Nye, gamle og fornying

Kva kjem til å skje i litteraturen framover? Ein av stadene ein kan leite etter svar på dette, er i den årlege debutantantologien til CappelenDamm ut ein antologi der dei slepper til nye stemmer.

Kilde: Kulturnytt, 25. 06. 2012

Signaler 2012

Årets debutantantologi frå CappelenDamm

Foto: Caappelen Damm

I ”Signaler” får håpefulle forfattarspirer tekstane sine på trykk for første gong. Kanskje også for siste gong, for mange blir det med denne eine teksten, mens for andre markerer dette starten på eit forfattarliv.


Spådomskunst


Før eg gjekk i gang med å lese Signaler, skreiv eg ned to spådommar på ein lapp. Den eine viste seg å vere riktig, den andre var feil. Eg tippa for det første at ingen ville gje seg i kast med utleverande, sjølvbiografiske prosjekt, og det fekk eg rett i. Den nitide granskinga av forfattaren under fullt namn verkar litt utlada i desse dagar. Vidare spådde eg at det absurde og groteske som har gitt seg til kjenne dei aller siste åra ville bli styrka. Eg såg for meg at historiene skulle overskride det tenkjelege og at englar og udøde og vesen frå dataspel og filmar skulle perforere den norske kvardagen i til no ukjente mengder. Ikkje minst trudde eg det etter å ha lese i forordet til redaktøren Kristin Berget at i dei nærmare 300 innsende bidraga fanst tekstar som ”virkelig utforsker litteraturens grenser”.


Trygt innanfor grensene


Eg kan ikkje sjå at nokon av dei 11 debutantane som kom gjennom nålauget er der at dei ”utforsker litteraturens grenser”. Det skal ein ikkje bruke mot dei, det er framleis plass til nye, flotte forfattarar innanfor desse grensene. Men kva gjer dei så, desse 11 utvalte, kva er deira første melding til lesarane?
Dei fleste legg vekt på å skildre lada episodar i eit sansenært språk. Her er jenta som får vere med farfar når han målar bilde, her er den unge mannen som kjem heim etter fem år for å feire farens 60-årsdag, her er jenta som heller vil feriere med mor enn med far, her er eit lokalmiljø som misser ungdommar i ei bilulukke. Debutantane zoomar tett på, og vi fornemmer både lukt og lyd og smak og mellommenneskelege spenningar.


Eldst og mest original


Norske debutantar er gode handverkarar. Ingen av tekstane er dårlege, men det er heller ingen som brakdebuterer i Signaler 2012. Det er ein nyttig ting å bli mint på: dei aller fleste forfattarar treng nokon år og nokon bøker på å nå sitt beste. Talande er det derfor at den aller beste teksten- med god margin- er signert Thure Erik Lund. Han er ein av fire etablerte forfattarar som av uklåre grunnar er med. Kanskje for å selje boka, kva veit eg.
Altså: Ingen geniale, ingen skandaløst dårlege, ingen som utforskar litteraturens grenser. Kva skal vi då med Signaler 2012? Jo, her ser vi kor ting startar. Dette er ikkje berre kunst om livet, her kan ein også studere livet til kunsten i aller første fase, og så kan vi lure på kor desse vil ende. Eg har mine idear, og dei vil eg kome tilbake til som det heiter.

Siste om bøker fra TV og radio

Kulturhusets programleder Siss Vik intervjuer forfatter Gunnar Staalesen, som kommer ut med sin 19. krimroman om etterforskeren Varg Veum. (Sendt 3. august 2016)