Gaarder og dei store spørsmåla

I desse dagar kjem Jostein Gaarder med si sjette vaksenbok. Tittel på den nye romanen er ”Slottet i Pyreneene”, men den handlar verken om slott eller Pyreneeane.

Jostein Gaarder
Foto: RALPH ORLOWSKI / AFP

Romanen er ganske enkelt oppkalt etter eit bilde av René Magritte, som viser eit slott oppe på eit fjell. Det spesielle med bildet er at fjellet heng i lause lufta. Magritte opphevar altså suverent naturlovene, og dermed er vi rett inne i romanens sentrale tematikk, nemleg spørsmålet om det naturlege og det overnaturlege, eller meir presist: Om det finst ein åndeleg dimensjon som er uavhengig av dei kjemiske reaksjonane i hjernen vi kallar tenking og refleksjon.

Ideroman

”Slottet i Pyreneene” er ein ideroman der to personar står for kvart sitt syn på dette. Gaarder har gjort dei to til eit par, som møter kvarandre att etter 30 år, på det hotellet dei budde på då det skar seg. Tilfeldig? Ja, det er dei usamde om. Det var også ulike syn på paranormale og religiøse spørsmål som fekk dei til å skilje lag. Derfor er det ikkje så merkeleg at når dei no 30 år etter bestmmer seg for å ta opp kontakten via e-post, så kjem det til å handle mykje om slike spørsmål. Her ein e-post frå mannen, klimaforskaren Steinn:

”Og jeg spør meg selv: Hva er bevissthet? Hva er hukommelse og ettertanke? Hva er å ”huske” eller ”glemme” noe? Hva er det å sitte sånn og tenke på hva det er å tenke? Og fremfor alt: Er bevissthet en kosmisk tilfeldighet? Skyldes det rene og skjære slumpen at dette universet for øyeblikket har en bevissthet om seg selv og sin egen utvikling? Eller er det tvers gjennom karakteristisk for dette universets natur?”.

Interessant for den interesserte lesar

Det er klart: Når Magritte kan teikne eit fjell som heng i lufta og kome unna med det, så må Gaarder kunne la ein mann som har funne att sine store kjærleik i livet formulere seg slik som dette. Begge deler er om lag like sannsynleg. Så får vi leite etter andre kvalitetar ved romanen enn skildringa av eit elskande par, sjølv om dei begge er samde om at det var den stor kjærleiken dei opplevde for 30 år sidan.

Og då er det nærliggande å gå tilbake til ideane. Det er her det verkeleg skjer ting, i utvekslinga av synspunkt på åndelege spørsmål. Og den e-postdebatten dei to har her, vil sikkert vere interessant for mange, spesielt yngre lesarar. Forfattaren gjev begge e-postskrivarane gode kort på handa, og ein interessert lesar vil bli tvinga til å tenkje gjennom dei store spørsmåla: Finst det ein plan for livet vårt, kva skjer når vi døyr, er mennesket meir enn støv? Men den som meiner at ein roman skal vere noko meir enn eit påskot for å lufte idear, vil ha lite å hente i ”Slottet i Pyreneene”.