadde forandra livet hans. 'Før var jobben min å finne gode songarar. No er jobben min å finne folk som ser bra ut.', sa han. For no kunne visst alle synge med autotune, mimrar Andy.

Kva svarte du han?

– Eg sa at eg håpte han likte den nye jobben sin.

– Men du skjønar kvifor folk vart sinte?

– Eg brukar å forklare at det ikkje er min feil. Eg berre bygde bilen. Det er ikkje eg som køyrer han ned feil side av vegen. Det er det produsentane som gjer når dei brukar effekten for mykje.

Motstanden mot autotune var også synleg i Noreg. Til dømes sette fleire kaffien i halsen då den metalliske stemma dukka opp under finalen av «Norske Talenter» i 2009! Mange sjåarar reagerte med sinne, men TV 2 blånekta likevel for at autotune hadde blitt brukt.

I Dagbladet vart Fredrikstad-artisten Name stilt til veggs fordi han hadde brukt verktøyet i ein av songane sine. Han valde å skulde på produsenten, og sa at han var skeptisk til trenden.

Ifølge media var folk lei av autotune på slutten av 00-talet. Det var ein uting, noko ingen ville assosierast med.

Facebook hadde noko av det same problemet på den tida. Den eine personen etter den andre sletta kontoen sin. I tillegg skrytte mange av det offentleg, i kronikkar med overskrifter som «Farvel til Facebook» og «Ferdig med Facebook».

Dei skulle klare seg utan det digitale hjelpemiddelet, og setje meir pris på den analoge verda rundt seg.

Men dei kom likevel tilbake, ein etter ein, med lua i handa.

Autotune 2020

Ifølge musikkmagasinet Pitchfork blir autotune brukt i 99 prosent av dagens popmusikk.

Kan det verkeleg stemme?

– Ja, det vil eg påstå stemmer. I dag er det heilt utenkjeleg å gi ut kommersiell musikk utan å stemme han først, seier Martin Sjølie.

Han skriv og produserer musikk med norske artistar som Sigrid, Maria Mena og Ingebjørg Bratland. I tillegg har han jobba med Sam Smith og verdas mest spelte band for augeblikket: K-pop-gruppa BTS.

Martin brukar autotune kvar einaste dag. (Ikkje berre på vokal, men også instrument som fiolin og gitar.) Likevel merkar han at verktøyet framleis er tabu for mange i musikkbransjen.

Martin Sjølie

HITMAKEREN: Martin Sjølie har skrive og produsert mange av dei største songane i Noreg dei siste åra. I 2018 vann han Edvard-prisen saman med Sigrid for EP-en «Don't Kill My Vibe».

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

– Eg trur at sjølv om det er noko alle brukar, så føler mange at publikum synest det er juks. Likevel seier dei fleste artistane: «Åh, få på noko autotune, da! Eg orkar ikkje å høyre på meg sjølv utan.»

Men er det verkeleg slik at artistar som Sigrid brukar autotune?

– Nei, ho brukar nesten ingenting, svarar Martin.

Det betyr likevel ikkje at stemma hennar er heilt ukorrigert. Verktøyet Martin brukar i staden er nemleg autotune si veslesyster: Melodyne. Ho er også eit digitalt verktøy for å stemme tonar. Men skil seg likevel betydeleg ut frå storebroren.

Autotune blir ofte lagt på som eit filter over eit lydspor, så stiller ein inn parameterane for kor raskt og mykje verktøyet skal stemme lyden.

I Melodyne legg alle tonane seg utover horisontale striper på skjermen som på eit piano. Etter songen er spelt inn, kan ein justere kvar enkelt tone opp og ned.

– Det er ei heilt revolusjonerande programvare. Ho har vore ute i 15 år, men blir berre betre og betre. No kan du til og ha tre songarar på same lydfil, og gå inn og stemme berre ei av dei. Eg trudde først det var ein aprilspøk.

Martin viser på datamaskina korleis han brukte Melodyne på songen «Sucker Punch» av Sigrid. Når han legg inn stemma hennar, ser vi at tonane legg seg nesten heilt perfekt på dei horisontale stripene på skjermen.

– Ho leverer ekstremt bra. Dette råopptaket er frå studioet på Giske. Ho trong berre å synge to gongar, så hadde vi det, seier Martin.

