Hopp til innhold

To prisar til Benjamin Ree og «Ibelin»

Dokumentaren om Mats Steen sanka prisar under USA sin største filmfestival. – Heilt utruleg, seier mamma Trude.

Benjamin Ree, Trude Steen, Robert Steen, og produsent Ingvil Giske

Regissør Benjamin Ree, foreldra Trude Steen og Robert Steen, og produsent Ingvil Giske.

Begge foreldra til Mats er på plass i USA saman med regissør Benjamin Ree.

– Dette er heilt overveldande. Eg hugsar ikkje kva eg sa då eg fekk prisen, for å vere ærleg, fortel regissøren som ikkje legg skjul på at det heile var emosjonelt.

Mats brukte store delar av tida si på å spele «World of Warcraft», og foreldra trudde derfor at han levde eit einsamt liv.

Det viste seg å ikkje stemme. Gjennom spelet fekk Mats nemleg vennar frå heile verda.

Les også Blizzard-sjefene kunne stoppet Benjamins film

Det fann foreldra først ut då dei delte Mats sin bortgang på bloggen hans. Då var responsen enorm, og folk over heile Europa tente lys for guten deira.

Plakaten til filmen om Mats Steen "Ibelin"

Mats Steen brukte mykje av tida si på spelet World of Warcraft.

Foto: Bjørg Engdahl

Emosjonelt på scena

Ree brukte fleire år på å lage dokumentaren, utan å vite om han fekk løyve til å vise den.

No har regissøren henta heim ein publikumspris og ein regissør-pris under filmfestivalen. Også juryprisen gjekk til ein norsk dokumentar, «Ukjent landskap/ A New Kind of Wilderness», regissert av Silje Evensmo Jacobsen.

Etter å ha fått første pris, vart Steen ropt inn igjen til ein pris nummer to. Då måtte pappa Robert overta mikrofonen.

– Eg klarte ikkje å prate. Det var uverkeleg, og veldig kjekt for alle som har jobba så hardt med denne over fire år.

Ree sin dokumentar var ein av tre norske filmar som vart tekne ut til Sundance-festivalen.

Sundance Film Festival er den største uavhengige filmfestivalen i USA, og feirar 40 år i år.

Benjamin Ree ser på klipp fra sin egen film om Mats Steen "Ibelin"

Regissør Benjamin Ree.

Foto: Kai Rune Kvitstein / NRK

Ei historie om håp

– Dette er heilt utruleg. Eg kunne ikkje førestilt meg at vi skulle vinne to priser. Eg er så nøgd og så glad, seier mamma Trude etter utdelinga.

På spørsmål om kva Mats hadde tenkt om dette, svarer ho:

– Eg trur han hadde tenkt at vi var litt «galne» som var med på dette prosjektet. Men eg trur også at han hadde vore superstolt, og veldig glad.

Trude Steen og Robert Steen.

Trude og Robert Steen.

Pappa Robert seier det har vore ti dagar med kaos, og ei kjenslemessig berg-og-dal-bane.

– Eg står her og skjelv. Å få to av dei viktigaste prisane er heilt utruleg. No står vi her med fasiten, verdas beste regissør og verdas beste film for publikum. Eg har ikkje ord, seier han.

Les Filmpolitiet si melding av filmen her.

I talen sin sa han mellom anna at dette er ein historie om venskap, kjærleik og moglegheiter.

– Men først og fremst om håp. Det treng vi i den tida vi er i no.

Regissør Ree seier han har lært mykje av Mats.

– Eg har studert kven han var i fire år, og det er har lært er at han alltid spurte vennane sine korleis det gjekk, og prioriterte å lytte. Dette er ein av grunnane til at han var ein så god venn for så mange, seier Ree, som dediserte prisane til han.

I filmen får vi sjå Mats sitt liv gjennom karakteren hans «Ibelin» spelet World of Warcraft.

Jurypris til norsk film

Også juryprisen gjekk til ein norsk dokumentarfilmfilm. «A New Kind of Wilderness», regissert av Silje Evensmo Jacobsen.

– Det er heilt vilt! Det er ei ut av meg sjølv-oppleving. Vi har jobba med filmen i nesten fire år, og det å kome frå eit mørkt klipperom til verdas største filmfestival var utruleg i seg sjølv. Og at vi no vinn hovudprisen er ei så stor anerkjenning. Vi er så stolte og glade, seier Jacobsen til NRK.

Regissør Silje Evensmo Jacobsen og produsent Mari Bakke Riise.

Regissør Silje Evensmo Jacobsen og produsent Mari Bakke Riise.

Foto: Privat

Filmen handlar om den noko utradisjonelle familien Payne som dyrkar eigen mat, klatrar berrføtt i tre med øks, har heimeundervisning og søv saman.

Då filmen hadde premiere på Sundance Film Festival i Utah fredag 19. januar, vart den motteken med ståande applaus og lovord frå kritikarane.

Familien Payne

Heile familien Payne samla.

Foto: Maria Vatne

– I verdsklasse

Kjersti Mo, direktør i Norsk filminstitutt, let seg imponere av dei tre prisane.

– Vi har sagt det før og vi seier det igjen. Norsk dokumentarfilm er inne i ein gullalder. Kvaliteten er i verdsklasse, og at både ukjent landskap og Ibelin får prisar på Sundance er beviset på det.

Ho trekk fram at berre det å kome til Sundance er eit trongt nålauge.

– Vi er utruleg stolte!

Kjersti Mo i NFI

Kjersti Mo er direktør i Norsk filminstitutt.

Foto: Einar Aslaksen

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.