Kunsten å leve, livet som kunst

Tomas Espedal tek oss med til Bergen og andre metropolar i «Bergeners», ei bok som er større enn dei 153 teksten er på.

Tomas Espedal

Bokmeldaren skulle gjerne ha lese ein roman der Espedal grov djupare ned i sin forakt for 'det bergenske borgerskap'.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Marta Norheim
Journalist

Tomas Espedal debuterte som forfattar allereie i 1988, men nådde utover den trufaste skaren av fans då han i 2006 gav ut boka «Gå. Eller kunsten å leve et rikt og poetisk liv». Etter det har det dryssa gjeve nominasjonar og prisar og gode ord over bergensaren som etter eige utsagn er ein forfattar som framleis skriv romanar, men som har slutta å dikte. I dei seinare bøkene har hovudpersonen blitt utstyrt med namnet til forfattaren sjølv og slik er det også i «Bergeners», som altså er hans nyaste bidrag til den norske samtidslitteraturen.

Generøs invitasjon

Mange, eg sjølv inkludert, har lært oss å setje pris på desse ca 150 sider lange reisene inn i det espelandske universet, der det ha- og høgstemte vekslar med jordnære episodar og eit vell av observasjonar. Frå det vittige stuper vi direkte ned i det såre og mørke, før vi hamnar på Bergenstoget som i Bergen sikkert heiter Oslotoget, eller ops - der var vi midt inne i ein ballade om Danmarks plass, ein plass som verkeleg kan trenge ein ballade, og så får vi bli med på eit nachspiel som aldri tek slutt.

Aforismer, essays, reiseskildringar, portrett og estetiske program (som han bryt glatt) står side om side eller kanskje like gjerne hulter til bulter. Det er eit sjarmerande rot og ein generøs invitasjon inn i eit kunstprosjekt. Eg vurdere å seie inn i eit kunstnarsinn, men meiner kunstprosjekt er meir presist. Det skal eg kome tilbake til.

Livet som del av kunstprosjektet

Tittelen «Bergeners»" kunne få ein til å tru at vi skal til Bergen, og det skal vi også, men først er det New York og så er det Madrid og heilt mot slutten er det Berlin. Vår bergensar reiser. Fordi han vil sjå andre stader, fordi han treng å flykte frå den høgt elska men nokså krevjande heimbyen, eller frå nokon av folka der. Men ikkje minst reiser han fordi han treng nye kulissar der han kan setje seg sjølv i scene for så å studere kva som skjer. Og dette siste var ikkje ein vondskapsfull replikk. Det espedalske er eit totalprosjekt, der utforskinga av verda og av livet blir gjenstand for refleksjon og deretter omdanna til litteratur så og seie framfor augene på lesaren og det på ein så tilforlateleg måte at ein kan tru at boka er eit vindauge inn mot forfattarens inste indre. Men sidan eit sinn er eit sinn og ein tekst er ein tekst, er det berre å besinne seg og heller slå fast at Espedal greier å gje lesaren ei sterk kjensle av nærver. Det finst ein nerve her som gjer det lett å vere generøs tilbake: Sjølv når teksten bikkar inn i det pretensiøse eller i det private, sjølv der den romantiske kunstnarmyten blir ridd for hardt eller der blir tatt med inn i den grenselause kjærleikssorga ein gong til, sjølv desse utvekstane, som finst i «Bergeners», er lette å bere over med. Det er dei små plettane som må til for at verket ikkje skal vere for perfekt.

Venene og dei andre

I bergensdelen av romanen presenterer Espedal vener og kunstnarkollegaer. Det er såleis Espedals Bergen han vil vise oss, eit bergen av talentfulle bohemar som gjerne festar til klikka 09 dagen etter, mens han bryskt avviser at det kunne kome noko godt ut av å skrive om til dømes borgarskapet: "Det bergenske borgerskap er det kjedeligste og mest uinteressante fenomenet som finnes". Ein annan stad står det å lese at mor og far, trass i eller på grunn av sin proletære bakgrunn, gjorde ein innsats for å få poden plassert i klasse med ungar som kom frå finare strok av byen enn der dei sjølve budde. Slike koplingar gjer at eg gjerne skulle ha lese ein roman der Espedal grov djupare ned i sin forakt for "det bergenske borgerskap".

Apropos Knausgård

Espedal skriv på byen sin og på livet sitt. Men ikkje på Knausgårdmåten, her er det ingen pretensjon om å "skrive alt". Det blir små glimt inn i ulike smau og skriverom. Men Knausgård sjølv får ei gjesterolle i «Bergeners», eller vi kan snakke om ein gjenvisitt: I bok fem av "Min kamp" skriv Knausgård om noko som kanskje var ei valdtekt på ein fest hjå Espedal, og i årets roman gjev Espedal sin versjon av det som hende, utan at saksforholdet blir særleg klarare av den grunn. Det er i det heile ikkje slik at møta med venene til forfattar Espedal gjev så frykteleg mykje til oss som ikkje blei invitert på festen. Saman med venene blir han lett litt intern, det er når han er aleine han verkeleg får vist seg fram på sitt beste.

Det store kunstprosjektet

«Bergeners» føyer seg inn i det store kunstprosjektet til Espedal. Litt lysare enn boka frå i forfjor, litt meir leiken og kanskje litt lettare å gløyme. Men det er absolutt verdt å henge seg på og bli med på turen denne gongen også.

Siste om bøker fra TV og radio

Kulturhusets programleder Siss Vik intervjuer forfatter Gunnar Staalesen, som kommer ut med sin 19. krimroman om etterforskeren Varg Veum. (Sendt 3. august 2016)