Sigrid er ein av dei beste vokalistane Martin nokon gong har jobba med. Men fordi Sigrid er eit menneske av kjøt og blod, og ikkje ein robot, vil det vere umogleg for ho å synge 100 prosent reint heile tida. Martin går difor inn og flikkar litt på enkelte tonar. Litt opp her, bitte litt ned der.

På bildet under kan de sjå nokre tonar frå songen «Sucker Punch» av Sigrid i Melodyne. Stripene bak symboliserer dei svarte og kvite tangentane på eit piano. Om tonen ligg nøyaktig midt på stripa, er han heilt rein.

Melodyne Sigrid

«SUCKER PUNCH»: Eit lite utdrag frå refrenget til Sigrids hit frå 2018.

Han spelar av råopptaket, deretter opptaket med endringar i Melodyne. Høyrer eg forskjell?

Kan du spele dei ein gong til, spør eg.

Martin spelar dei av ein gong til. Så ein gong til etter det.

Nei. Det er vanskeleg. Eg ser på dataskjermen at det er forskjell på lydspora, men øyra mine er ikkje like trena som Martin sine til å høyre dei små nyansane.

Sigrid Raabe

LIVE: Sjølv om Sigrid får litt hjelp av Melodyne i studio, brukar ho ingen hjelpemiddel til å korrigere stemma på konsertar.

Foto: Frode Berg / NRK

– Eg gav ut singelen «Bror» med Ingebjørg Bratland for eit par år sidan. Då songen vart send på radio, fekk NRK ein telefon frå ein lyttar som meinte å høyre at autotune var brukt.

Og det var kanskje ikkje udelt positivt?

– Det var ei skandale. Men det som er komisk, er at det ikkje var autotune på den songen. Eg hadde korrigert noko med Melodyne, men ikkje i det partiet han hadde reagert på. Ho syng så presist, og har ein sånn folketoneknekk som er vanskeleg å få til, og då opplevde han det som maskinelt, forklarar Martin.

Autotune og spesielt Melodyne kan vere svært vanskeleg å høyre for den gjengse lyttar. Men ein eller annan plass, langt inne i hovudet, høyrer vi det likevel. Eller rettare sagt er det noko vi ikkje høyrer. Vi høyrer ingen sure tonar. Ikkje litt sure ein gong.

– Publikum har blitt så vant med å høyre stemt vokal, at vi opplever det som dårleg eller uferdig om ikkje autotune er på, meiner Martin.

Det finst likevel nokre få popartistar som framleis sver til å halde stemma 100 prosent naturleg.

– Om du høyrer «Someone like you» av Adele, så syng ho direkte surt til tider. Ho klarer ikkje å kome heilt opp på tonane. Men det har ein likevel latt vere, fordi det er ho.

Adele er kjent for å halde seg vekke frå ymse digitale stemmeverktøy. For moro skuld hentar vi difor inn eit råopptak av stemma hennar frå songen «Hello», og lastar det opp i Melodyne på maskina til Martin.

– Ho syng bra, altså. Men vi ser at ho ligg litt for lågt, seier Martin.

På skjermen kan vi sjå at tonane ligg litt lågt i forhold til F-moll-skalaen som songen går i.

Melodyne Adele

«HELLO, IT'S ME»: Som de ser på skjermen, ligg Adele litt for lågt. Til hennar forsvar er klippet henta frå eit liveopptak, og ikkje frå studio.

Ein av grunnane til at Adele framleis er «kosher», er at ho omgir seg med akustiske instrument som piano og strykarar. Desse har også ein naturleg «surleik» i tonane, som gjer at stemma hennar passar betre inn i lydbildet.

Adele er uansett eit sjeldan unntak. Men kor mykje autotune høyrer vi eigentleg i dagens popmusikk? Eg let Martin ta ein rask gjennomgang av VG-lista.

Med sine trente produsentøyre høyrer han autotune på 18 av 20 songar. Blant artistane finn vi svært dyktige vokalistar som til dømes Sam Smith og Ed Sheeran. To av songane på lista er Martin derimot meir usikker på:

Den eine er «Bad guy» av Billie Eilish. Her er det riktig nok mange andre vokaleffektar i spel, og det er vanskeleg å kjenne igjen autotune på den snakkande stemma hennar.

Den andre er «Higher love» med Kygo og Whitney Houston. Her har Kygo laga ein ny versjon av songen med Whitney sitt vokalspor frå 1990. Sju år før Andy Hildebrand fant opp autotune.

