Hopp til innhold

Forlaget braut med forfattar – no varslar han mogeleg erstatningskrav

Per Marius Weidner-Olsen og advokaten hans sender varsel om krav til Forlaget Oktober. Deler av kravet handlar om økonomisk kompensasjon.

Per Marius Weidner-Olsen engasjerer

VARSEL: Advokat Hans Marius Graasvold og forfattar Per Marius Weidner-Olsen har no sendt brev til Forlaget Oktober der dei varslar krav om mellom anna økonomisk erstatning.

Foto: NTB SCANPIX/NRK

– Me har varsla mogeleg krav om erstatning for tapet han har lidd ved at forlaget heva avtalen. Han går utvilsamt glipp av ein heil del royalty-inntekter no ettersom forlaget ikkje har trykt fleire eksemplar av boka, seier advokat Hans Marius Graasvold.

Debutromanen «Jeg hadde en oppvekst nesten som min egen» er no ifølge Graasvold utseld.

I tillegg til økonomisk erstatning, varslar Weidner-Olsen og Graasvold også krav om å få rettane til romanen. I utgangspunktet har Forlaget Oktober rettane ut 2020.

– Dette er ei bok som har blitt veldig godt mottatt, så me vil gjerne at han skal få høve til å gi ut boka så fort som mogeleg igjen, seier Graasvold.

No har dei sendt brev til forlaget i håp om å bli samde gjennom dialog.

Les meir om bakgrunnen for saka her: Stoppar nye opplag av kritikarrost roman – forfattar opplyste ikkje om straffedom

Støttar forlaget

– Me har mottatt eit brev frå Weidner-Olsen via advokaten hans, der han ber om å få tilbake rettane til boka. Det har han allereie fått tilbod om frå oss ved fleire høve. Han vil få svar frå oss på brevet som er sendt. Utover dette kan me ikkje kommentera offentleg den dialogen me har med forfattarane, seier forlagssjef Ingeri Engelstad i Oktober.

Weidner-Olsen blei i 2003 dømd for å ha skaffa seg seksuell omgang ved misbruk av stilling eller tillitsforhold. Dette opplyste han ikkje Forlaget Oktober om før utgivinga.

Oktober har tidlegare uttalt til NRK at dei opplever det som eit alvorleg tillitsbrot.

– Denne romanen handlar ikkje om det forholdet han er dømt for, men det har ein overlappande tematikk som gjer at romanen kan lesast i eit heilt anna lys. Det er heilt klart relevant informasjon for oss å få, sa forlagssjef Ingeri Engelstad i Oktober til NRK tidlegare denne månaden.

Administrerande direktør Heidi Austlid i Forleggerforeningen seier at dei av og til ser dømer på saker knytt til etiske vurderingar som denne. Ho støttar Oktober i det å visa handling.

Heidi Arnesen Austlid

ETISK ANSVAR: Administrerande direktør Heidi Austlid i Forleggerforeningen meiner Oktober har tatt eit etisk ansvar i saka, noko ho støttar dei i.

Foto: Forleggerforeningen

– Det spesielle med denne saka er at den gjensidige informasjonsplikta som både forfattar og forlag har, meiner forlaget at her er brote.

Og då gjer forlaget ei etisk vurdering i etterkant av ei utgiving, som dei kanskje ville ha gjort før utgivinga om dei hadde visst. Eg meiner det er klokt at forlaget gjer nettopp det, seier Austlid.

Mista utanlandssal

Kontrakten til Weidner-Olsen romma også ein agentavtale med Oslo Literary Agency (OLA). Dette kunne ha sikra han sal i utlandet og promotering på bokmessa i Frankfurt.

– Det er også noko som høgst sannsynleg har påført han eit potensielt stort tap. Det synest me er naturleg å ta opp med forlaget, seier Graasvold.

Han fortel at situasjonen er heilt unik i norsk bokbransje. Han har sjølv jobba med feltet i rundt 20 år, og aldri opplevd at eit forlag har sagt opp ein avtale på denne måten før.

Graasvold meiner forlaget ikkje hadde godt nok grunnlag for å heva kontrakten.

– Dei har gitt sin grunn og påpeikar at dei ikkje har hatt høve til å ta den etiske vurderinga sjølv. Kor trygg er du på at dei har heva avtalen utan godt nok grunnlag?

– Dei har påpeika at dei gjerne skulle hatt informasjon om dommen før utgivinga. Det har eg uttalt tidlegare at eg kan forstå, men det er ein lang veg mellom det og til det å kunna heva ein inngått forlagsavtale, seier Graasvold.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.