Lak nobelprisvinnarar i litteratur

Ektemannen til ein av medlemmene i Svenska Akademien, som deler ut Nobelprisen i litteratur, skal ha spreidd opplysningar om vinnarane ved fleire tilfelle.

SWEDEN-NOBEL-PRIZE-LITERATURE

Dåverande fast sekretær i Svenska Akademien, Peter Englund, offentleggjer at franske Patrick Modiano er vinnaren av Nobelprisen i litteratur i 2014. Men ifølge kjeldene til Dagens Nyheter visste fleire utanfor komiteen namnet på vinnaren allereie to dagar før kunngjeringa.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / Afp

Fleire kjelder seier til den svenske avisa Dagens Nyheter at den kunstnariske leiaren ved eit kulturhus i Stockholm, som også er gift med ein av medlemmene i Svenska Akademien, ved fleire høve skal ha avslørt kven som skulle vinne Nobelprisen i litteratur.

I 2014 skal fleire personar utanfor nobelkomiteen ha visst i to døgn før offentleggjeringa at det var den franske forfattaren Patrick Modiano som skulle få prisen det året. I tillegg skal mannen ha fortalt utanforståande at den austerrikske forfattaren Elfriede Jelinek skulle få prisen i 2004, og at den britiske dramatikaren Harold Pinter skulle få prisen året etter.

Ifølge fleire kjelder skal mannen også ha sagt at han var involvert då prisen gjekk til franske Jean-Marie Gustave Le Clézio i 2008.

Skuldingar om overgrep

Opplysningane om lekkasjane har kome fram i samband med at Dagens Nyheter dei siste vekene har skrive fleire saker om den kunstnariske leiaren. Fleire kvinner har skulda mannen for overgrep og valdtekter. Dette er også opplysningar som har blitt stadfesta av den permanente sekretæren i Svenska Akademien, Sara Danius.

Fleire av overgrepa skal ha skjedd i leilegheiter som blir disponert av Svenska Akademien. Fem kvinner skal ha meldt mannen til politiet. Og Svenska Akademien har kutta all kontakt med han, skriv Expressen.

NOBEL/ Gustave Le Clezio of France receives the 2008 Nobel Prize in Literature from Sweden's King Carl XVI Gustaf in Stockholm

Då den franske forfattaren Jean-Marie Le Clézio fekk litteraturprisen i 2008, rasa oddsen kort tid før kunngjeringa. Svenska Akademien mistenkte den gongen at det hadde vore ein lekkasje.

Foto: BOB STRONG / REUTERS

Ikkje overraska

Tidlegare fast sekretær for Svenska Akademien, Peter Englund, seier til Dagens Nyheter at dei nye opplysningane om lekkasjar hadde sjokkert han meir om dei hadde kome for eit par veker sidan.

– Eg må seie at det ikkje er noko ved den personen som overraskar meg lenger. Den jævelen.

Englund seier han reknar med at mannen har fått opplysningane om nobelprisvinnarane av ektefellen som er medlem av Svenska Akademien. Ifølge avisa hadde Horace Engdahl, som var sekretær før Englund, mistanke om ein lekkasje då Jean-Marie Le Clézio vann i 2008. Den gongen rasa oddsen hos spelefirmaet Ladbrokes kort tid før offentleggjeringa.

Sara Danius skriv i ein e-post til SVT at ho ikkje ønsker å kommentere dei nye opplysningane.

– Eg kan dessverre ikkje svare på spørsmål fordi det går føre seg ei advokatutgreiing no. Håper du forstår det.

Kulturstrøm

  • Soloartister med bandkarriere

    Begge prøvde seg som soloartister i tillegg til å være frontfigurer av to av tidenes største band, The Rolling Stones og Queen. Radioprogrammet P.I.L.S. tar for seg historien til Mick Jagger og Freddie Mercury.

    I denne utgåva av P.I.L.S. med Finn Tokvam og Bård Ose handlar det om då Mick Jagger og Freddie Mercury, frontfigurane i The Rolling Stones og Queen, begge prøvde seg som popartistar midt på 1980-talet.
  • Sinne over kvinner i krigsspill

    I et av verdens mest populære krigsspill får du blant annet stå på ski i «Slaget om Narvik» og sabotere Rjukan-anlegget. Men spillbare kvinnelige karakterer får blodet til å koke hos spillere.

  • Metallica støtter brannofrene i USA

    Heavyrock-bandet Metallica donerer 100.000 dollar (840.000 kroner) til hjelpearbeidet etter dødsbrannene i California, USA. De gjør også en nyinnspilt akustisk støttekonsert tilgjengelig for nedlastning. Alle pengene som kommer inn skal gå til ofre og hjelpearbeidere via organisasjonen «All Within My Hands foundation». Det melder Rolling Stone.

    James Hetfield, Lars Ulrich
    Foto: Owen Sweeney / AP