Hopp til innhold

Kjendiskokken har tatt av på sosiale medium: No flokkar unge seg rundt ham

Brimis matfilosofi, som fokuserer på norske, kortreiste råvarer, tiltrekker seg mange unge.

@ArneBrimi/skjermbilde

TILTREKKER SEG UNGE: Brimi-land er det ikkje noko problem å få tak i kokkelærlingar. Kokken har gjort seg godt kjent blant unge på sosiale medium.

Før påske la kjendiskokken Arne Brimi ut ein video på Instagram og på TikTok der han laga eggerøre.

Sidan da har 500.000 klikka på videoen. På det meste har Brimi fått 1,7 millionar visningar på eitt innlegg. Til saman har han heile 119.000 følgene på Instagram.

Slik har 66-åringen, som vart TV-kjendis på 90-talet, fått ny heltestatus på 2020-talet.

Og difor står unge nå i kø for å lære av kjendiskokken.

– Eit forbilde

Også utafor skjermen er kokken omringa av ungdom. På restauranten Vianvang i Lom får dei eit innblikk i Arne Brimi sin matfilosofi.

Den handlar om å lage god mat med norske, kortreiste råvarer, og med smakstilsettingar gjerne henta frå naturen.

Dei som flokkar seg rundt er lærlingar, og William Dag Hansen (18) frå Tønsberg meiner dei har trekt vinnarloddet.

Han er lykkeleg over at han torde å ta sjansen på å reise frå heimbyen for å bu høgt til fjells i Nord-Gudbrandsdalen i to år.

William Dag Hansen Vianvang

Wiliam Dag Hansen meiner han har trekt vinnarloddet med å få lærlingplass hos Arne Brimi. Kvart år er det rundt 20 lærlingar i Brimi-land.

Foto: Reidar Gregersen

– Arne Brimi har alltid vore eit forbilde for meg. Tenk på alt han har bygd opp og fått til. Og nå får eg sjansen til å lære så mykje av han.

Som lærling hos Arne Brimi får du vere med på eit fellesskap med rundt 20 andre lærlingar frå andre restaurantar og turiststader.

– Samtidig gjev vi dei eit sosial liv og eit godt nettverk i lærlingetida. Målet vårt er å hjelpe dei til å få eit godt liv, seier Arne Brimi sjølv.

Han ser heilt klart at sosiale medium har gjort at unge folk har vorte kjent med han, dialekta og måten han lagar mat på.

Arne Brimi på Vianvang

Ungdommar samlar seg rundt kjendiskokken. Denne dagen er det ungdomsskoleelevar som får ein smakebit på norsk matkultur. Kanskje vil dei velje kokkefaget når dei skal på vidaregåande?

Foto: Reidar Gregersen

Dina Nathalie Myhren er heilt samd med William. Ho har ikkje reist så langt for å bli lærling. Som elev ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande valde ho lærlingetida si i Brimi-land.

– Matfilosofien er så bra. Du treng ikkje så mykje for å lage veldig god mat. Og det gjev meg mange moglegheiter til å utvikle meg.

Dina Nathalie Myhren, Vianvang-skoleelever

Lærling Dina Nathalie Myhren lærar ungdomsskoleelevar å lage majones. Enkelt tilbehøyr, som er heimelaga på Vianvang. – Matfilosofien er genial. Få, kortreiste råvarer som blir til veldig god mat, seier Dina Nathalie.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Brimi-lærling

Sjølv om søkjartala til kokk og servitør har stabilisert seg i heile landet dei siste tre åra, trengst det framleis fleire kokkelærlingar og kokkar.

Søkjartala har gått opp i fleire reiselivsfylke. Det bekreftar Henrik Hamborg, som er politisk rådgjevar i NHO Reiseliv. Og det er litt ulikt i landet kor lett det er å få tak i gode lærlingar.

I Brimi-land er det ikkje noko problem å få tak i kokkelærlingar. Her har 11 reiselivsbedrifter i fleire år vore saman om Brimi-kjøken, eit eige opplæringskontor.

Rundt 20 lærlingar er fordelt på 5–6 restaurantar i Nord-Gudbrandsdal, fleire av dei ligg i Brimi-land, ei setergrend i Lom. Og lengst inst i vegen ligg Vianvang, Brimi sin restaurant og kursstad.

Juving

Alle lærlingane i Brimi-land er kvart år med på ein fire dagars vintercamp med både friluftsliv og matlaging. Å gå i juv er ein del av det.

Foto: William Dag Hansen

Lene Grothe, som leiar opplæringskontoret, er bindeleddet mellom skolane, reiselivsbedriftene og lærlingane. Ho kan bekrefte at det er populært å komme som lærling til Brimi-land.

– Det er ikkje berre Arne Brimi som kan å lage mat i Lom, her er mange gode kjøkensjefar, seier Lene Grothe.

Men det er altså Arne Brimi og hans matfilosofi som frontar Brimi-kjøken opplæringskontor.

Kaffikoking og juving

Å vere lærling i Brimi-land betyr at du bli del av eit fellesskap. Som dei andre bor William Dag Hansen i Lom, og køyrer til fjells på jobb på Vianvang.

Opplæringskontoret har fleire samlingar gjennom året, den eine er ei vintersamling. Da er det turar, isfiske, kaffikoking på bål – og juving.

lærlinger og kaffe på bål

Dina Nathalie Myhren på vintercampen. Her koker kaffi med svartkjel på bål.

– Det har vore ei stor endring i livet mitt. Men eg trivast veldig godt, sidan eg alltid har likt å vere til fjells, seier William Dag.

Og i slutten av månaden reiser William, Dina Nathalie og dei andre kokkelærlingane frå Brimi-kjøken på studietur til Spania og Portugal.

Les også – Hit kommer aldri noen Michelin-kontrollør

Arne Brimi på Vianvang

Flere saker fra Innlandet