Hopp til innhold

Fleire og fleire ser dokumentar­film på kino – no blir støtta kutta

Norske dokumentarar trekk publikum til kinosalane. Men no kuttar Norsk filminstitutt budsjetta til denne typen film.

Utsikt over Oldedalen fra filmen Fedrelandet.

Dokumentarfilmen «Fedrelandet» er sett av nesten 100.000 på kino. Filmen er laga av Margreth Olin, og har blant andre Liv Ullmann og Wim Wenders som produsentar.

Foto: Dag Asle Mykløen / Speranza As

Etter fleire år med ei målretta og bevisst satsing på norske dokumentarfilmar, kan filmskaparane glede seg over internasjonal merksemd, prisar og gode besøkstal.

Nesten 100.000 har sett Margreth Olins dokumentarfilm «Fedrelandet», som også var Noregs Oscar-kandidat i år.

Skjermbilde fra Ibelin

Dokumentaren «Ibelin» er blant dei best besøkte filmane på kino den siste veka. Berre «Kung Fu Panda 4» og «Dune 2» er betre besøkt.

Foto: Fra filmen "Ibelin" / Medieoperatørene/Euforia

Den mykje omtalte filmen «Ibelin» er blant dei best besøkte filmane på kino for tida, og sett av over 50.000 personar sidan premiera førre helg, viser tal frå Film & Kino.

Filmen fekk også pris under filmfestivalen Sundance nyleg. Det fekk også filmen «Ukjent landskap», som har premiere 5. april.

Les også – Foreldre sier vi har åpnet en verden for dem

Robert

Reagerer på kutt

Men i budsjettet for 2024 skrur Norsk filminstitutt igjen krana for dokumentarar. Dei har kutta posten med 4 millionar kroner.

Det overraskar regissør Rebekka Nystabakk.

– Det kjennest som ei veldig rar timing når ein ser at norsk dokumentarfilm har gjort det så utruleg bra, seier ho.

Rebekka Nystabakk

Rebekka Nystabakk har laga dokumentaren «Sau».

Foto: FX produksjoner film og TV

Nystabakk er aktuell med filmen «Sau», om ein ny generasjon som tek over sauedrifta på eit småbruk i Nordland.

Filmen er kjøpt inn av mediehuset The Guardian. Ho fryktar for framtidige prosjekt når det blir mindre pengar i dokumentarpotten.

– Det er allereie vanskeleg å lage dokumentarfilm, og det blir ikkje lettare med desse kutta. Vi veit det blir tøffare å få pengar til nye prosjekt.

Les også Norsk-palestinsk dokumentarfilm vann internasjonal pris

Mohamed Jabaly

Prioriterer spelefilm

Nystadbakk får støtte frå Norsk filmforbund, som er sterkt kritiske til kuttet som no kjem, og synest det skjer på eit underleg tidspunkt.

Elisabeth O. Sjaastad

Forbundsleiar Elisabeth Sjaastad i Norsk filmforbund.

Foto: NRK

– For oss i Filmforbundet er det både heilt uforståeleg og heilt unødvendig å kutte dokumentarfilmen akkurat no. Det tek tid å lage film. Resultatet kjem nokre år etter at ein har sett inn støyten. Og når ein har skapt seg eit heilt unikt momentum, må ein bygge vidare på det, seier forbundsleiar Elisabeth Sjaastad.

Les også Kvinner får fortsatt få hovedroller i norsk film

Kongens Nei

Avdelingsdirektør Terez Hollo-Klausen i Norsk filminstitutt seier dei forstår reaksjonane som kjem som følge av kutta, men at dei i år har valt å prioritere spelefilmar i budsjettet.

– Ideelt skulle vi gjerne ha kunne halde same nivå som i fjor, og ikkje kutta i budsjettet. Men det har vi altså gjort fordi spelefilmen treng å bli styrka. Han har ikkje hatt den same gode veksten som dokumentarfilmen har hatt dei siste åra.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.