Hopp til innhold

Maaemo-stjerner kan gi ringverknader

Tre Michelinstjerner til Maaemo kan inspirere fleire til å lage kvalitetsrestaurantar, og utvikle det norske restaurantkartet, trur Eyvind Hellstrøm.

– En stor drøm i oppfyllelse sier hovmesteren på Maaemo etter at de fikk tildelt 3 stjerner i Michelin-guiden

I dag blei Maaemo ein av to restaurantar i Norden som blir dei første til å få tre stjerner i Michelinguiden. Eyvind Hellstrøm, som var den første til å få to stjerner i Norden i 1993, er imponert over det restauranten har oppnådd:

– Dei har arbeidd målretta med ein ambisjon om å skape ein særprega kokekunst med tydleg nordisk profil. Og når dei som ein av to restaurantar som blir dei første til å få tre stjerner i Norden, er det imponerande.

– Burde ha vore i fleire byar

Eyvind Hellstrøm

Eyvind Hellstrøm er imponert over den innsatsen folka bak Maaemo har lagt ned for å få tre Michelin-stjerner.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Han synest også det er hyggeleg at Kontrast i Oslo og Re-Naa i Stavanger har fått ei stjerne kvar i den nye guiden. Då Michelin lanserte den første nordiske guiden i fjor, sa Hellstrøm at det var meiningslaust at det berre var restaurantar i Oslo som blei vurdert. Det er ein kritikk som til dels gjeld også i år.

– Det er bra at dei har fått auga opp for at vi har gode restaurantar også utanfor hovudstaden. Men dei burde har besøkt fleire byar enn Stavanger. Både Bergen og Trondheim har restaurantar som burde ha vore med i guiden i år.

Michelin-stjerne til Re-Naa i Stavanger.

Og han får støtte frå restaurantmeldar i VG, André Blomberg-Nygård, som er skuffa over at byar som Bergen og Trondheim ikkje er representert.

– Danmark og Sverige har rykka frå oss i talet på stjernerestaurantar. Det er litt uheldig. Eg er skuffa over at vi ikkje har fått stjerner i Bergen og Trondheim, der det er restaurantar som er vel så gode som dei som har fått stjerner i Sverige.

– Sverige og Danmark leiar an

André Blomberg-Nygård

Restaurantmeldar i VG, André Blomberg-Nygård, synest Michelinguiden burde ha besøkt fleire norske byar.

Foto: Bringedal,Terje / VG

Sverige har fått sju nye stjerner i guiden, medan Danmark har fått fem nye stjerner. Blant andre Germanium i København som er den andre restauranten med tre stjerner i Norden.

Hellstrøm åtvarar mot å sjå på guiden som eit meisterskap i å få flest stjerner, men meiner både Sverige og Danmark ligg føre Norge, og trekker fram København som den viktigaste restaurantbyen i Norden.

– København har fått mange nye spennande spisestader etter at Noma opna dørene i 2003. Dei har vore ein spydspiss som har inspirert og utvikla det nordiske kjøkkenet, og har mykje av æra for dei mange stjernerestaurantane som har opna i den danske hovudstaden.

No håper og trur han at dei tre stjernene til Maaemo kanskje kan gi ringverknader for norske restaurantar.

– Tre stjerner er ein stor prestasjon, og kan også vere ein inspirasjon for andre som driv restaurant. Det er ein motivasjonsfaktor som kan få fleire til å satse på kvalitetsmat.

Maaemo vinner tre Michelin-stjerner

Tilsette ved Maaemo kunne sleppe jubelen laus i København etter at det blei klart at restauranten får tre stjerner i Michelinguiden.

Foto: Nikolai Linares / NTB scanpix

Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor