NRK Meny
Normal

Der det tilforlatelege møter motstand

Mikkel Bugge gjer noko med novellene sine som sjangeren har godt av.

Mikkel Bugge

Dei siste åra har det dukka opp ei rekkje verkeleg gode novelleforfattarar her til lands. Ein av dei er Mikkel Bugge.

Foto: Holand, Lars Myhren / Holand, Lars Myhren

Eg har sagt det før, og eg seier det igjen: dei siste åra har det dukka opp ei rekkje verkeleg gode novelleforfattarar her til lands. Nokon av dei utforskar den klassiske tradisjonen etter Merethe Lindstrøm eller Kjell Askildsen, andre gjer noko heilt anna.

Mikkel Bugge gjer noko heilt anna. Eller i alle fall noko ganske anna. Det var der allereie i debutsamlinga «Yttersider» i 2007, der han gav stemme så vel til ein baby som til ei gammal kvinne på veg inn i skuggelandet. Eg hugsar begge novellene enno, i alle fall stemninga.

Kva er det så Bugge gjer i novellesamlinga «Tauet»?

Med stil

I ei setning: Han rotar det til for folk. I ein litt lengre versjon: Han rotar det til for folk med stil, ikkje klassisk stil, men med ein rufsete stil som tangerer det ekle, det gåtefulle, det fryktelege og det absurde. Ein velformulert humor, som ikkje sjeldan går ut over forfattarstanden, utartar aldri til det kokette og sjølvopptatte. Ta til dømes forfattaren som har gått over til "den hypotetisk-meditative metoden" som går ut på at han ligg i senga og diktar bak lukka augelok i stadenfor å sitje og slite ved tastaturet. Av og til er det meir gåtefulle fenomen som skjuler seg bak språklege nyskapingar, som "skamnaustet". Slike finst det mange av, gjerne utstyrt med djupsøkk for det vi har kvitta oss med men som likevel held fram med å leve sitt eige liv. Identitetar og realitetar vert rokka ved. Skal Bugge samanliknast med noko, må det vere med Thure Erik Lund.

Spørsmål og spørsmål

Bugge er innom mange ulike miljø og gir ordet til svært ulike personar. Også i form er det stor variasjon, og realismekontrakten han inngår med lesaren på første side, bryt han der det passar. Ein karakter går stadig tilbake til start i eit liv som liknar på eit dataspel av den valdelege sorten, han burde ha vore død mange gonger i løpet av dei få sidene han får lov til å kome til syne på. I eit par noveller må vi forstå det meste gjennom spørsmål som blir stilt, noko som etterlet mange nye spørsmål, hjå lesaren. Dei fleste personane er litt malplasserte eller desorienterte og akkurat det er jo temmeleg vanleg, men dei er det på ein original måte. Dette er ikkje såre, psykologiske portrett av folk som slit, for å seie det sånn.

Store tolkingsrom

Ta for eksempel Bernt Bierman, ein litt grå kulturbyråkrat som før han veit ordet av det er gift med ein berømt svensk kunstnar. Etter to års ekteskap skal ho halde utstilling. Å seie at Bernt blir kledd naken der, er å ta for svakt i, men meir vil eg ikkje røpe. Det eg kan røpe, er at her kastar forfattaren inn spørsmåla om livsnær dikting frå spiss vinkel. Bernt er ein av fleire minneverdige personar i denne boka, som altså sjonglerer med realitetar og identitetar og fiksjonar og løgner på ein rufsete, men likevel elegant maner. Om ein skulle leite etter ein raud tråd gjennom alle variasjonane, så må den liggje nett her: i det ugreie forholdet til realitetar og korleis alternative forklaringar, fortolkingar og "univers" grip inn i historia eller i livet til nokon av personane. Måten det tilforlatelege og det umoglege står side om side på, skaper eit stort tolkingsrom for lesarar å boltre seg i.

Ikkje alt er like bra og like nødvendig. Noko blir for overlessa; den eine gode ideen slår den andre i svime. Av og til går ønsket om å overraske lesaren ut over kvaliteten på forteljinga. Men når ein forfattar byr på opplagt, medrivande originalitet og skaper ettertanke som her, er det bagatellar. «Tauet» er ei flott bok, og ingen greier å gjette kvar tauet har sitt festepunkt, det garanterer eg.

Anmeldelser