Hopp til innhold

Stoppar nye opplag av kritikarrost roman – forfattar opplyste ikkje om straffedom

Debutromanen til Per Marius Weidner-Olsen blei rosa opp i skyene. Etter utgivinga kom det fram at han er tidlegare straffedømt. No stoppar Forlaget Oktober alle vidare opplag fordi han ikkje opplyste om dommen.

Per Marius Weidner-Olsen

DEBUT: Denne romanen såg ut til å bli starten på ein stjernekarriere for debutforfattaren. No bryt forlaget samarbeidet med han.

Foto: NRK

– Me opplever dette som eit alvorleg tillitsbrot, seier forlagssjef Ingeri Engelstad i Forlaget Oktober. Forlaget opplyser at dei aldri har vore i ein slik situasjon før.

I juli i år gav forlaget ut den kritikarroste romanen «Jeg hadde en oppvekst nesten som min egen». Her skildrar forfattar Per Marius Weidner-Olsen oppveksten til ein gut som mellom anna blir utsett for seksuelle overgrep.

Weidner-Olsen blei i 2003 dømd for å «ha skaffet seg seksuell omgang ved misbruk av stilling eller tillitsforhold», som det heiter i dommen. Han blei dømt til 120 dagar fengsel, 30 av dei utan vilkår, og til å betale fornærma 30.000 kroner i oppreisingserstatning.

Forlaget Oktober visste ikkje om dommen før dei gav ut boka. Dei ser han som vesentleg informasjon og vil ikkje trykka nye opplag dersom boka blir utseld. I tillegg bryt dei samarbeidet med forfattaren.

Ingeri Engelstad

– Me opplever dette som eit alvorleg tillitsbrot, seier forlagssjef Ingeri Engelstad i Forlaget Oktober.

Foto: NRK

– Me vil ikkje setja i gang nye marknadsføringstiltak, som å promotera han i sosiale medium. Dette er ein veldig vanskeleg situasjon, og det har ikkje vore eit lett val å ta, seier Engelstad.

Forlaget blei gjort merksame på bakgrunnen til forfattaren i samband med at fornærma i dommen frå 2003 reagerte på romanen. Vedkommande opplever at romanen kan tolkast i eit anna lys når ein kjenner til dommen.

Meiner dommen er irrelevant

Den ferske forfattaren kom tilsynelatande ut av inkje og tok bokmeldarar og lesarar med storm. Fleire av dei største avisene i landet har rosa debutromanen hans opp i skyene. Dagbladet gav han terningkast seks og kalla verket «stor fortellerkunst og en imponerende debut!»

Romanen blir omtalt som ei oppvekstskildring, der hovudpersonen veks opp i Bærum på 70-talet. Oppveksten er mellom anna prega av seksuelle overgrep, steling, utanforskap og spørsmål om skyld og skam.

Weidner-Olsen fortel at romanen er ei skildring av hans eigen oppvekst.

Per Marius Weidner-Olsen

TOPPKARAKTER: Forfattar Per Marius Weidner-Olsen skora toppkarakterar hos bokmeldarar med debutromanen sin.

Foto: NRK

I lys av mellom anna dette meiner han at det var irrelevant å opplysa forlaget om dommen.

– Om eg hadde opplyst forlaget om dommen ville det ha ført til at personar som ikkje blir omtalt i romanen presumptivt likevel blir trekt inn. Den etiske avveginga vog tyngre for meg enn omsynet til forlaget sitt behov for eller rett til informasjon. Eg meinte uansett informasjonen var irrelevant her sidan romanen ikkje tar for seg dommen, aktørar eller hendingar i dommen, seier Weidner-Olsen.

Kvifor vel du å fortelja om dette offentleg?

– Eg står fram fordi eg meiner at handteringa til forlaget er prinsipielt og etisk feil, og fordi eg treng å fortelja kva romanen handlar om og ikkje handlar om.

Engelstad seier tillitsforholdet mellom forfattar og forlag er vesentleg. Ho har også stor forståing for at fornærma i dommen har reagert på romanen. Ho meiner Weidner-Olsen kunne opplyst dei om denne dommen utan at fornærma ville blitt trekt inn.

– Kvifor er dette relevant informasjon? Det er 17 år sidan og han har sona straffa si?

– Denne romanen handlar ikkje om det forholdet han er dømt for, men det har ein overlappande tematikk som gjer at romanen kan lesast i eit heilt anna lys. Det er heilt klart relevant informasjon for oss å få, seier Engelstad.

– Når det er ein overlappande tematikk mellom romanen han har skrive og det han er dømt for, er det viktig og relevant informasjon for oss å få på førehand. Og når han meiner han har gjort dei etiske vurderingane, meiner han jo at han også har gjort dei på vegner av oss. Det er problematisk fordi me står som ansvarleg utgivar for romanen. Me er nøydde til å ta dei etiske vurderingane sjølve, seier Engelstad.

Kva ville de gjort om de hadde visst om dommen på førehand?

– Det blir hypotetisk, men då ville me enten kunna arbeidd annleis med teksten eller tatt ut enkelte parti, informert aktuelle partar, eller valt at me ikkje ville gi ut boka, seier Engelstad.

– Viktig for korleis boka blir lesen

«Bærum har sine skyggesider, østvende skråninger passende for overgrep, det kan være i terrenget ned mot en elv dypt i landskapet, neglisjerte steder med svekket sollys, ikke engang noe særlig søppel finner veien dit, ignorerte felter av urørt og intetsigende natur, ubrukelige steder i fukt og skygge.»

