Hopp til innhold

Norsk-palestinsk dokumentarfilm vann internasjonal pris

Den palestinske dokumentarfilmskaparen Mohamed Jabaly fekk prisen for beste regi for dokumentarfilmen «Livet er vakkert» under dokumentarfilmfestivalen IDFA.

Mohamed Jabaly

Den palestinske dokumentarfilmregissøren Mohamed Jabaly fekk prisen for beste regi under den internasjonale dokumentarfilmfestivalen i Amsterdam torsdag.

Foto: Mohamed Badarne

Prisen blei delt ut under den internasjonale dokumentarfilmfestivalen i Amsterdam (IDFA) torsdag kveld. Festivalen er ein av dei viktigaste dokumentarfilmfestivalane i verda. Det er første gong ein norsk film får denne prisen.

Jabaly har budd og jobba i Noreg sidan 2014. Då deltok han på ein filmfestival i Tromsø, men kunne ikkje reise heim til Gaza fordi grensene blei stengde.

I takketalen torsdag, retta han fokus mot det som no skjer i Gaza:

– Vi har lidd. Ikkje i 40 dagar, men i 75 år. Eg snakkar frå mi smerte, eg kjemper for min rett til å eksistere. I ag er det meir blod i gatene enn vatn.

Dokumenterte eige liv

«Livet er vakkert» følger Jabaly frå han kjem til Noreg i 2014, og ikkje får reise tilbake. Det skal gå sju år før han får sett familien sin igjen.

Filmen handlar om kva som skjer når livet blir sett på vent på grunn av internasjonal politikk og byråkrati. Han viser også kampen til Jabaly for å få arbeids- og opphaldsløyve i Noreg.

Mohamed Jabaly

Mohamed Jabaly kom til Noreg i 2014. Frå dokumentarfilmen «Livet er vakkert».

Foto: Stray Dog Productions

Juryen til IDFA skriv i grunngjevinga si at filmen har ein regitone som på nesten umogeleg vis klarer å finne håp og humor midt i ei ufatteleg smerte.

– Eit presserande krav om fridom, bevegelsesfridom, fridom til mogelegheiter og fridom til å forfølge draumane våre.

Følgde ambulansen i Gaza

Jabaly kom til Noreg for å delta i eit seminar for unge filmskaparar. Med seg i bagasjen hadde han opptak han hadde gjort då han følgde ambulansen under krigen i Gaza i 2014.

Etter at han blei nekta tilbakereise, blei det tid til å sjå gjennom opptaka, som blei til Jabalys første heilaftans dokumentarfilm «Ambulanse». Filmen hadde premiere på Tromsø internasjonale filmfestival i 2015.

Life is beautiful film

Scene frå dokumentarfilmen «Livet er vakkert».

Foto: Stray Dog Productions

«Ambulanse» blei vist på fleire internasjonale filmfestivalar. Filmen vann også fleire prisar, som One World Media Best Feature Documentary Award og BBC Arabic Young Journalist Award.

Les også Stengt grense ga filmskaper nye muligheter

Mohamed Jabaly

Gjekk til rettssak

Jabaly fekk kunstnarvisum i 2014, slik at han kunne gjere «Ambulanse» ferdig.

Men han blei nekta arbeids- og opphaldsløyve i Noreg. Avgjerda blei anka fleire gongar, men blei avvist.

Til slutt valde han å ta saka si til retten, med støtte frå fleire støttespelarar.

Fra filmen «Livet er vakkert»

Bilde frå «Livet er vakkert».

Foto: Stray Dog Production

Sommaren 2017 fekk han først innvilga søknaden om studentvisum slik at han kan begynne på Nordland kunst- og filmfagskole i Kabelvåg.

I september same år fekk han beskjeden om at han hadde vunne fram i retten, og kunne med det halde fram med å jobbe som filmskapar i Noreg.

Etterlyste engasjement

Etter at «Livet er vakkert» fekk regiprisen i Amsterdam, sa Jabaly at han var sliten etter å ha delteke på fleire arrangement på festivalen. Men han kjenner seg også sliten etter over ein månad med krig i Gaza.

I takketalen etterlyste han ei klarare fordømming frå dokumentarmiljøet og IDFA, og sa at han vurderte å takke for prisen med stille.

Men stille hjelper ikkje, sidan alt eg har igjen på dette tidspunktet er stemma mi. Å snakke for mine brør og søstrer, for familien min, og for alle andre filmskaparar, for alle som trur på fridomen og solidariteten vår.

Kulturstrøm

  • Britney Spears inngår forlik med faren sin

    Popstjerna har inngått eit forlik med faren sin Jamie Spears, meir enn to år etter at ei rettsavgjerd avslutta verjeordninga som har gitt han kontroll over livet hennar. Det melder CNN.

    Sidan verjeordninga vart avslutta, har Britney Spears og faren vore i retten fleire gonger i samanheng med advokathonorar og skuldingar om upassande oppførsel under verjeordninga. Far hennar har heile tida motsett seg skuldingane.

    Vilkåra for forliket er ikkje offentleggjort, men advokatane til Spears stadfestar forliket til CNN.

    (FILES) US singer Britney Spears arrives for the premiere of Sony Pictures' "Once Upon a Time... ...
    Foto: AFP
  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.