Hopp til innhold

16 åring blant landets beste i E-sport

16 år gamle Jakob Rafoss frå Kvinesdal er tatt ut på landslaget i E-sport.

Jakob Rafoss

Jakob Rafoss er ein av åtte bilsportsutøvarar som er tatte ut for å representere Noreg på det norske e-sportslandslaget i 2024.

Foto: Vetle Hjortland / NRK

– Ein må ha god reaksjonstid og godt utstyr, så er det eigentleg berre å køyre.

Jakob Rafoss er ein av åtte bilsportsutøvarar som er teke ut for å representere Noreg på det norske E-sportslandslaget i 2024.

Han driv med E-sporten som heiter simulator-rallycross.

Les også «Penny­metoden»: Datingtrenden som gjør deg avhengig

Martine Olsen Steig (23) og Juli Sofie P. Svendsbø (23)

Det forgår i ein simulator. Spelet er designa for å vere så nært verkelegheita som mogleg.

Rafoss fortel at det kjennest bra å få representere Noreg og at han har fått god kontakt med dei andre på laget.

Han trur vennene heime i Kvinesdal er litt misunnelege.

Les også Universitetet i Agder inngår e-sportssamarbeid

Esport UiA

Trenar to timar kvar dag

Som regel går det fint for 16 åringen å kombinere E-sport med skolekvardagen.

– Men av og til blir det litt vanskeleg. Det er løp på midt på natta, seier han.

Rafoss reknar med at han bruker mellom ein og to timar føre skjermen kvar dag.

– Og så bruker eg nok litt meir tid når det nærmar seg meisterskap.

Og det gjer det nå.

Jakob Rafoss

Jakob har vore interessert i bilar og rallycross sidan han var liten.

Foto: Vetle Hjortland / NRK

Nordisk meisterskap

27. april er den nordiske meisterskapen Nordic Esports Championship 2024.

Det er eit nytt initiativ frå forbunda i Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige.

Meisterskapen er i Stockholm i Sverige.

Det er fem utøvarar frå kvart land som skal konkurrere om ein tittel. Blant dei er Jakob Rafoss.

Han har eitt klart mål.

– Eg liker å vinne, seier han.

Les også Jakob (15) er best i verden

Jakob Rafoss

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %