Hopp til innhold

Ola N. på tur

Adelheid Seyfarth har levert ein viktig roman om vårt forhold til Afrika, men undergrev si eiga historie med grov karikering av dumme nordmenn.

Adelheid Seyfarth
Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Adelheid Seyfarth: Misjonærene

Adelheid Seyfarth debuterte i 2005 med ein roman der hovudpersonen, Mina, vaks opp med norsk mor og afrikansk fråverande far som ho oppsøkte i Afrika i vaksen alder. I roman nummer to står også forholdet mellom afrikanarar og nordmenn sentralt.

Det er Jack denne gongen. Jack jobbar i ei avis men ikkje som journalist sjølv om han gjerne let folk tru at han er nett det. Han har pause frå dama, og deggar intenst for akvariefiskane sine, dei einaste levande vesena han bryr seg om, ifølgje dama. Men vi veit det ikkje er sant, den unge mannen spionerer nemleg svært aktivt på den mystiske kvinna som bur i etasjen over han.

Stereotypar på økoturistferie

Jack blir altså etablert som ein kar med under middels sosial kompetanse, før han dreg på økoturistferie til Kenya. Resten av gruppa han skal reise med er fargerik på den kvite måten: her er bilhandlar Holmen som insisterer på å kalle alle afrikanarar for svartingar, her er afrikaromantikarar som vil oppdatere seg på primalskrik og masaigange, her er politisk korrekte departementsdamer og vagabondar som nektar å sjå på seg sjølve som turistar. Det alle har felles, er ein påfallande mangel på kunnskap om Afrika.

Til gjengjeld har dei så klare forventningar - eller fordommar- at dei sjeldan forstår kva dei faktisk opplever. Og det kan kanskje vere like bra, for økoturismen er ein stor bløff med masaiar som kler seg ut og dansar for turistane i spesialbygde pittoreske landsbyar.

Forfattaren harsellerer med absolutt alle, og det så grovt at ikkje eingong den sløvaste romanlesar skal vere i tvil om at kvit mann i Afrika er dømt til å framstå som ein tulling. Dessutan at turismen har innslag av folklore og dermed gir eit falskt bilde av kontinentet. Etter at desse to bombene er detonert vert det endå verre, for Jack har nemleg høyrt at dei omskjer jenter i Afrika, og dermed kidnappar han den første og beste ungjenta han finn og stikk av frå heile økoturismen og ut på ein nokså utmattande odyssé for å berge henne frå denne lagnaden.

Karikering som undergrev

Karikeringa av den norske gruppa er med på å undergrave det som etterkvart står fram som eit viktig poeng i romanen, nemleg at spelet mellom tradisjon og utvikling er uhyre komplisert, og at kolonihistoria bør få vestlege aktørar til å vise respekt og atterhald i møtet med afrikansk kultur. Dette poenget får nokon nødvendige nyansar i møtet med Winnie, det vil seie, vi møter henne aldri, men ho blir sentral gjennom omtale og brev.

Winnie gjekk på misjonsskule og fekk utdanne seg til lege i Sverige. Tilbake i Kenya går ho med iver og glød til arbeidet som profesjonell omskjerar av unge kvinner. Og ho forsvarer sin praksis overfor misjonæren som nok hadde sett for seg ei anna karriere for den flinkaste eleven sin.


Trass alt, ein vesentleg roman

Så. Dette er ein roman som rotar seg bort. Karikeringa er nemnt, nemnast må også ei spenningskurve som blir halden oppe av litt for mange usannsynlege samantreff og andre kunstgrep. Legg så til at historiene er utflytande og digresjonane kan verke umotiverte, og konklusjonen mislukka ligg nesten på tunga. Men berre nesten. For denne romanen handlar om viktige saker, og i sine beste parti rokkar den ved store, kompliserte og aktuelle spørsmål.


Dermed kan ikkje romanen Misjonærene berre bli vurdert langs aksen mislukka-vellukka, vi må leggje til aksen vesentleg-uvesentleg. Og der er svaret enklare: Dette er, trass alt, ein vesentleg roman.