Vi kan trygt slå fast at stemt vokal har blitt norma i moderne popmusikk. Autotune blir også brukt meir og meir «live» på konsertar. Men kva med norsk hiphop? Som nemnd tidlegare sat rapparane i Noreg framleis på gjerde då dei amerikanske kollegaene deira baska rundt i autotune-bassenget.

Korleis er stoda i dag?

Autotune i norsk hiphop

– I starten med T-Pain og Kanye skrudde ein opp alt på maks og prøvde å synge inni autotunen. Men no har ein begynt å eksperimentere meir med innstillingane og korleis ein brukar dei, seier Ole Torjus Hofvind.

Hiphop-produsenten er mest kjent for samarbeidet med Cezinando, som produsent på rapparen sine to siste kritikarroste album.

Han får god hjelp av autotune når han jobbar i studio. Ikkje berre under innspeling, men også gjennom heile låtskrivingsprosessen.

Ole Torjus Hofvind

SPELLEMANN: Ole Torjus måtte krype ut av studiohola si for å ta imot prisen for «Årets produsent» av Madcon under Spellemannprisen 2017.

Foto: Audun Braastad / NTB Scanpix

– Ein ting er å synge, men kva skjer når ein brukar stemma på ein rar måte inni effekten? Når ein lagar rare gutturale lydar som ikkje gir meining å stemme, men så går dei likevel inn i autotune. Skjønar du?

«Æææææuuuæææhhh»

Ole Torjus lagar nokre merkelege lydar med halsen sin, som minner meir om mongolsk strupesong enn norsk hiphop.

Så då har ein autotune på øyret, og berre lagar rare lydar for å sjå kva som skjer?

– Ja, det har blitt noko vi gjer mykje i rap. Når autotune er på, er det ingenting som blir 'feil'. Du kan skrike, kviskre, rope eller berre kaste rundt på tonar. Utan autotune høyrest det heilt lauk ut, men i konteksten høyrest det feitt ut. Det er ein veldig effektiv måte å kome på nye melodiar.

Det høyrest fantastisk ut. Og det er fantastisk. Med autotune kan faktisk kven som helst bidra til å lage musikk. Ein treng verken å kunne synge eller spele eit einaste instrument.

Autotune bord 5

– Mange rapparar er ikkje trent til å skrive melodiar. Dei kjem ikkje frå ein sånn «singersongwriter»-bakgrunn. Så i utstrekt grad har dette blitt måten å skrive på. Vi startar med ein «beat» som musikalsk grunnlag, så kan kven som helst prøve å legge nokre tonar.

Du også?

– Ja, eg hugsar eg var med på ein sesjon med Unge Ferrari. Der mangla dei eit refreng, så dei spurde om eg kunne prøve å legge noko. Då begynte eg berre å synge sånn «gibberish», så kom plutseleg ordet «venstere».

Venstre?

– Ja, eg hugsar ikkje om konseptet med «venstre» var der frå før av, men eg begynte å tenke på «venstre». Ikkje partiet da, men ordet. Så begynte eg berre å synge «venst-ere», «venst-ere», «venst-ere» mange gongar.

I 2017 kom Unge Ferrari (med Medina) ut med songen «Venstre». Ole Torjus er kreditert som låtskrivar.

Ole Torjus prøvar stadig å gå nye vegar i musikken. Det er enklare sagt enn gjort, når alle brukar det same verktøyet. Den siste tida har spesielt ein funksjon gått veldig mykje igjen.

– Den går knapt ein einaste dag utan at eg høyrer ein ny låt i «New Music Friday» på Spotify som brukar «harmonizer» i intro eller bridge.

«Harmonizer engine» er eit verktøy frå skaparane bak autotune som lagar harmoniar av stemma. Verktøyet kan få ei enkelt stemme til å høyrest ut som eit heilt kor. Effekten har blitt svært populær gjennom band og artistar som Bon Iver og Francis and the Lights.

Då Ole Torjus skulle produsere det førre albumet til Cezinando, ønskja han å gjere noko av det same. Men for å skilje seg ut i mengda, gjekk han for ei litt anna løysing.

I staden for å bruke autotune (som hadde laga harmoniane automatisk), valde han å bruke Melodyne (der ein manuelt går inn og rettar ein og ein tone).

– Det eg gjorde var at eg tok det opphavlege lydsporet og dupliserte det mange gongar. Så flytta eg tonane opp og ned, og laga harmoniar på kvar enkelt stemme.

Så dette var ein litt ny måte å gjere det på?

