Hopp til innhold

Nadine Gordimer slår til igjen

Det er ingen utprega optimisme å spore i desse novellene, men dei ber på ei djup innsikt i menneskesinnet, som gjer mykje å gle seg over.

Nadine Gordimer
Foto: Promo

Tjuvgods og andre noveller
Foto: Gyldendal

Den sør-afrikanske forfattaren Nadine Gordimer er no 85 år gammal, og det er 17 år sidan ho fekk nobelprisen i litteratur. Det har gått nokon år sidan ho skreiv dei novellene som no kjem på norsk også, men det har dei slett ikkje tatt skade av.


Når vanlege menneske opplever det uvanlege

Gordimer interesserer seg for kva som skjer når heilt vanlege menneske opplever noko uvanleg, eller blir sett på prøve på ein eller annan måte. Det er eit godt og slitesterkt opplegg, og med hennar sør-afrikanske bakgrunn, har mange av situasjonane noko med apartheid å gjere. Notida er i dei fleste novellene lagt til tida etter at apartheidregimet blei avskaffa, men fortidas urett kastar skuggar inn i livet på alle nivå.

Som når det kvite, liberale, lesbiske paret må bestemme om dei vil ha kvit eller svart sæddonor - vel dei kvit, fryktar dei at dei kan avle fram ein aggressiv undertrykkar, vel dei svart, kan dei risikere at barnet vil hate dei. Av og til, som her, er hudfarge del av problematikken, mens andre gonger spelar farge inga rolle, som i den råsterke tittelnovella: Tjuvgods. Der trekkjer havet seg tilbake etter eit jordskjelv.



Genial avslutning

Slutten kan vi alle gjette oss til, eit hav som trekkjer seg tilbake kjem igjen med veldig styrke. Likevel er måten Gordimer avsluttar denne knapt fire sider lange historia på rett og slett genial. Å seie meir ville vere å punktere heile sluttpoenget, så då går eg heller til det andre ytterpunktet, nemleg sluttnovella som er på over 80 sider og som representerer den andre høgdepunktet i denne samlinga.

Her fører ein dødfødt gut ordet. Han er ei frittsvevande ånd som tek bustad i kvinner og menn, kvite og svarte til ulike tider, og han ser det heile både frå synsvinkelen til denne- skal ein kalle det vertsorganismen, og frå sin eigen svært frie posisjon.

Under tittelen ”Karma” undersøkjer forfattaren her kor fritt mennesket er når det kjem til stykket: Lagnaden blir forma av det ein sjølv gjer eller unnlet å gjere, men også av fedrenes misgjerningar og av historia som har lagt sine spor både i sjela og i det sosiale utgangspunktet til den vesle svarte guten og den velutdanna kvite middelklasseungdommen.

Ingen utprega optimisme

Det er ingen utprega optimisme å spore i desse historiene, men dei ber på ei djup innsikt i menneskesinnet og når dei i tillegg er skrivne av ein stilist som Gordimer, er det mykje å gle seg over likevel.

Omsett til norsk av Ragnhild Eikli.