Ariana Grande sette ny Youtube-rekord

Den nye musikkvideoen til Ariana Grande brukte fredag mindre enn 34 minutt å passere ein million visingar på Youtube. Ingen annan video på nettstaden har nådd milliongrensa så raskt.

Ariana Grande gjekk rett til topps på den amerikanske Billboardlista då singelen «Thank U, Next» kom ut for tre veker sidan. Og sidan då har ho toppa lista. Låten er ein hyllest til mennene ho har vore saman med.

34 minutt etter at musikkvideoen til låten blei publisert fredag, var videoen vist meir enn ein million gongar på Youtube. Det er ny rekord for videonettstaden, skriv Billboard. 17 timar etter premieren har videoen passert 40 millionar avspelingar.

I august sette det sørkoreanske boybandet BTS ny rekord for talet på visingar i løpet av 24 timar. Då blei videoen «Idol» vist 45 millionar gongar det første døgnet videoen låg ute. Grande slo den rekorden rett etter klokka 18 i kveld norsk tid. Då hadde det gått 21 timar sidan ho slapp singelen.

Kulturelle referansar

Den nye musikkvideoen er spekka med kjendisar og populærkulturelle referansar. Grande hyllar blant anna romantiske tenåringskomediar i videoen. Ho gjentek scener frå filmar som «Mean Girls», «Lovlig blond» og «Bring It On» i videoen.

Reese Witherspoon, som spelte hovudrolla som den blonde jusstudenten Elle Wood i «Lovlig blond» i 2001, var tydleg nøgd med tolkinga Ariana Grande gjer i musikkvideoen.

Laster Twitter-innhold

Fleire kjendisar gjestar også videoen. Kardashian-Jenner matriark Kris Jenner spelar rolla som mor til Grande i videoen. Jonathan Bennett som spelte i filmen «Mean Girls», er også med i videoen. Det same er Jennifer Coolidge som spelte i «Lovlig blond».

Turbulente månader

Det siste halvanna året har vore fullt av opp- og nedturar for Ariana Grande. I mai 2017 miste 22 menneske livet og over 100 personar blei skadde då ei bombe gjekk av utanfor Manchester Arena etter ein konsert med Grande.

To veker seinare var ho tilbake i Manchester for å halde stjernespekka minnekonsert saman med blant andre Katy Perry, Miley Cyrus og Justin Bieber.

Ariana Grande og Pete Davidson

Ariana Grande og komikaren Pete Davidson blei eit par i mai. I juni forlova dei seg, og i oktober var forholdet over. Her er dei på veg inn til MTV Video Music Award i august.

Foto: Evan Agostini / AP

I ein ny dokumentarserie der fansen får eit innblikk i turneen hennar, snakkar ho blant anna om korleis terroren påverka henne, skriv BBC.

– 22. mai 2017 vil alltid gjere meg mållaus og fylt med spørsmål resten av livet mitt. Det er så sjokkerande og hjarteskjerande at det er vanskeleg å kome over det, seier ho om hendinga.

I september døydde rapparen Mac Miller av ein overdose. Han og Grande hadde eit forhold i eit par år. Ho tok dødsfallet tungt. Forholdet deira tok slutt i mai, og kort tid etter brotet blei det kjent at Grande hadde funne tonen med komikaren Pete Davidson. Paret forlova seg i juni, men i oktober kom meldinga om at det var slutt.

Men no har altså Grande stor suksess med songen om dei mennene ho har vore saman med.

Kulturstrøm

  • Polanski saksøker filmakademi

    Regissør Roman Polanski saksøker Academy of Motion Picture Arts and Sciences etter at akademiet kastet ham ut i fjor, skriver Variety. Utestengelsen er knyttet til en voldtekt av en 13 år gammel jente på 1970-tallet.

  • Helaften med Peer Gynt

    På NRK 2 i kveld kan du følge Henrik Ibsens Peer Gynt. Det blir en helaften med dokumentar, teater og etterprat med hovedrolleinnhaver Toralv Maurstad. Fra Det norske teatrets oppsetning i 2018.

  • 180.000 bier i Notre-Dame overlevde

    Katedralens bikuber var antatt å ha brent opp i storbrannen. Men birøkteren kunne langfredag meddele at biene har klart seg. – Jeg er så lettet, sier Nicolas Geant. Han har tatt seg av biene siden 2013, da kubene ble montert på taket til katedralen for å bidra til å øke antall bier i Paris. (NTB)

    Bikubene i Notre Dame