Hopp til innhold

Alt du lurer på om nobel­prisen i litteratur: Så mykje pengar får Fosse

Det er nesten hundre år sidan sist ein nordmann fekk han, men søndag skjer det. Her er alt du treng å vite.

Medaljen for Nobels litteraturpris.

Den gjævaste litteraturprisen i verda skal delast ut – til ein nordmann!

Foto: Fernando Vergara / AP

Kva er eigentleg nobelprisen i litteratur?

– Det er den største litteratur­prisen i verda, seier Knut Hoem, litteraturkritikar i NRK.

Du kan samanlikne det med å vinne VM i forfattarskap.

Litteratur­prisen blir delt ut ein gong i året, saman med dei andre nobel­prisane: Fysikk, kjemi, medisin og fred.

Og denne svensken starta det heile:

Alfred Nobel

Då Alfred Nobel døydde i 1896 testamenterte han alle pengane sine til fem internasjonale prisar.

Foto: DSK / Afp

Alfred Nobel var ingeniør, kjemikar og oppfinnar av dynamitten.

Ja, også har han desse prisane kalla opp etter seg. Ikkje verst.

Sidan 1901 har dei vorte delt ut nesten kvart år.

Kven avgjer?

For å i det heile få lov til å nominere nokon, må du vere universitets­professor i litteratur, tidlegare nobel­vinnar eller leiar av eit land sin forfattar­organisasjon.

Eller så må du vere del av ein eksklusiv, liten klubb:

Berre 18 utvalde forfattarar og kultur­folk er medlem i Svenska Akademien, som gruppa heiter.

Det er dei som har det siste ordet, og kårar kven som får prisen.

Har du først ein fot innanfor her, sit du i akademiet livet ut. Du bør altså like å lese.

Svenska Akademien

Denne gjengen tek store avgjerder. Her frå 2016.

Foto: SOREN ANDERSSON / Afp

Og du kan berre gløyme å senda inn nominasjonar via e-post – her er det brev som gjeld.

Kva får ein?

Søndag blir Jon Fosse den heldige eigar av tre ting:

Ein gull­medalje, eit diplom frå kongen av Sverige og pengar.

Og det er ikkje reint lite pengar det er snakk om.

Heile 11 millionar svenske kroner vil fosse inn på Fosse sin konto!

Med dei pengane har han råd til å kjøpe over 37 000 eksemplar av si nyaste bok, Kvitleik. Viss han skulle få lyst til det.

Hva får man som nobelprisvinner?

Dette får Jon Fosse på søndag.

Foto: NRK

Det er berre ei hake:

Ein må halde eit foredrag for å få pengane. Det gjorde Fosse på torsdag – trass nervøsitet.

Kvifor er det så big deal at Fosse får han?

Det er nesten hundre år sidan sist ein nordmann fekk denne prisen.

Bjørnstjerne Bjørnson, Knut Hamsun og Sigrid Undset er nord­mennene Fosse no kan saman­likne seg med.

Sjå kor lett han glid inn:

Norges vinnere av Nobels litteraturpris

Desse nordmennene har fått Nobels litteraturpris gjennom tidene.

Foto: NRK

Dessutan er Fosse den første nobel­vinnaren som skriv på nynorsk.

– Ein pris til nynorsken, erklærte Fosse sjølv då sigeren vart annonsert.

Dei som får prisen pleier å få verka sine omsett til mange språk.

Slik kan Fosse få eit meir inter­nasjonalt publikum.

– Det er ingen tvil om at han løftar dramatikken som sjanger, seier Ellisiv Lindkvist, styreleiar i Dramatiker­forbundet.

Septologien av Jon Fosse

Jon Fosse er første nynorskbrukar til å få nobelpris.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Kva trengst for å få han?

Vanlegvis er det heile forfattar­skapen som blir vurdert når vinnaren skal veljast. Og:

– Alt handlar om kvalitet.

Det forklarer Ellen Matteson frå Svenska Akademien på Nobel si heimeside.

Ho trur eit slikt talent er noko ein er fødd med.

ByucDgHeRMA

5. oktober vart det annonsert at Jon Fosse får nobelprisen.

Foto: AFP

Men Svenska Akademien har fått kritikk for å ikkje alltid velje rette kandidatar.

Henrik Ibsen, Lev Tolstoj og James Joyce er døme på berømte forfattarar som ikkje fekk prisen – sjølv om dei levde medan han vart delt ut.

Prisen har også fått kritikk for å hovud­sakleg premiere mannlege, europeiske forfattarar.

Jon Fosse og Ibsen

Jon Fosse har klart noko sjølv ikkje Ibsen kan brife med.

Foto: NRK

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.