Hopp til innhold

Odin frå Rådebank kastar loss i musikal om livet på havet

Mange knyter Odin Waage til svidd gummi og rånekultur i serien Rådebank. Nå går han nye vegar, i rolla som førstereisgut på kvalfangstskute i musikalen «Havet».

Odin waage, Havet

FRÅ VOLVO TIL SKUTE: Odin Waage er klar for å kombinere song og skodespel i den nye rolla si.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

FRÅ VOLVO TIL SKUTE: Odin Waage er klar for å kombinere song og skodespel i den nye rolla si.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

– Det blir eit litt anna fartøy denne gongen.

Skodespelaren Odin Waage, også kjent som Glenn-Tore frå Rådebank, byter Volvoen med ei skute.

– Det er jo litt sånn det er med skodespel, at ein kan dykke inn i mange ulike roller.

I sommar er han nemleg aktuell i musikalen «Havet».

Odin waage

Waage debuterte som skodespelar i ein alder av 12 år i filmen «Saman». I tillegg til hans premierte hovudrolle i «Rådebank», vil mange kjenne han frå «Halvbroren», «Wisting» og «Julestjerna».

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

Les også Knut Arne vart «kleskongen» i Bø da verkstaden fekk plass i serien Rådebank

T-skjortesalget går så det suser

Sorg, glede og ung kjærleik

Handlinga i musikalen er sett til Sandefjord i 1959 og handlar om sjøfart, sjøfolk og familiane deira.

Produsenten og dama bak ideen er Dorina Eldøy-Iversen.

Det var hennar eigen familiebakgrunn som førte til framsyninga.

– Eg hadde ein ide om å skrive om opphavet mitt, eg er barnebarn av ein gammal kvalfangar og er fascinert av historia om sjøfart.

Dorina Marie Iversen

Dorina Marie Iversen har skrive musikalen. Ho er også produsent for stykket.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

Sorg, glede og ung kjærleik er nokre av temaa som blir utforska i stykket, fortel Eldøy-Iversen.

– Publikum vil få eit ekstrakt av sjøfartshistoria, og dens konsekvensar for dei som blei sende ut altfor tidleg, fortel, ho og legg til:

– Vi skal også ta tak i kvinnehistoria, det var jo dei som var igjen og heldt hjula i gang.

D/S Forlandet, Sandefjord

Musikalen som har premiere til sommaren er sett til Sandefjord i året 1959.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

Klar for nye utfordringar

Waage speler rolla som «Olav», ein storebror som har vore på havet sidan han var fjorten.

– Olav er ein fyr som har blitt send ut på sjøen tidleg og som har sett og opplevd ein del ting, fortel Waage.

Odin Våge spiller i Havet.

Waage fortel at han ikkje har noko særleg forhold til kvalfangst, men er spent på å tre inn i den nye karakteren «Olav».

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

Sjølv om kontrastane mellom Rådebank og Havet er store, er ikkje Waage bekymra for utfordringa med ei ny rolle i heilt nye omgivnader.

– Eg må sette meg inn i rolla og den karakteren eg skal spele, og kva det inneber, men eg trur det blir veldig bra.

Og songstemma feilar det heller ingenting ifølge Waage.

– Eg har sunge og skrive låtar dei siste ti åra, så det blir spennande å sette det saman med skodespel.

Premieren er 29. juni på Harmoni arena i Sandefjord.

Les også Åpningen av Nerdrum-museet: – Bildene mine skal være offentlige

Odd Nerdrum på sitt atelier på gården sin i Stavern.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark

Seriekobla campingvogner

Seriekoblede campingvogner på ferga mellom Horten og Moss: – Er som et vogntog