– Ja, eller eigentleg berre ein meir tungvint, unødvendig surrete, og veldig langtekkeleg måte. Men nokre gongar må ein berre prøve å gjere det på ein annan måte, sjølv om eg innser at dei færraste av lyttarane i det heile tatt vil oppfatte eller å forstå forskjellen mellom dette og ein vanleg «harmonizer».

Mot slutten av låten «Vi er perfekt men verden er ikke det» kan du høyre dei få sekunda med harmoniar som Ole Torjus har brukt timevis på å få til.

Ole Torjus har tidvis redigert Cezinandos stemme til det ekstreme på dei to siste albuma. Likevel har kritikarane vore fulle av ord som «ærleg», «emosjonell», «personleg» og «følsam».

Går det verkeleg an?

Å både vere sterkt redigert
og samtidig djupt menneskeleg?

Cezinando, konsert på Sentrum Scene den 6. mars 2020

FENOMEN: Cezinando har imponert både publikum og kritikarar. Her opptrer han på Sentrum Scene i Oslo tidlegare i år.

Foto: NRK / Javier Auris

Ærleg musikk?

– Musikk er ikkje ein konkurranse i å vere flink til å synge. Det er kult når folk er flinke, men det handlar ikkje berre om å treffe tonane. Det handlar om levering og følelsar, seier Ole Torjus.

Han får støtte av Espen i Seeb. Han hugsar godt tida før autotune, og meiner artistane klarer å uttrykke seg friare no som dei har hjelpemiddelet tilgjengeleg.

– Før var det ikkje nødvendigvis fokus på emosjon og innleving. Om du ikkje song reint, så var det umogleg å høyre på. Så viss vi måtte velje mellom eit reint opptak, og eit som var fullt av energi, så måtte vi ta det som var reint, mimrar Espen.

Både artistar og produsentar føler at dei leverer «ærlegare» musikk med autotune. Difor vel sjølv også mange av dei aller dyktigaste vokalistane å bruke verktøyet.

Når det er sagt: Produsentane i Seeb kan framleis drøyme seg tilbake til 70- og 80-talet. Desse tiåra er kjent for sine ekstremt gode vokalistar, som både kunne synge klokkereint og levere energi og følelsar i massevis.

– Eg var så heldig ein gong å få høyre gjennom dei rå vokaltapane til «September» av Earth, Wind & Fire. Det var jo 'perfect pitch'! Det høyrdest ut som dei hadde autotune, seier Espen begeistra.

– Men du må hugse at då var det langt færre artistar. Då var det dei aller beste, seier Simen. Før var det 10 stykk i toppen. No er det 1000 – og alle brukar autotune.

Autotune bord 4

PS: Førre veke sat oppfinnaren Andy Hildebrand heime i stova si på Puerto Rico og såg ein dokumentar frå Midtausten. Då høyrde han plutseleg autotune på ein måte han aldri hadde høyrt før.

– Dei brukte til og med autotune på ropa frå bønetårna. Ikkje berre litt, men med full effekt. Kanskje det er enklare å be på den måten? Eg veit ikkje.

Hei!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel!

Anbefalt vidare sjåing:

"Menneskene bak musikken" viser hvordan store norske låter har blitt til og gir et innblikk i arbeidsprosessen til noen av de største produsentene og låtskriverne i Norge. Her møter vi Martin Sjølie som har produsert Sigrid sin hit "Don't Kill My Vibe".

"Menneskene bak musikken" viser hvordan store norske låter har blitt til og gir et innblikk i arbeidsprosessen til noen av de største produsentene og låtskriverne i Norge. Her møter vi Martin Sjølie som har produsert Sigrid sin hit "Don't Kill My Vibe".

Hvordan lager man en prisvinnende låt? Denne uken møter vi Ole Torjus Hofvind som har produsert Cezinando sin "Håper du har plass", en låt som vant prisen for Årets låt under P3 Gull i 2017.

Hvordan lager man en prisvinnende låt? Denne uken møter vi Ole Torjus Hofvind som har produsert Cezinando sin "Håper du har plass", en låt som vant prisen for Årets låt under P3 Gull i 2017.

Seeb feat. Dagny er nominert til Spellemann for låten "Drink About". Hva er hemmeligheten bak vokalen på refrenget? Og hvordan lager man egentlig et bra drop?

Seeb feat. Dagny er nominert til Spellemann for låten "Drink About". Hva er hemmeligheten bak vokalen på refrenget? Og hvordan lager man egentlig et bra drop?