Hopp til innhold

Åge Aleksandersen om Gaza: – Det som skjer er så stygt

Nesten 300 norske artistar har skrive under på eit opprop mot at Israel skal få delta i Eurovision i Malmö i mai. – Vi ønsker NRK skal ta meir ansvar, seier ein av initiativtakarane Marthe Valle.

åge Lerkendal

Åge Aleksandersen seier det som skjer i Gaza sårar mange. Her er han avbilda i samband med at han lanserte avskjedsturneen med Sambandet fredag.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Åge Aleksandersen er ein av 293 norske artistar og grupper som har skrive under på oppropet mot at Israel får delta i Eurovision Song Contest i år.

Han deltok sjølv saman med Sambandet i 1980, i det som har blitt kalla den beste MGP-finalen gjennom tidene, med ein song som var ein reaksjon på Sovjetunionens invasjon av Afghanistan.

Aleksandersen seier det var sjølvsagt for han å signere oppropet.

– Det betyr så mykje for meg. Eg har laga songar som tek opp denne problemstillinga. Og eg synest det som skjer er så stygt, og det sårar meg og mange. Difor var det rett for meg å bidra med mi stemme, seier han.

Åge Aleksandersen og Sambandet under MGP-finalen i 1980

Åge Aleksandersen og Sambandet blei nummer to i Melodi Grand Prix i 1980 med «Bjørnen sover».

Foto: Paul Owesen / NTB

Andre namn på den lange lista er Ane Brun, Aurora og Karpe er blant dei som har skrive under på oppropet. I tillegg har ei rekke tidlegare MGP-artistar, som Ulrikke Brandstorp, Maria Haukaas Mittet og Jørn Hoel, skrive under.

Karpe vant seks priser under Spellemannprisutdelingen.

Karpe er blant dei nesten 300 norske artistane som har skrive under på oppropet.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Pål Moddi Knutsen, kjent under artisnamnet Moddi, valde å skrive under fordi han har opplevd korleis Israel bruker kultur politisk.

– Eg har sjølv forsøkt å sette opp konsert i Israel, og opplevde at det blei sett på som ei støtte til Israels okkupasjon av Palestina. Kultur og sport blir brukt aktivt i det israelske samfunnet til å legitimere den noverande politikken.

Pål Moddi Knutsen synger under demonstrasjon foran Stortinget.

Pål Moddi Knutsen seier han sjølv har opplevd korleis Israel bruker kultur i merkevarebygging. Her under Fosen-aksjonen framfor Stortinget i fjor.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

I oppropet står det at Israels brot på folkeretten blir normalisert når det ikkje får konsekvensar.

«Foreløpig sier EBU at de ikke vil utestenge Israel fra årets finale i Malmö 2024, slik de gjorde med Russland etter invasjonen av Ukraina i 2022. Dette er selektiv moral og politikk fra en union som påberoper seg å være upolitisk», skriv dei i oppropet.

Les også Raudt-politikar kuppa MGP-sendinga

Meiner EBU gjer Eurovision politisk

Det er artistane Marthe Valle og Marte Wulff som er initiativtakarar til oppropet. Valle seier dei ønsker at NRK skal ta meir ansvar og legge press på EBU for å stenge Israel ute, slik dei gjorde med Russland i 2022.

– Vi skulle helst ønske vi slapp å gjere dette. Vi skulle ønske NRK tok ansvar. Men då er poenget med dette oppropet å vise at det er mange stemmer som no seier ifrå om at Israel ikkje kan vere ein deltakar i Eurovision, seier ho til NRK.

Demonstrasjon mot Israel i Eurovision

Artist Marthe Valle er ein av dei som står bak oppropet som er kritisk til Israels deltaking i Eurovision.

Foto: Hanna Johre / NRK

Ifølge regelverket skal Eurovision vere apolitisk. Men Valle meiner EBU motverkar dette når dei gjer forskjell på Israel og Russland.

– Akkurat no er det veldig lite som er så politisk som Eurovision. All den tid vi er selektive på når vi skal løft fram moral og politikk, og når vi vel å oversjå det. Vi kan ikkje late som at dette skal vere ein arena for dialog og samhald, når Israel drep fleire hundre barn i døgnet, seier ho.

MGP demonstrasjon

Demonstrantar har protestert utanfor NRK mot Israels deltaking i Eurovision i samband med delfinalane i MGP.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

Endrar ikkje standpunkt

Presset for å stenge Israel ute frå musikkonkurransen har vore stort etter over 110 dagar med krig i Gaza. Men både EBU og NRK har tidlegare sagt at det er uaktuelt å ekskludere landet.

