Hopp til innhold

Faren til Britney Spears ber om å få avslutte verjemålet over dottera

James Spears, faren til popstjerna Britney Spears, ber retten løyse han frå verjemålet over dottera etter 13 år.

James og Britney Spears (kollasje)

TREKKJER SEG: Jamie Spears har gått med på å trekkje seg som verje for dottera Britney Spears.

Foto: AP / NTB

– Som herr Spears fleire gonger har sagt, ønskjer han berre det beste for dotter si, heiter det i dokumentet som er levert til ein domstol i Los Angeles.

Faren meiner at Britney Spears skal få avslutte verjemålet om ho ønskjer det, heiter det vidare.

– Siger for Britney

Den nye advokaten til Britney Spears Mathew Rosengart, på vei ut fra rettsmøte i Los Angeles.

SIGRA: Advokaten til Britney Spears, Mathew Rosengart, på veg ut frå rettsmøtet i sommar.

Foto: Chris Pizzello / AP

Advokat Matthew Rosengart seier at dette er endå ein «juridisk siger for Britney Spears – ein massiv ein».

I midten av august gjekk Jamie Spears med på å trekkje seg som verje for dottera, men det vart ikkje sett nokon dato for når det skulle skje.

Som formyndaren til dottera har James Spears styrt den personlege økonomien til den 39 år gamle dottera og forretningane hennar i 13 år. Etter ein lang kamp for å få hyre sin eigen advokat, støtta av Free Britney-rørsla, gjekk ho i slutten av juli til rettssak for å få fjerna faren som verje og få han erstatta med ein uavhengig rekneskapsførar.

Verjemålet vart etablert i 2008 då Britney Spears byrja å vise teikn til mentale helseproblem etter stort medietrykk med pågåande fotografar som følgde henne døgnet rundt. Ho tapte då også foreldreretten til barna sine.

Superstjernen ble et globalt fenomen. Nå kjemper hun mot sin far i domstolene om kontroll på sitt liv. Samtidig leder fansen #FreeBritney-bevegelsen.

SJÅ DOKUMENTAREN: Superstjerna vart eit globalt fenomen. No kjempar ho mot far sin i domstolane om kontroll på sitt liv. Ho får støtte frå #Freebritney-rørsla.

Det ferske kravet frå faren tilseier at omstenda har endra seg, og at det derfor ikkje lenger er grunnlag for ei slik formyndarordning, melder NBC News.

Faren argumenterer òg for at dottera ikkje treng å gjennomgå ei ny psykologisk vurdering for å få avslutta verjemålet, noko ho sa i retten i sommar at ho nektar å gjere.

LES ÒG: Britney Spears nekter å synge så lenge faren er verge

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.