Hopp til innhold

Heddaprisar til «The Book of Mormon» og «Engler i Amerika»

To av dei mest omtalte teaterstykka det siste året, fekk flest prisar då teaterprisen Hedda blei delt ut søndag.

Scene fra The Book of Mormon

«The Book of Mormon» på Det Norske Teatret fekk tre prisar då Heddaprisane blei delte ut søndag. Framsyninga har gått for fulle hus sidan premieren i september 2017.

Foto: Fredrik Arff / Det norske teatret

På førehand var «The Book of Mormon» ved Det Norske Teatret ein av storfavorittane før Hedda-utdelinga. Dei var nominerte i fire klasser, og sat søndag kveld igjen med prisar i tre av desse klassene.

Framsyninga har gått for fulle hus sidan premieren i september i 2017. Den amerikanske musikalen av Trey Parker, Robert Lopez og Matt Stone er omsett av Are Kalvø. Han har fått mykje skryt for arbeidet han har gjort med teksten, og søndag fekk han også Hedda.

«I vinnararbeidet blir uttalt og underforstått satire kombinert ein språkleg og leiken tekst. Begge nivå og nivåa mellom er omsett med stødig sans for doble og triple tydingar, og for musikaliteten og rytmen ord og setningar har. Resultatet er beint fram makelaust», skriv juryen i grunngjevinga.

Are Kalvø fekk Heddaprisen 2018 for beste scenetekst.

Are Kalvø har fått mykje skryt for arbeidet han har gjort med å omsette «The Book of Mormon» til norsk. Søndag fekk han Heddaprisen for beste scenetekst for innsatsen.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

I tillegg fekk The Book of Mormon pris for «Årets framsyning» og Preben Hodneland fekk prisen for beste mannlege medspelar for innsatsen som Eldste McKinley.

Regissør Vidar Magnussen er overvelda over å bli sett pris på:

– Det er veldig spesielt. Det er ei framsyning som er sett av mange, så slik sett er det ein suksess. Men det at vi får Heddaprisen i konkurranse med så mange fine stykke, er stort, seier han til NRK.

– Suveren tolking

Ei anna framsyning som har fått mykje merksemd, er det ni timar lange stykket «Engler i Amerika» ved Nationaltheatret om frykta for og AIDS på 1980-talet. Framsyninga var nominert i fire kategoriar, og vann to Heddaprisar.

Hermann Sabado fekk prisen for beste mannlege hovudrolle for tolkinga han gjorde av rolla som Prior Walter.

«Han utmerker seg med ei suveren tolking av ei rolle som stiller store krav til karakterendringar og utvikling. Gjennom fine nyansar og skarpe detaljar blir det skapt både djupne og humoristisk snert», skriv juryen.

«Engler i Amerika»

Hermann Sabado fekk prisen for beste mannlege hovudrolle for tolkinga han gjorde av rolla som Prior Walter i «Engler i Amerika» ved Nationaltheatret.

Foto: Øyvind Eide

Sabado seier det var både krevjande og lærerikt å spele rolla. Det var difor godt å vinne pris.

– Det er fantastisk. Vi spelte den siste framsyninga laurdag kveld. Så dette var ei hyggeleg avslutning på ein veldig fin periode. Det er også litt rart å skulle ta i mot ein pris difor det eg har gjort som skodespelar. For eg gjer ikkje dette aleine. Eg ser det difor som ein pris som går til heile ensemblet.

I tillegg fekk Ågot Sendstad ein pris for beste kvinnelege medspelar for fleire roller i framsyninga.

Heidersprisen

Redaktør av Norsk Shakespearetidsskrift, Therese Bjørneboe, blei heidra med æresprisen til Heddakomiteen søndag. Ho fekk prisen fordi ho gjennom 20 år som redaktør for tidsskriftet har vore med å setje scenekunsten på dagsorden.

«Med ein nesten uforståeleg arbeidskapasitet har ho løfta oss, engasjert oss, fått oss til å samanlikne oss med andre, og ikkje minst oppmoda bransjen til å sjølve reflektere, skrive og intervjue kvarandre», heiter det i grunngjevinga for tildelinga.

Therese Bjørneboe fikk æresprisen under Heddaprisen 2018.

Therese Bjørneboe fekk æresprisen til Heddajuryen for det ho har gjort gjennom 20 år som redaktør for Norsk Shakespearetidsskrift.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Kulturstrøm

  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP