Hopp til innhold

Nobelprisvinnaren har skapt fosse­fulle ventelister: – Me er nesten heilt tomme

I oktober blei det klart at nordmannen Jon Fosse får Nobels litteraturpris. Sidan då har biblioteka vore heilt tomme for bøkene hans.

Jon Fosse

NOBELPRISVINNAR: Søndag mottar Jon Fosse Nobelprisen i litteratur.

Foto: Ana Leticia Sigvartsen / NRK

Det er Jon Fosse-feber i det langstrekte landet.

Haugesundaren som er oppvaksen i Kvam kommune, får søndag Nobels litteraturpris i Stockholm.

Men i mellomtida har biblioteka i Noreg hatt ein skikkeleg Fosse-fest.

Ferske tal viser at prisen har skapt ei stor interesse for nordmannen.

Etter at prisvinnaren vart annonsert har folk fossa til biblioteka og der det har gått tomt, har folk sett seg på ventelister frå «Morgon til kveld».

Deichman bibliotek i Oslo såg lånemengda av Fosse gå opp frå 90 til heile 903 utlån mellom september og oktober. I Bergen gjekk dei frå 77 til 626 utlån.

– I november har tala gått noko ned, men det er hovudsakleg fordi så godt som alle eksemplara me hadde, vart utlånte i oktober, fortel redaksjonskonsulent i skjønnlitteratur hos Deichman, Thor Arne Sæterholen.

Utlånsrekord

– Fosse er sånn at ein kan venda tilbake og tilbake. Det er ein grunn til han blir peika på som ein viktig forfattar, seier Ola Ådnøy på Sølvberget bibliotek i Stavanger.

Han har sjølv forelska seg i Jon Fosses bøker og lese mange av dei.

Ådnøy meiner at Fosse er ein verdig vinnar.

han her er fan

– EG ER FAN: Ola Ådnøy har lest fleire Fosse-verk enn han kan telje på ei hand.

Foto: Philip / NRK

Og det er det mange samd i.

I Stavanger såg dei at utlånet av forfattaren steig med 1630 prosent i same periode.

Avdelingsleiar ved Sølvberget, Roar Houen, er fornøgd med auken.

Han var nesten som ein «Engel med vatn i augene» då NRK møtte han fredag morgon.

Han trur nemleg at biblioteket har nådd ein utlånsrekord.

– Formidabelt

– Jon Fosse er ein forfattar mange har gått å håpa på skal få denne prisen, seier Houen.

Avdelingsleder ved Sølvberget er glad

POSITIV: Roar Houen er storfornøgd og glad på Fosse sine vegne.

Foto: Philip Kollstrøm / NRK

Han fortel at biblioteka ofte ser eit lite oppsving i utlånet i forbindelse med prisen. Men denne gongen er det annleis.

Det er ein nordmann.

– Det er lenge sidan ein nordmann har fått denne prisen. Så det er ein stor ting for norsk litteratur, fortel han.

Og det blir merka. Til vanleg har dei over 200 Fosse-bøker liggande. Då NRK kom på besøk, hadde dei berre elleve igjen. Dei er av dei mindre populære.

– Det er formidabelt. Det er gledeleg på vegner av Jon Fosse, på vegner av nynorsken, utlåna, biblioteka, folk les. Det er veldig positive tal, seier han.

Det tar tid å finne Jon Fosse bøker

OPP: I september vart det utlånt 13 Jon Fosse-bøker i Stavanger. I oktober 212. Ei auke på meir enn 1600 prosent.

Foto: Philip Kollstrøm / NRK

Flyg av garde i heimbygda

I bygda til Jon Fosse har det også gått unna. Det lokale biblioteket i Kvam herad har også sett bøkene fly frå hyllene.

– Me er nesten er heilt tomme, alt er utlånt, fortel ein bibliotekar over telefonen

Bibliotekarsjef Ragna Helene Soldal seier til NRK at ventelistene er heilt nytt for biblioteket i Kvam.

For mange er Jon Fosse Eit nytt namn

NYTT NAMN: For nokon er Jon Fosse eit nytt namn.

Foto: Philip Kollstrøm / NRK

– Det har gått i vêret, me har aldri hatt ei venteliste i den grad. No er det mange på verka hans, og det veldig kjekt, fortel ho.

Tilleggsopplysing: Rogaland reknar Fosse frå Haugesund som tillegg til verdsstjernene frå fylket, sjølv om Bergen og Strandebarm i Kvam truleg vil dele.