Hopp til innhold

Raudt-politikar kuppa MGP-sendinga

Tidlegare på kvelden hadde 116 demonstrantar møtt opp ved dørene til NRK. Dei krev at Israel ikkje får lov til å delta i den populære songkonkurransen.

Mot slutten av den første delfinalen i Melodi Grand Prix laurdag forsøkte ein demonstrant å avbryta det direktesende TV-programmet.

– Beklagar avbrytinga. Det går føre seg ein krig, og vi kan gjera meir. Noreg kan gjera meir, sa demonstranten.

Det var Raudt-politikar Jorunn Folkvord som braut inn i sendinga med Palestina-flagg og med ei T-skjorte der det stod «boikott Israel».

– Det var viktig å ikkje velja eit tidspunkt der vi hadde øydelagt for artistane. Vi ønskte heller ikkje øydeleggja opplevinga av kvelden for publikum, seier Folkvord til NRK.

– Eg var veldig nervøs, men no kjennest det veldig godt å ha fått lov til å bidra til at fleire snakkar om, seier noko om og tenkjer om kva som skjer, legg Raudt-politikaren til.

MGP demonstrasjon

Demonstrantar utanfor NRKs publikumsinngang.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

Underhaldningsredaktør Charlo Halvorsen sa tidlegare i kveld at dei hadde tatt ekstra forholdsreglar knytt til sendinga.

Etter sendinga seier han til NRK Nyheter det er umogleg å gardera seg mot at nokon går opp på scena under sending når ein har publikum i studio.

– Dette kan skje. Det er umogleg å gardera seg mot og vi handterte det heilt etter boka, seier han.

Symboliserte drepne journalistar

Før sendinga demonstrerte Aksjonsgruppa for Palestina utanfor publikumsinngangen på Marienlyst.

– Vårt krav er at Noreg og NRK jobbar for utestenging av Israel frå Eurovision 2024. Under markeringa vil vi visa kor massivt 116 døde journalistar er, skriv dei i ei pressemelding.

MGP demonstrasjon

Demonstrantane krev at Israel blir utestengt frå Eurovision 2024.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

Demonstrantane la seg på bakken, iført blå vestar med blod. Dette for å symbolisera journalistar som har blitt drepne i krigen.

Pressekontakt Janne Heltberg seier at dei i respekt for drepne ynskte at dette skulle vera ein stille aksjon.

Samstundes sa ho at dei vil vurdera å heva stemma om det ikkje skjer noko.

– Så lenge Israel er med, meiner vi det er politikk. Då er vi nøydde til å bruka stemma vår.

MGP demonstrasjon

Janne Heltberg krev at Noreg og NRK jobbar for å utestenga Israel frå den populære songkonkurransen.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

82 journalistar stadfesta drepne

Per 10. januar melder styresmakter i Gaza at 116 journalistar er drepne sidan 7. oktober.

Det skal difor også ha vore 116 demonstrantar utanfor NRK i kveld.

Ifølgje den uavhengige organisasjonen CPJ er 82 journalistar og medarbeidarar stadfesta drepne.

Av dei drepne pressefolka er 75 palestinarar, fire israelarar og tre libanesarar.

Krever at Israel utestenges fra MGP.

Krev at Israel blir utestengt frå Eurovision.

Underhaldningsredaktør Charlo Halvorsen i NRK skriv i ei tekstmelding til NTB at han har forståing for at situasjonen i Gaza skakar mange og vekkjer reaksjonar.

– Om nokon ynskjer å demonstrera utanfor NRK så er det berre ein del av vår ytringsfridom, skriv Halvorsen.

MGP demonstrasjon

Demonstrantane har på sege blå pressevestar.

MGP demonstrasjon

Demonstrantane har tatt med seg liggeunderlag og varme klede.

MGP demonstrasjon

Ifølgje Aksjonsgruppa for Palestina skal 116 demonstrantar vera til stades.

MGP demonstrasjon

Aksjonsgruppa presiserte at dei i respekt for dei drepne ynskte at dette skulle vera ein stille akjson.

Artist Bjørn Alexander Brem alias «Gothminister» seier at det som skjer på Gazastripa er forferdeleg og at dei som artistar no har eit stort press på seg.

Han seier han blei sjokkert då det blei kjent at Israel får vera med i konkurransen.

– Vi er nøydde til å innsjå at vi ikkje kan akseptera at Eurovision skal vera ein plass for nasjonar som bruker tvangsmilitær makt for å drepa uskuldige sivile, kvinner og barn, seier han.

Negative til deltaking

Det har vore ein debatt kring musikkonkurransen heilt sidan 5. desember.

Då blei det blei kjent at Israel får vera med på årets Eurovision Song Contest i Malmö saman med 36 andre land.

Skjermdump deltakarlanda i Eurovision Song Contest

Dette er deltakarlanda i Eurovision Song Contest.

Foto: Skjermbilde tatt 13.12.23

I Noreg har samfunnsdebattant, sjukepleiar og artist Marthe Valle oppretta ein underskriftskampanje som per i dag 15.000 har signert.

NRK har tidlegare vore i kontakt med EBU.

Då skreiv dei at dei var blitt einige om «at den israelske kringkastaren oppfyller alle konkurransereglane og kan delta i konkurransen neste år».

Dei presiserte også at konkurransen er «ei ikkje-politisk hending».

Les også Krig er igjen populært i ikkje-politiske Eurovision – Israel toppar oddsliste

Britain Eurovision Song Contest Grand Final

AKTUELT NÅ