Slik lyder starten av boka. Weidner-Olsen har blitt hylla for fengslande språk og måten han opnar boka på, mellom anna av Aftenposten.

Det er mellom anna desse beskrivingane fornærma i dommen har reagert på. Forfattaren blei for 17 år sidan dømt for å ha skaffa seg seksuell omgang med fornærma ved misbruk av stilling eller tillitsforhold.

– Grunnen til at eg vel å gå ut med dette er fordi eg meiner det er viktig og relevant informasjon for korleis boka vil lesast, seier fornærma til NRK.

– Når forfattaren skriv om Bærums austvende skyggesider passande for overgrep, har han også sjølv søkt slike lommer av skygge for å utføra overgrep.

Weidner-Olsen seier han ikkje kjenner seg igjen i dette.

– Leit at fornærma får negative assosiasjonar

– At fornærma får negative assosiasjonar av å lesa boka synest eg er oppriktig leit, seier Weidner-Olsen.

Hadde du ikkje dommen i tankane i det heile då du skreiv denne romanen?

– Eg hadde ikkje dommen i tankane då eg skreiv denne romanen. Hadde eg hatt det, hadde eg uansett skrive den same oppvekstromanen. Men at boka kan lesast på ein annan måte no, det forstår eg. Det var ingen vurdering som gjaldt for meg undervegs i skrivinga.

– Det som gjer det problematisk er når eg-personen i boka, altså offeret, delvis tar på seg skylda for overgrepa, og ein veit at forfattaren også er tidlegare overgripar. Det veit eg fordi eg var offeret. Forfattaren var læraren min på grunnskulen, og ein person eg hadde stor tillit til. Han har sona dommen sin, likevel blir det heilt feil når ein tidlegare overgripar skal fordela skyld og skam, seier fornærma.

– Skylda til overgripar er absolutt

I romanen utforskar forfattar Weidner-Olsen mellom anna spørsmål rundt offer, skyld og skam. Han har blitt hylla for å vera open og nyansert i refleksjonane sine.

«Jeg forstår ikke, da disse tingene finner sted, at overgrep er en passende beskrivelse og passende ord for det jeg opplever. Jeg forstår, kanskje merkelig nok, at det er et overgrep i en juridisk forstand, at det som skjer ikke er lov, men jeg opplever det ikke som overgrep, jeg opplever det som hendelser bevirket av meg selv. Jeg har ingen forstand å ty til, jeg forstår ikke at skam og en følelse av skyld ofte er forekomster hos dem som ikke har noen skyld i det som har skjedd og det de har opplevd.»

– Fordelinga av skyld og skam får ei heilt anna betyding når ein veit at bak stemma til offeret skjuler det seg også ein tidlegare overgripar, nemleg forfattaren. Han blir rost for evna si til å reflektera, nyansera og sjå begge sider. Det er ei innsikt han har, kanskje nettopp fordi han har hatt begge roller, seier fornærma.

– For at seksuelt misbrukte barn og unge ikkje skal teie, er det viktig kva haldningar me som samfunn har. Det er gjennomgåande i overgrepssaker at feil person skammar seg. Framfor nyanseringar rundt skyldspørsmålet, meiner eg me må vera tydelege på kvar skamma og skylda høyrer heime, nemleg heilt og haldent hos overgriparen, seier fornærma.

Weidner-Olsen seier det ikkje handlar om fordeling av skyld og skam, men først og fremst offeret sin rett til å reflektera over eiga oppleving.

– Den skylda som ligg hos overgripar er absolutt, og ikkje noko eg diskuterer eller problematiserer i boka. Eg var opptatt av offeret i boka og offeret sin tilgang til nyansering av sjølvopplevinga si. Det betyr ikkje at han ikkje er eller ikkje bør sjå seg sjølv som eit offer, seier Weidner-Olsen.

Overlappande tematikk

Engelstad i Forlaget Oktober fortel at dei har stor forståing for at fornærma har reagert på utgivinga.

Ho viser til normalkontrakten for skjønnlitteratur, som mellom anna inneheld krav om lojalitetsplikt og informasjonsplikt:

«Av det gjensidige lojalitets- og tillitsforhold som kontrakten etablerer mellom forfatter og forlag, følger at utnyttelsen av verket skal medføre gjensidig informasjonsplikt og ikke skje i former som kan skade den annen parts utnyttelse av sine rettigheter til verket.»

Weidner-Olsen meiner reaksjonen til forlaget er oppsiktsvekkande sterk, og at det reiser viktige spørsmål rundt stillinga til eit åndsverk.

– Kva forhold skal vera bestemmande for ein roman si utforming og utgiving? Vektinga mellom informasjonsplikt og retten til å ikkje opplysa blir i stor grad varetatt av bestemming av vandelsattest. Og så må ein ta ei avveging frå situasjon til situasjon om ein skal opplysa om ein dom som ein har sona, lagt bak seg og på den måten gjort opp for seg, seier han.

– Forfattarar er sjølvsagt frie til å velja kva dei vil fortelja og ikkje. Men når forfattaren vel å ta opp eit så alvorleg tema som overgrep og tematiserer skyldfordelinga, og utelèt å nemna at han sjølv har ein bakgrunn som overgripar, blir dette heilt feil. Overgrep er svært øydeleggande og angår så mange, derfor kan ikkje denne romanen stå uimotsagt, seier fornærma.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.