Meldt av Elin Lindberg
- «The Book of Mormon», Det Norske Teatret
- Omsetjing: Are Kalvø
- Regissør: Vidar Magnussen
- Med: Frank Kjosås, Kristoffer Olsen, Anette Amelia Hoff Larsen, Preben Hodneland, Marvin Amoroso, Markus Bailey, Niklas Gundersen m.fl.
Det er skaparane av tv-serien South Park, Trey Parker og Matt Stone, som står bak denne megasuksessen. De har samarbeida med Robert Lopez, som blant anna står bak musikken til filmen «Frost». Musikalen hadde urpremiere på Broadway i 2011 og er den mest omtala, prisløna og populære musikalen det siste tiåret.
Vi møter to unge mormonar, Eldste Kevin Price (Frank Kjosås) og Eldste Arnold Cunningham (Kristoffer Olsen), som blir sende som misjonærar til landsbygda i Uganda. Her møter dei folk som overhovudet ikkje er interesserte i religionen deira, men er opptekne av AIDS, svelt og av at dei er undertrykte av lokale krigsherrar.
Grovkorna satire
Mormonarkyrkja får gjennomgå. I Noreg er det 4000-5000 medlemmar av Jesu Kristi Kyrkje av siste dagars heilage, men i USA er det ein nokså stor religion. I musikalen blir mormonarreligionen endevendt.
Vi får mormonarhistoria presentert på ein slags flanellograf. Ei forteljing om jødar som drog over havet og etablerte eit samfunn i USA før dei døydde ut etter å ha plassert et par gullplater inngravert med tekst på et gamalt egyptisk språk i ei kiste under ein stein. Grunnleggaren Joseph Smith finn platene og med eit par magiske briller omsett han teksten til det som blir Mormons bok. Heilt makelaust.
Ytringsfridom
Trass i at musikalen kjem med krass kritikk av religion, var Helga Haugland Byfuglien, preses i Den norske kyrkje, på premieren. Knut Olav Åmås, direktør i Fritt Ord, var òg der. Det kan vi kanskje ta som ei understreking av ytringsfridomen vi hevdar å ha her i landet.
Mormonarkyrkja skal absolutt ha honnør for måten dei møter denne satiren over religionen deira på. Både i den norske utgåva av programmet til framsyninga og i den engelske, har dei på trykk annonsar der smilande mormonar seier: «Du har sett forestillingen … nå bør du lese boken» og «boken er alltid betre». Dei møter kritikken med sjølvironi og humor. Vi har diverre groteske døme på det motsette. Satire over religion i avisa Charlie Hebdo enda med at 13 blei drepne og 11 såra.
Dryge karikaturar
Alle dei involverte får gjennomgå i denne framsyninga. Mormonar, unggutar, homsar, homofobe, afrikanarar. Karikaturane er så svarte, beiske og syrlege at dei knapt er til å svelgje somme stader. Det er kanskje nettopp difor denne musikalen, i den søtlege innpakninga si, fungerer godt.
Vi ler – kanskje spesielt av ordspela – til dømes når Eldste Cunningham konsekvent tiltalar den unge, vakre jenta i Uganda med den vanskelege namnet Nabulungi for andre ting som: «Niagara», «Nairobi», «Nutrilett», «Navarsete» og «Nugatti». Referansane til populærkultur som «Star Wars» og «Ringenes Herre» er festlege. Og vi kjenner at det riv og at latter er vanskeleg når dei dryge historiene om misbruk og vald blir ironisert over.
Alt i alt
Vidar Magnussen har sin debut som regissør – oppgåva har han greidd fint. Are Kalvø har omsett, det er utmerka, sjølv om somme av replikkane verkar litt vanskelege for skodespelarane å presentere, men det er kanskje ikkje Kalvø sin feil.
Hovudrolleinnehavarane Olsen og Kjosås er eit supert radarpar i beste komedietradisjon – ein tradisjon som rommar Asterix og Obelix, Helan og Halvan, mellom anna. Kvifor Det Norske Teatret bruker hausten til ei oppsetjing som ein like gjerne kunne sett i London eller New York i staden for å satse på ei eiga nyskrive oppsetjing eller ein eigen nyskriven produksjon, kan ein jo spørje seg om. Men heile ensemblet kjem godt ifrå dette.
Musikalen blir uansett ein hyllest til den menneskelege evna til å skape sine eigne historier. Det blir ein hyllest til fantasien.