Hopp til innhold

Per Marius Weidner-Olsen nominert til Brageprisen: – Veldig stolt

Forlaget Oktober braut samarbeidet med debutforfattaren, og ville ikkje trykka vidare opplag av boka hans. No kan han vinna Brageprisen.

Per Marius Weidner-Olsen
Foto: Vegard Unger Ellefsen / NRK

– Eg er veldig stolt og glad på romanen sine vegner, seier Weidner-Olsen til NRK.

Onsdag fortalde NRK at Per Marius Weidner-Olsen via advokaten sin varsla mogeleg erstatningskrav mot Forlaget Oktober.

– Han går utvilsamt glipp av ein heil del royalty-inntekter no ettersom forlaget ikkje har trykt fleire eksemplar av boka, sa advokat Hans Marius Graasvold om saka.

No kan forfattaren vinna Brageprisen.

– Ei trist og einsam kjensle

Etter einigheit med Forlaget Oktober onsdag, har Weidner-Olsen no overtatt rettane til boka si.

– Frå i går av står eg og romanen utan eit forlag. Det gir ei trist og einsam kjensle, seier Weidner-Olsen.

Han viser til at Oktober ikkje har trykka vidare opplag av boka, og synest det er synd at ho ikkje er tilgjengeleg for eventuelle nye lesarar.

– Eg vil tru konflikten rundt boka og Brageprisnominasjonen aukar ei allereie sterk kjøpslyst, seier han.

Leiar for Bragerådet, Kari Marstein seier til NRK at forlaget Oktober ikkje trekte tilbake Brageprisnominasjonen av Weidner-Olsen si bok etter at konflikten blei gjort kjent.

– Juryen har tatt omsyn til den formelle oppmeldinga til Oktober forlag, og deretter gjort deira vurderingar ut frå dei påmelde, seier Marstein.

Forlaget Oktober stadfestar at dei ikkje lengre er forleggar for forfattaren.

– Dette er sjølvsagt veldig gledeleg for forfattaren. Me gratulerer. Weidner-Olsen forvaltar no rettane sine sjølv, og me er ikkje lengre forleggar for boka, skriv forlagssjef Ingeri Engelstad i ein e-post til NRK.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.