Hopp til innhold

Indiespel viralt – YouTube-Dennis meiner dei har klart noko unikt

Spelekspert ser ein trend i at enkelte små indieselskap grusar store spelselskap. Dennis Vareide hyllar «Among Us» som plutseleg har blitt eit av dei mest populære.

Youtube-Dennis livestream

SOSIALT: Dennis Vareide har gjort mange live-strøymingar av at han speler Among Us.

Foto: Skjermdump youtube / dennis vareide

Videospelet Among Us kom ut for to år sidan, men det er først no at det verkeleg har tatt av.

– Dei har fått til den sosiale leiken som alle hugsar frå barndommen, seier ein av Noregs største youtubarar Dennis Vareide.

Han gjer såkalla live-strøymingar av spelinga på YouTube og Twitch til sine 124.000 abonnentar.

Han meiner at mykje av grunnen bak suksessen er at spelet eignar seg så godt til video- og strøymesjangeren.

Gjekk viralt

Among Us er eit fleirspelar-spel med verdsrommet som tema. Nokon er «bedragarar» som skal prøva å drepa «mannskapa» utan å bli oppdaga. «Mannskapa» skal klargjera romskipet til avgang, og prøva å avsløra bedragarane.

Spelet er eit såkalla indiespel, altså utvikla av eit lite uavhengig selskap, InnerSloth, utan økonomisk støtte frå store selskap. Då spelet kom i 2018 fekk det lite merksemd.

Ifølge The New York Times var det den amerikanske YouTube-stjerna Sodapoppin som først strøyma spelet til sine 2.8 millionar følgarar i juli. Dette fekk ballen til å rulla.

Rune Fjeld Olsen

ENDRING: Olsen trur spelindustrien nærmar seg dei andre underhaldningsmedia, der ein til dømes ser små indiefilmar vinna Oscar-prisar.

Foto: Privat

Spelmeldar Rune Fjeld Olsen i NRK meiner den største styrken til spelet er at det er så sosialt.

– Det er artig å sjå at eit slikt spel plutseleg kan eksplodera. Eg trur det har litt samanheng med koronatida me er inne i. Folk som speler er veldig svoltne på morosame opplevingar dei kan dela med vener. Og då dukka dette spelet opp frå gløymsla, seier Olsen.

Optimistisk for norsk spelindustri

Olsen meiner det er ein trend at små indieselskap gjer det betre enn store selskap.

– Dette handlar rett og slett om at ein veldig god idé har hatt litt flaksm og funne eit publikum. No kan Among Us måla seg med prosjekt som kanskje har halde på i årevis med hundrevis av tilsette, og som har kosta mange, mange millionar kroner å laga.

Han legg til at dei aller fleste indiespel aldri går viralt, men at det kvart år er nokre dømer på spel som gjer det.

Han trekk fram indiespelet Fall Guys som kom i august, saman med Among Us, som to av dei aller største nett no.

Denne blandinga av gode idéar og flaks, gjer Olsen optimistisk for den norske spelindustrien. Han meiner det er fleire selskap med stort potensial.

– Når ein ser slike spel som Among Us, tenker ein at «dette kan jo skje i Noreg!». Det sit kanskje eit team ein stad i Noreg og lagar eit spel som kan få same gjennomslagskraft. Det gjer meg ekstra gira på framtida. Det er ikkje sikkert ein treng den massive blockbuster-suksessen for å få den norske spelindustrien til å veksa.

Ikonisk grafikk

Vareide meiner det er mange som har prøvd å få til den sosiale leiken som Among Us har klart, utan å lykkast.

Dennis Vareide

UNDERHALDANDE: Vareide meine spelet er underhaldande å både spela og sjå på.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Eg trur forskjellen er at Among Us tvingar folk til å vera stille medan ein spring rundt og gjer oppgåvene, og så skal ein inn i eit rom og diskutera. Først då skrur ein på lyd. Det er ei litt anna tilnærming på heile sjangeren, som gjer det utruleg gøy.

I staden for avansert grafikk, har spelet ein enkel, litt ikonisk grafikk, ifølge Vareide.

– Det er gøy og lett å spela, og alle skjønar spelet med éin gong. Sjølv folk som aldri har spelt det før.

Kulturstrøm

  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP