Kan miste retten til å dele ut Nobelprisen i litteratur

Bråket rundt Svenska Akademien har skada omdømmet til Nobelprisen i litteratur, meiner direktøren for Nobelstiftinga. No kan retten til å peike ut prismottakaren gå til ein annan organisasjon.

Lars Heikensten, direktør for Nobelstiftelsen

Direktør for Nobelstiftinga, Lars Heikensten, utelukkar ikkje at Svenska Akademien kan miste retten til å velje nobelprisvinnarane i litteratur.

Foto: ESHA VAISH / Reuters

Denne veka blir Nobelprisvinnarane for 2018 kunngjort. Men i år blir det ingen litteraturprisvinnar etter at institusjonen som har oppdraget med å peike ut ein vinnar, Svenska Akademien, blei ramma av ei skandale i fjor haust.

Hausten 2017 skreiv Svenska Dagbladet om 18 kvinner som kom med skuldingar om seksuelle overgrep mot ein sentral person i svensk kulturliv.

Denne kulturprofilen var svensk-franske Jean-Claude Arnault, som er gift med forfattar og medlem i Svenska Akademien, Katarina Frostenson.

Enkelte av overgrepa skal ha skjedd i leilegheiter som Svenska Akademien eig i Stockholm.

I september 2018 møtte Arnault i Stockholm tingrett tiltalt for to valdtekter. Han nekta straffskuld. Måndag blei han dømd til to års fengsel.

Arnault er også skulda for å ha leke nobelprisvinnarar ved fleire høve.

– Har mista legitimitet

Skandalane, og bråket som har følgd etter dette blei kjent, har gått ut over omdømmet til både Svenska Akademien og Nobelprisen i litteratur. Direktøren i Nobelstiftinga, Lars Heikensten, har tidlegare sagt at det er uvisst om prisen blir delt ut i 2019 også. Og overfor SVT seier han at det kan bli andre enn Svenska Akademien som vel vinnarane i framtida.

– Dette handlar om korleis dei steller seg til eigne reglar om habilitet og tausheitsplikt, at dei ikkje melde frå til styresmaktene og det bråket som følgde etter dette. Alt dette har til saman minska legitimiteten.

Jean-Claude Arnault

Bråket i Svenska Akademien starta då Jean-Claude Arnault, som er gift med ein av komitemedlemmane, blei skulda for overgrep. I midten av september blei han tiltalt for to valdtekter. Arnault nektar for å ha gjort noko gale.

Foto: Fredrik Sandberg / AFP

Han fryktar bråket kan få konsekvensar.

– Eg kan tenke meg situasjonar der vi må handle. Meg eg håper akademien klarer å ordne opp før vi kjem så langt, seier han.

Vil ha nye medlemmer

Etter at skuldingane mor Arnault blei kjende, førte det til ein oppvask i Svenska Akademien som delte institusjonen. Fleire av medlemmane gjekk i protest, og kravde også at Frostenson måtte gå.

Nobelstiftinga vil ikkje legge seg opp i korleis akademien skal handtere bråket som har gått føre seg det siste året, men Heikensten seier til SVT at det er nokre openberre tiltak som bør bli gjennomført.

– Det må veljast nye medlemmar som står frie frå det som har hendt, og som har rett kompetanse. Dei må ta greie på brota på habilitetsreglane og tausheitsplikta, og vise at dei respekterer sitt eige regelverk. Og vi treng ein Nobelkomite som står fritt frå desse hendingane.

Kulturstrøm

  • Highasakite-konflikt avgjort

    Konflikten om hvem som har rettighetene til band-navnet har pågått i to og et halvt år. Nå har Klagenemda for industrielle rettigheter gitt bandets frontfigur, Ingrid Helene Håvik, medhold i at Highasakite-navnet tilhører henne, skriver VG.

    Highasakite
    Foto: Promo, Lasse Fløde
  • Levde i skjul

    Rapperen Kamelen holdt konserter mens han var på rømmen fra politiet, forteller Marcus Mosele til musikkprogrammet P3X. Som fri mann ønsker rapperen å være et forbilde for unge.

    Slottsfjellfestivalen 2018
    Foto: Tom Øverlie