Hopp til innhold

Paulus frå ny vinkel

I romanen «Teltmakeren» let Atle Næss Paulus kome til syne som eit menneske på godt og vondt. Det gjer han ved å sjå den ihuga brevskrivaren og misjonæren gjennom blikket til ein annan person i samtida.

Atle Næss

Atle Næss' roman «Teltmakeren» er ei historie om korleis tru er ei drivkraft i samfunnet.

Foto: Gyldendal

Tidlegare har Næss skrive romanar om andre historiske personar som lever i brytningstider, slike som tvilaren Tomas og Galileo Galilei.

«Her er eg, den aldrande Paulus, no òg som Kristi Jesu fange, og eg bed deg for barnet mitt som eg har fått her eg sit i lenkjer: Onesimos». Slik står det i det korte brevet Paulus skreiv til Filemon, og stort meir står det ikkje om Onesimos i Bibelen. Tydelegvis er dette ein slave Paulus ser han kan ha nytte av, og som han vil at eigaren Filemon skal setje fri.

Ein tidlegare slave

Teltmakeren
Foto: Gyldendal

Hjå Atle Næss er det Onesimos som får fortelje historia om dei siste åra Paulus forkynte og formante og passa på at ingen rota seg bort frå den rette læra i konglomeratet av religionar og folkegrupper. Onesimos på si side er meir pragmatisk, han meiner det må gå an å balansere mellom romersk keisardyrking og Astarteofringar og jødar og grekarar, men han er på same tid fascinert over det kompromisslause ved prosjektet til den nidkjære og glødande forkynnaren han meir og mindre tilfeldig hamnar i tospann med.

Disputtar og (fromme) maktkampar

Dermed blir dette ein historie med mange lag: Vi får ein fargerik leksjon i dagleg liv i Midt-Austen for 2000 år sidan, vi ser korleis kristendommen vert forma gjennom disputtar og maktkampar, vi får ulike syn på kva ein kan vente seg av gudar og kva dei kan kreve igjen av sin tilhengjarskare, og ikkje minst får vi demonstrert at religionen både kan få folk til å yte dei mest storslåtte offer og føre dei inn i stivbeint prinsipprytteri.

Inspirerande og relevant

«Teltmakeren» er ei historie om korleis tru er ei drivkraft i samfunnet. I romanen «Din nestes eiendom» frå 2009 skreiv Næss om reformasjonen og kapitalismen som i tospann drog i gang ei enorm utvikling i Europa på 1500-talet, med oppdagingsreiser og kolonialisering i kjølvatnet. I år er det altså urkristendommen som blir utforska, det skal rettnok gå nokon hundreår før han blir ein verkeleg maktfaktor men det vart han jo som vi veit.

Eg hadde stor glede av å lese «Din nestes eiendom», ein roman som stod i velkommen kontrast til sjølvgransking og ulykkelege barndommar.

«Teltmakeren» er lagt til ei anna tid, men er på same måte eit inspirerande stykke litteratur om noko heilt anna enn oss sjølv, som likevel tangerer våre eigne dilemma.