Hopp til innhold

Gir ut debutromanen på eige forlag

I oktober braut Forlaget Oktober samarbeidet med debutforfattar Per Marius Weidner-Olsen. No tar han debutromanen sin i eigne hender.

Per Marius Weidner-Olsen

FORLEGGAR: Per Marius Weidner-Olsen blir no forleggar for si eiga bok.

Foto: Vegard Unger Ellefsen / NRK

Sjeldan har ein debutroman skapt så mykje debatt som romanen Jeg hadde en oppvekst nesten som min egen.

Tidleg i oktober fortalde NRK at Per Marius Weidner-Olsen sitt dåverande forlag braut samarbeidet med han. Dei valde å ikkje trykka nye eksemplar av debutromanen, som blei rosa i skyene då han kom.

No har han starta forlaget November som han skal gi ut boka på. Han fortel til NRK at han meiner romanen fortener eit vidare liv, og at nye lesarar fortener å få tilgang til han.

– Eg har skrive ein roman om min eigen oppvekst, og er stolt over resultatet, prisnominasjonane og dei fantastiske kritikkane. At romanen berre skulle enda opp som eit samleobjekt var ein guffen tanke.

Indie-trend

Leiar Eystein Hanssen i forfattarforbundet fortel at Weidner-Olsen er ein av mange forfattarar som går inn for å vera såkalla «indie-forfattarar». Han seier at det er ein aukande trend at forfattarar tar bøkene sine i eigne hender.

– Slik eg opplever det, er det eit bevisst val om å eiga rettane sine sjølv, og handtera den kommersielle biten på eiga hand. Ofte er årsaka til dei som gir ut sjølv at dei ikkje er fornøgde med forlaget sitt. Det er jo ikkje så veldig forskjellig frå situasjonen med Weidner-Olsen.

Likevel er historia til Weidner-Olsen heilt spesiell, ifølge Hanssen.

– Oktober er eit veldig profilert forlag. Det er snakk om eit litterært sett svært interessant verk som passar inn i Oktober-profilen, då er det spesielt at han ikkje får fortsetja hos dei.

Weidner-Olsen gir ut boka i samarbeid med Boldbooks, ei teneste for uavhengige forfattarar som gir ut bøker på eige forlag. Han fortel at han er veldig fornøgd med kompetansen og måten dei har støtta han på.

– Dei har også ein koordinatorfunksjon som eg synest høyrer heime i forleggeriet også, at éin person følger debutanten gjennom heile prosessen. Dei viste, som meg, vilje og evne til å få ut boka raskt. Dei har gitt meg ein rabatt, noko som gjorde det mogeleg for meg å satsa på dette.

Ein del av finansieringa for utgivinga går også frå eiga lomme, seier han.

– Eg har tapt ein del salsinntekter og håpar å tena noko av det inn igjen ved å utnytta momentumet som boka har.

– Etter Oktober kjem November

Norli fortel at interessa for boka har vore stor i kjølvatnet av medieomtalane.

– Me er i praksis heilt utseld for boka. Det kan finnast nokre heilt få eksemplar igjen i mindre enkeltbutikkar. Men det har vore mange kundar som dessverre ikkje har fått tak i boka, seier salssjef Steinar Storløkken i Norli AS.

Det nye opplaget er på 1500 eksemplar, og boka skal etter planen vera å finna i butikkane 7. desember.

Namnevalet på forlaget hans, November, er eit fleirtydeleg svar på kva som kjem etter oktober, fortel han.

– Forlaget mitt blei starta i november, og namnet gav seg sjølv.

Er namnet eit spark til Forlaget Oktober?

– Om det er eit spark, er eg sikker på at Oktober tar det med stil og godt humør. Eg opplevde sjølv at eg blei kasta under bussen, så eit spark tilbake går sikkert bra. Dei er svært sikre i den dramatiske avgjerda si om å avslutta samarbeidet, og ønsker sikkert berre boka alt godt, seier han.

Håpar på utanlandssal

Som NRK tidlegare har skrive, mista Weidner-Olsen også mogelege utanlandssal av boka si. No håpar han den nye utgivinga kan gi han høve til å satsa også i utlandet.

– Eg både trur og ventar at eit utanlandsagentur no tar kontakt, gitt at romanen er ein av dei mest kritikarroste debutane i dei seinare år, at han er Bragenominert, og ikkje minst at han har skapt dei debattane han har her heime. I tillegg til den planglagte spissa lanseringa på bokmessa i Frankfurt, som altså gjekk i vasken.

Kulturstrøm

  • «Motståndaren» blir svensk Oscar-kandidat

    Filmen om en bekymret, iransk bryter er Sveriges Oscar-kandidat.

    – Det er litt uvirkelig, sier regissør av «Motståndaren», Milad Alami til TT om at den svenske Oscar-komiteen valgte hans film foran blant annet Lukas Moodysons «Tilsammans 99».

    Allerede er hans film valgt ut som svensk kandidat til Nordisk råds filmpris, som deles ut i oktober.

Flere kulturnyheter