Charlo Halvorsen

Underhaldningsredaktør Charlo Halvorsen i NRK.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Underhaldningsredaktør i NRK, Charlo Halvorsen, seier han forstår den fortvilinga som ligg bak oppropet som no har kome, men at dette ikkje endrar NRKs standpunkt.

– NRK er ein allmennkringkastar med eit nyheitsoppdrag som ikkje kan gå ut med ein eigen kulturboikott av eit land.

Korleis stiller NRK seg til eit slikt opprop?

– Vi driv uavhengig og kritisk journalistikk på krigføringa i Gaza kvar einaste dag, og den journalistikken bygger på integritet i dekninga. Så har eg forståing for oppropet, men adressaten burde vere Stortinget og regjeringa. Det er der ein norsk kulturboikott kan bli avgjort.

Nordiske protestar

Israels deltaking i Eurovision er eit tema i dei nordiske nabolanda våre også. I Finland har 1300 musikarar skrive under på eit opprop for å legge press på den finske kringkastaren Yle.

– Israel bryt menneskerettane. Vi synest ikkje det er greitt at landet er med i Eurovision for å polere imaget sitt, seier initiativtakar Lukas Korpelainen til avisa Hufvudstadsbladet.

Den islandske kringkastaren RUV seier dei er usikre på om Island kjem til å delta i finalen i Sverige.

Dei seier dei utgangspunktet ønsker å delta, men at det kan snu dersom vinnaren av den nasjonale finalen av songkonkurransen Söngvakeppnin ikkje ønsker å delta.

Kulturstrøm

  • Gitarlegenden Duane Eddy er død

    Eddy døde av kreft på sykehuset Williamson Health, opplyser kona Deed Abbate, ifølge nyhetsbyrået AP.

    Duane Eddy var født i delstaten New York, men bodde i Arizona da han fikk sitt store gjennombrudd med låten «Rebel-'Rouser» i 1958. Han ble også kjent for blant annet «Because They're Young» og sin versjon av Henry Mancinis «Peter Gunn».

    Eddy betegnes som en av rockehistoriens mest innflytelsesrike instrumentalister og var en stor inspirasjonskilde for artister som George Harrison, Bruce Springsteen og John Fogerty, skriver Guitar World.

    (NTB)

    Duane Eddy under Stagecoach Music Festival i Indio i California i 2014.
    Foto: AP
  • Fausa og Antonsen til scenen sammen

    Atle Antonsen, Trond Fausa og Vidar Magnussen er blant skuespillerne som er klare for komedien «Peter Pan går til helvete» på Chateau Neuf i januar 2025.

    Ifølge en pressemelding blir oppsetningen den første norske versjonen av «Peter Pan Goes Wrong», som er spilt på Broadway og West End tidligere.

    Kim Haugen skal regissere og Bjarte Hjelmeland er produsent, og også Siw Anita Andersen, Nils-Ingar Aadne, Kristine Grændsen, Jan Martin Johnsen, Modou Bah og Tiril Heide-Steen står på rollelisten.

    Lena Kristin Ellingsen og Trond Fausa Aurvag på «Oppenheimer»-premiere i London i 2023.
    Foto: Vianney Le Caer / Invision / AP
  • Forfatteren Paul Auster er død

    Forfatteren Paul Auster er død, 77 år gammel, melder New York Times.

    Den svært produktive forfatteren ble beskrevet som en «litterær superstjerne». Han ble kjent på 1980-tallet med sin postmodernistiske gjenopplivingen av noir-romanen.

    Forfatteren var for nordmenn mest kjent for New York-trilogien, «Moon Palace» og «Brooklyns dårskap». Bøkene kom ut i henholdsvis 1985-1987, 1989 og 2005. Auster skrev også dikt, essays og filmmanus, blant annet.

    Han døde i sitt hjem i Brooklyn, etter komplikasjoner i forbindelse med lungekreft.

    Auster giftet seg i 1981 med norskættede Siri Hustvedt, som også er forfatter. Paret har vært på flere turer til Norge og har også deltatt på Aschehougs hagefest sammen.

     Paul Auster fotografert i 2011. Han har grått hår, gredd tilbake, mørk frakk og skjorte. Han ser bestemt, men vennlig inn i kameraet.
    Foto: BOB STRONG / Reuters