Hopp til innhold

London er Munch-klar

«Det moderne øyet» er på plass i London. Innan den populære Munch-utstillinga returnerer til Noreg, kan over ein million menneske ha besøkt den.

FRANCE-CULTURE-MUNCH -

Munch opplever ein europarenessanse, her frå ei utstilling ved Pompidou-senteret i Paris. Til veka kjem utstillinga til Tate Modern i London.

Foto: PIERRE VERDY / Afp

Tate Modern er eit av dei fremste kunstmusea i verda og blant topp tre av turistattraksjonane i heile Storbritannia. Frå 28. juni av er det Edvard Munch som vil trone øvst på plakaten ved inngangen - og slik bli gjenstand for mykje merksemd.

«Det moderne øyet» er så langt vist i Frankfurt og Paris, og fram til no har over 750.000 besøkt utstillinga. På Pompidou-senteret i Paris vart det ei av dei mest besøkte utstillingane nokon sinne, sidan opninga av senteret i 1977.

Utstillinga er eit samarbeidsprosjekt mellom Centre Pompidou i Paris, Schirn Kunsthalle i Frankfurt, Tate Modern i London og Munchmuseet i Oslo.

LES: Franskmennene i kø for å se Munch

Over ein million

Munchmuseet har tru på at besøkstalet kan bikke millionen innan utstillinga blir avslutta i London 14. oktober og kjem til Oslo 27. oktober.

– Vi forventar at utstillinga skal ha nådd fram til over ein million besøkande når den er ferdig i London. Ettersom 250.000 menneske såg den i Frankfurt er det sannsynleg at utstillinga vil nå minst like mange i ein kulturinteressert by som London, seier Bård Hammervold, kommunikasjonsdirektør i Munchmuseet, til NRK.no.

Tate Modern kommenterer ikkje sannsynlege besøkstal.

– Men det er klart at dette er ei av våre store utstillingar, med ein av verdas beste moderne kunstnarar, opplyser pressetalsmann Duncan Holden.

LES OGSÅ:

I Oslo har dei meir beskjedne forventningar, men trur på at det blir ei av dei mest sette utstillingane ved Munchmuseet i år når den opnar i slutten av oktober.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tate Modern Munch

Slik marknadsfører Tate Modern 'Det moderne øyet'.

Foto: Presse/Tate Modern

Dronninga deltek

Utstillinga blir offisielt opna tysdag kveld, med Dronning Sonja som ein av gjestane. Ho var også til stade ved opninga av «Det moderne øyet» i Frankfurt.

– Utstillinga er eit resultat av eit godt samarbeid mellom fleire store europeiske museum. Publikumstala så langt er over all forventning, og vi er veldig stolte over å kunne bidra til suksessen, seier Hammervold.

– Vi har samarbeida med dei ulike musea når det gjeld kuratorarbeid og utvikling av konseptet. I tillegg har det vore ein stor og omfattande jobb å konservere og transportere dei meir enn 100 verka, som tilhøyrer Munchmuseet i Oslo, seier Hammervold.

At utstillinga foregår samtidig med OL i London, er relativt tilfeldig.

– Det blir spanande å sjå konsekvensane av det, det kan slå begge vegar, uttaler han.

LES MEIR:

(Artikkelen held fram under biletet)

Dronning Sonja i Paris på Munch-utstilling

Dronning Sonja opna Paris-utstillinga og vil også vere til stade på Tate Modern.

Foto: Thibault Camus / Ap

– Heimkomst i Oslo

Det spesielle med akkurat denne Munch-utstillinga er at kuratorane har sett på Edvard Munchs arbeid med eit moderne forskingsblikk, og viser fram det moderne blikket Munch hadde på si samtid.

«Få andre moderne kunstnarar er betre kjent og likevel mindre forstått enn den norske kunstnaren Edvard Munch. Denne utstillinga undersøkjer kunstnarens arbeid frå det 20. århundre», skriv Tate Modern på sine heimesider.

Utstillinga blir å sjå på Tate Modern fram til 14. oktober. Deretter blir den vist på Munchmuseet frå 27. oktober.

– Sidan bileta har sitt utspring her, er det naturleg å avslutte i Oslo. Det blir som ein heimkomst, meiner Hammervold.

LES OGSÅ:

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.